1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

KANSKJE DETTE KAN VERE ALTERNATIV TUR FOR GÅGRUPPENE OG TRIMGRUPPA PÅ JØSNESET ?? LETT RUSLETUR - PASSER FOR ALLE - KJEKT Å SJÅ KOSS LIVET PÅ HELGØY ER ! TURLAGET  HÅPAR PÅ GODVÆR OG VARME FRAMOVER SÅ DET KANSKJE BLIR LITT BLOMSTRING ÒG wink

FaceBook

Jøsneset Helselag minner om DAMEKVELD som vanleg - siste onsdag i mnd - altså nå onsdag 26.april kl 19.30 
Det blir uformell drøs rundt strikketøy og en varm kopp kaffe ! Velkommen !!

 

FaceBook

Gapahuken ved Fosstemmen er eit populært turmål, og fasilitetene der er til allmenn bruk. Då er det viktig at alle forlet staden slik dei ønsker å finna den! Det er ikkje kjekt å starta rastepausen med å rydda søppel!

FaceBook

Påske ingen hindring - det blir styrektrening i GYMSALEN som vanleg:  SKJÆR- TORSDAG - kl 19.30.  Me kan ikkje love skulderpress med hest - med mindre Silje tar med fjordingencool - men det blir vanleg styrketrening + pust-og-pes-kondisøkt og goood uttøying - Alt dette gjer godt for mage, knær, rygg, armar.....hjerte og humør wink.  Alle velkomne - fastbuande, hyttefolk, påskegjester !!

FaceBook


Vår alltid like blide og gode JOSÈ ALTAMIRANO held familiekonsert PÅSKEAFTA kl 17.30 - ca 19.00  i gymsalen !! Han får òg med seg elevar frå Kulturskulen - så dette blir bra !!   KR 100,- for vaksne - barn under 16 år gratis !

PS: fleire har sett påskeharen spretta rundt oppå Herefjellet  denne veka, så tru om han ikkje er på veg ned med noko til oss ??
Arr: JØSNESET UNGDOMSLAG

konserten er sponsa av HELGØYSKYSS AS og NESVIK MASKIN v/Leif R. Nesvik ;-)

FaceBook

Bedehusbasar  på Jøsneset bedehus onsdag 12. april 2017 kl. 19.00

Andakt ved  Natalie Bjørkeland - Matsal i kjellaren - Kakeutlodning - Vanleg utlodning

Vi treng som vanleg gevinstar til basaren. Alt blir teke imot med takk.

Vel møtt til alle!  Bedehusstyret

 

FaceBook


Me jobbar med avslutningsfesten for Jøsneset skule som blir 13.juni, og ber om foto og videosnuttar med "mitt skuleminne". Her er to nydelege foto innsendt av Svein Hauge - me vil gjerne ha hjelp med namna på alle dei flotte småskulelevane med dei fantastiske strikkagensrane.Wink

Også på denne tida var kyrne på Bøen gode naboar til skulenSmile....òg her ber me om namn på elevane i den flotte elevflokken, og årstal for bildet: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Me vil gjerne ha foto frå deg òg ! Send oss skulebilder til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

FaceBook

Tidlegare i veka etterlyste med 1995-utgåva av Jøsnesposten, og jammen sann; i ei skuffe i Skifudalen dukka det opp eit eksemplar.  Så nå har me samlinga komplettWink. Me sjekkar nå ut prisar på trykking av ei samleutgåve av alle 33 nummer.

FaceBook

Helsebading fortsetter tre mandager i april 2013 og siste gong blir 22. aprilSmile

Småbarn (under skulealder) med foreldre: kl. 17.30-18.30

Vaksne kl. 18.30-19.30

Pris: kr 30 for vaksne og kr 20,- for born.

Arr: Helselaga i kommunen saman med sanitetsforeningar.

FaceBook

  
Det er ein snau månad igjen til "Jøsnesets vakraste eventyr" nemlig 3NUTSTUREN OG HARDHAUSEN som arrangeres 1.pinsedag. Lurer du på  korleis forholda på nutane er, så får du siste oppdatering her. Siste søndag i april var ein vårdag av ypperste klasse; som skapt for topptur. Her er Gunlanuten (829 m.o.h) med utsikt vestover mot Herefjell. Snøbart på toppen, men fleire fine snøfenner nedover langs stien.

