1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Som vanleg var det damekveld siste torsdag denne månaden, den 30.10.08. Det uvanlege denne gong var at vi fekk komme til Mikal's laks og Astrid Viga gav oss ei omvisning i fabrikken. Kikker på laksen

Vi måtte jo kle oss etter forskriftene før vi skulle inn i fabrikklokalene, vi syns vi såg rett og slett lekre ut Wink

Dette var svært populært og heile 16 jøsnesdamer og 2 jøsenfjorddamer mobiliserte! Det var så vidt Astrid hadde nok stolar til oss! Men smaksprøvar hadde ho nok av. Vi fekk smake lefse med laks og honning og ei lefse med cognacmarinert laks og sennepssaus. I tillegg hadde ho varmrøykt laks med eple og lime. Svært gode saker! Og vi fekk gode tips til julegåver som vi skal innom for å kjøpe nærare jul, dei hadde fine gåvepakningar med laks og diverse sausar oppi.

Astrid Viga

Mikal's laks starta opp på Skiftun i 2001 og det har sakte men sikkert gått seg til. No har dei ei omsetnad på 9 millionar. Det er ei lita familiebedrift, med to tilsette utanom dei sjølv. I sesongen før jul tek dei inn fleire folk i produksjonen. Dei lagar det kundane bestiller stort sett, men elles er det 4 produkt dei har satsa på: kaldrøykt laks, varmrøykt laks, gravlaks og cognacmarinert laks. Dei kan også levere kveite.

Det er svært nøye med reinhald når det er matproduksjon og Astrid fortalte oss at dei skummar ned og spyler heile maskinane, golv og vegger kvar dag, så tek dei prøvar sjølv og dyrkar i ovn for å sjå om det er blitt reint nok. Dei har jamnleg besøk av mattilsynet , også uanmeldte, og sender inn prøvar også. Dei har nokre store kundar lokalt, som leverer til butikkar i området. Elles er det ein del som vert sendt til utlandet. Interessa for lokalprodusert mat av høg kvalitet har berre auka med åra.

Internettsida til Mikal's laks kan du sjå her. Elles lurte me på når det går an å kjøpe laks i butikken nå, tidlegare var det fredagar, men nå informerte Astrid oss om at butikken er open kvar dag 8-16.00.   

svanhild       påkledd for omvisning

FaceBook
Facebook