1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Nå er finansieringa på plass og bestillinga sendt -
så NÅ BLIR DET BALLBINGE-BYGGING TIL VÅREN !!

images/JUL/Bilder/ballbinge.jpg

Det blir travelt rundt øyrene til rektor Rasin denne våren: scenebygging på eine sida, og nå blir det jammen ballbingebygging på andre sida av rektorkontoret.  Men rektor sjølv smiler bredt (som vanleg) -  og er klar for alt !

Jøsneset Bygdaråd + eit par andre frivillige, har jobba lenge med denne saken, og nå er den endeleg klarert. Det er mykje som skal avklarast i ein slik sak, både av praktisk og formell karakter. Bydarådet har skrive mange søknader for å få finansieringa på plass, noko som har resultert i pengar både i form av tippemidlar, kommunalt tilskot, private gåver og sponsormidlar.

Leiar i Bygdarådet Oddbjørn Fossaa opplyser at ballbingen blir sjåande ut omtrent som på bildet ovanfor, med unntak av at alle vegger blir av tre. Banen skal plasserast der som grusbanen er i dag; altså på vestsida av gymbygget, Jøsneset skule.

Måla på ballbingen blir 16 x 27 m, og dekket inne i banen blir av kunstgras. Oddbjørn opplyser vidare at arbeidet startar opp i mars. Mesteparten av arbeidet blir utført av entreprenørar, men ein del av monteringsarbeidet er dugnadsbasert.

Målet er å opne banen i begynnelsen på mai.


........det betyr at banen blir klar til 17.mai!
Spørs om det ikkje blir ein intens og moro kamp å sjå der då LaughingMe gler oss !

FaceBook
Facebook