FaceBook

Årsmøte i Jøsneset Ungdomslag lørd 5.mai kl 17.00
Innkalling med saksliste, årsmelding og medlemsgiro er sendt ut i postkassane. Maria Brandal Vikane og Sven Gjil Westersjø står på val. Valnemda har innstilt Dag Rosså og Jon Eiane til nye i styret. Lise Tjeltveit til vara. Joar Rosså,Torstein Rødde og Sigbjørn Nesvik held fram i styret + Roald Jensen som vara.

FaceBook

Kulturseksjonen har laga nytt vårprogram 2012.
Her til venstre ser du eit lite utdrag. Du finn masse meir
spanande på programmet  HER

FaceBook

Sist helg blei det utført eit dualeg dugnadsarbeid på Viglesdalen Turistforeningshytte - alt til glede og nytte for deg som fotturist. Hytta ligg i fantastisk natur, berre to timars gange frå parkeringsplassen på Nes i Årdal. Etter helgas dugnadsinnsats glinsar det i koppar og kar og hytta luktar frisk grønsåpe frå topp til tå. To gutar frå Jøsneset var òg med på dugnaden, saman med to gutar frå Hjelmeland og 9 vaksne.
Hjelmeland Turlag oppmodar deg: ta turen til denne flotte (nypussaWink) plassen !!!

FaceBook

Sjå nettsida www.pulsklubben.no for eit nytt tilbud som Nasjonalforeningen for folkehelsen har presentert.

Pulsklubben er for barn mellom 6 og 12 år. Her kan du registrere den fysiske aktiviteten du gjer, av forskjellig slag t.d skigåing, sykling, hoppe tau, gå tur m.m. Aktiviteten blir rekna om til pulskilometer, og du kan deretter oppnå bronse, sølv og gull "medalje" på sida. Du kan skrive ut diplom for kvar medalje du samlar.

Dette kan vere ein kjekk motivasjon for dei minste til å vere aktive og sjå kor mykje det blir av.

sjå også meir informasjon på www.nasjonalforeningen.no

FaceBook

Som tidlegare nevnt her på nettsida, så er Jøsneset med på bulystprosjektet til kommunen "24/7".  Jøsneset helselag og Jøsneset bygdaråd er med i arbeidsgruppa "Møteplassar i naturen" i lag med Årdal bygdaråd og idrettslag. Det har lenge vore planlagt ekskursjonar for å besøke kvarandre. Denne onsdagen, 18.04.12, så var det Jøsneset som skulle på ekskursjon til Årdal.

Vi fant ein skikkeleg lang benk å prøvesitja undervegs, kunne vore plass til enda fleire her Laughing

 

FaceBook

Kommunen har fått tilsendt nye ferjeruter frå  Statens Vegvesen, og desse skal gjelde frå 1.mai.
Det er ein god del endringar, så vær OBS når du skal ut å reise etter 1.mai.
Ferjerutene finn du HER

FaceBook



Nå er det på tide å pusse støv av turskoa og legge deg i trening til årets styrkeprøve: HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR.

Set av  1.pinsedag, søndag 27 mai !!!

Dette blir 4.gong "løpet" går, og igjen satsar me på strålande turvær, mange spreke deltakarar og god utsikt over fjordar, fjell og himmel frå dei høgaste toppane på Jøsneset.  Komiteen er i arbeid. Meir info følgjer etterkvart. Følg med og legg opp "formtoppen" til 1.pinsedag.

Arr: Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag.

FaceBook



På plakat-tavla på Skiftu-krossen står denne plakaten oppslått:

"Hunde pass kr 12,00. Inkluderer hundar som drar mye.
Vis du vil at eg skal Gå tur med hunden din ring 51 75 18 14. VOF !!!!!!!!"
SmileSmile

Kva prisen blir etter vårens tariffoppgjer er sanneleg ikkje godt å seieWink

FaceBook


Sagnet seier at det ligg ei gryte med gull i enden av regnbuen. I såfall er skiftubøndene rike, for idag var endane på regnbuen å finne på begge sider av SkiftudalenLaughing

FaceBook


Påsken og våren er turtid. Treng du tips om kor turen skal gå?
Prøv Turistforeningens nye tur-"app" UT. Mobilen din tar då utgangspunkt i der du er; og du får turforslag i nærleiken: td. til "Majesteten på Jøsneset" Gunlanuten, eller Bandåsen på Ombo, Skomakarnibbå osv. Vil du ha enda meir lokale turforslag, finn du det her på vår nettside under menypunket TURSTIAR. Her finn du både turstikartet over Jøsneset og skildringar av turane. Kommunen har òg laga turstiforslag; TURGLEDER I HJELMELAND. Her finn du mange fine turforslag i alle bygder i kommunen. Og sist, men ikkje minst; skitur-forslag i Gullingenområdet finn du HER og oppdatert løypeinfo finn du ved å følgje Løypekjøraren på Facebook.
Då er det ikkje anna å gjere enn å putte appelsina i sekken og ønskje GOD TUR !!

FaceBook

Samfunnshus-styret har sendt ut invitasjon til PÅSKEBALL.....

...
FaceBook


Jøsneset Barnehage har igjen fått opp ein flott kunstutstilling i salongane på ferja, til glede for alle påskereisande. Nå er det ikkje berre Ropeidferja som er prega av lokal kunst. Det er fleire ulike teknikkar som er brukt; kolstift, kolasje, vannfargar og oljefargar. I kolstiftteikningane er temaet "sjølvportrett", og her ser me ei fantastisk tolking av detSmile. Elles er temaet "vår" . Sjå fleire smakebitar nedanfor, og elles: ta med deg ein venn, ta deg ein ferjetur og ein kopp kaffe..... og nyt utstillinga!!

FaceBook

Norled seier seg leie for komplikasjonane som oppstod for alle ferjereisande palmefredag, då dei kjørte med redusert kapasitet midt i travlaste påskerushet. Dei kompenserar nå med 250 gratisbilettar som "plaster på såret". Først til mølla-prinsippet!!  Gratisbilettane får du HER

eller les meir....

...
FaceBook

Joda, det var stor ståhei når alle skogens dyr skulle lage fest for Bamsefar i lia.

Det same var tilfellet når alle borna på Jøsneset skule/barnehage og Jøsenfjorden skule/barnehage skulle lage fest for "bamsen sin", nemlig Rasin Rektor.
Rasin blei 60 år lørd 30. aprilWink. Men alle borna og alle lærarkollegaene til Rasin hadde ein stor hemmelegheit på lur alt på fredagen.
I all hemmelegheit bar de stolar og bord og pølser og godsaker ut i vårsola i ballbingen: der laga dei til eit stort festbord til ære for rektoren sin.
Det blei gåveutdeling, opptrinn og fin bursdagssong. Gøy, ikkje sant?

Me føyrer oss inn i rekka av gratulantar: gratla RasinKissKiss

(bildet er henta frå Facebookprofilen hans)

FaceBook


For 4.år på rad arrangeres den populære Idrettskulen.....ei kjekk veke etter skuleslutt med kun fysisk aktiviet, leik, moro, godt lag og god mat for 3-7. klassingar i heile kommunen. Anne Hjorteland frå Skiftun er nok ein gong med i leiargruppa, og ho minner om påmelding 10.mai. Les plakaten HER.

Bildet er frå ein kjekk vannleik på idrettskulen i fjor.

FaceBook

Ein tipsar har rapportert at i frå palmehelga til 2. påskedag, så var det 118 besøk på Håvehammar, og 81 besøk på Brynå! Det vil seie at folk har nytta påska til å gå mykje tur, og det er me glade for. Håvehammar og Brynå er dei mest populære turpostane på Jøsneset og går du tur der ein sundag, treff du nærast garantert på andre turgåarar.

Flott utsikt kan du og få på turLaughing

FaceBook

Revygjengen ga publikum gode opplevingar Påskeaften i gymsalen. Dei er etterkvart blitt ein dreven gjeng med gode idèar og rare påfunn. Her er de tydeligvis blitt inspirert av både det lokale damekoret "KorLøye" og slageren "We are the world". Ein artig kombinasjon, og med stor innleving tok koristane salen med stormKiss

FaceBook

Måndag 02. mai kl 13.00 til ca 14.30 vert det laga til hjertemarsj på Jøsneset for å markere hjerteveka til nasjonalforeningen for folkehelse. Vi vil møtast på skuleplassen og går ei hjertemarsj rundt nullen. Det blir premiering og gratis frukt/vatn til alle når dei kjem tilbake. Helselaget samarbeider med skule, barnehage og eldretreff om arrangementet, og i år håpar vi at ungane kan invitere med seg besteforeldre eller andre som kan ha høve til å gå marsjen. Det er åpent for alle! Det blir sal av hjartelodd for dei som vil støtte forskning på hjarte og karsjukdommar. Dei kostar kr 30,-.

Sjå meir informasjon på linken til nasjonalforeningen her.

Vel møtt!

Helsing helselaget

FaceBook

 

Frå Edvard Vigesdal i Nesvik har me fått oversendt desse koselege påskebilda.

Her er det kos med eit nyfødt lamKiss,og.....

 

...
FaceBook


To forestillingar med revyen "KorNøye?" slo an blandt publikum. Det var god stemning og trampeklapp når siste nummer ebba ut klokka ni lørdagskveld. 

FaceBook

Elevane på storskulen på Jøsneset er i rute med produksjon av årets høgdepunkt: JØSNESPOSTEN. Arbeidet var godt i gong før påske, og etter den fantastiske påskeferien dei har hatt, er sikkert skrivelysten enda høgare enn før.

FaceBook

Påskeaften blir det sal av deilige thairettar på skuleplassen Jøsneset frå kl 16.30 - ca 22.00.
Siranees Upawong Viken er kjendt Ryfylke rundt for sine gode thairettar; og Påskeafta kan du gjere det lettvindt for deg sjølv. Kjøp deg ferdig thaimat til Påske-aften-kos!!

 

FaceBook

Helselaget si turbok er igjen på plass i kassen på Norda Høgaste på Herefjellet - etter at den "gamle" blei tatt ned for eit par veker sidan: våt og ødelagd. Så nå er det berre å ta turen - så får du bli med på Helselaget sin topptur-konkurranse.

FaceBook

Boka på Norda Høgaste er for tida tatt ned, pga ho var kliss våt og øydelagt. Det er kjøpt inn ny, og den vil bli lagt opp, men eg har ikkje planar om tur opp der før etter påske ein gang. Dersom du har tenkt deg opp i påska, ver venleg å ta med deg den nye boka opp Cool Boka ligg på Åsland hjå Jorunn, tlf 99638803.

På veg opp til norda høgaste, flott utsikt mot Erfjord.

FaceBook

GOD PÅSKE !!
SEND OSS DINE PÅSKEBILDER !!


FaceBook


For 10 år sidan hadde me framleis butikken på Skiftun, og TV VEST fann "over-disk"-butikken så eksotisk at dei laga eit fjernsynsinnslag om den.  Her får du eit gjensyn med både Kornelius, Tordis og Elsa bak disken og kunder på handel.

FaceBook

Cesilie på MIXn Nauste på Nesvik lokkar med ferske brød og utvida opningstider i PåskenKiss

FaceBook

SKIFTUN FISKEMOTTAK STARTAR FISKE-UTSAL PÅ MOTTAKET SKIFTUN KAISmile

FaceBook


PÅSKEREVY !! FEST OG DANS MED GIL SILVERBIRD !! DEILIGE THAI -RETTAR !!!

PÅSKEAFTÅ PÅ JØSNESET 2011 !!!!
Framleis ledige plasser: ring Sven 928 62 410 eller Maria 977 55 322

FaceBook

KorLøye er eit ørlite, amatør-lokalkor med damer frå Jøsneset og Jøsenfjorden. Og koret er på "adle bauar".  Iallefall har de i vinter vore å høyre både på Bygdekvinnekveld på Spinneriet, Bygdefest på Jøsneset, og nå stiller dei altså på songkveld på Bedehuskapellet i JøsenfjordenKiss

FaceBook



Partilistene til kommunevalet er nå offentleggjort, og det er 8 partier som stiller lister til haustens kommuneval. Alle parti, bortsett frå Kystpartiet, har Jøsnesbuar på sine lister.

FaceBook

Sidan "siste nytt" sakene forsvinn nedover etter kvart som nye artiklar vert lagt til, kan du heller sjå i menyen til venstre under "lag/organisasjonar" og vel "helselaget". Der er det nå lagt ut opplysningar om konto og datoar for Aerobic for dei dette gjeld.

Mvh Helselaget

FaceBook

FaceBook

Stolt far (oksen til høgre) på tur med sine små.. Eilef Foss har tatt desse bileta av vårteikn på Åsland.

 

Svartfjes

Hereford

FaceBook



Slik såg du ut frå terassen i Ingjesdalen ei morgenstund for ikkje så lenge sidan. Når skyene kjem ned i fjorden på besøk, då blir det MAGISK.
Det gjeld om å fange øyeblikket - og det gjorde Cesilie Wåland virkeleg denne flotte morgonen. Blinkskudd !

FaceBook

Endeleg er dei her !!
Dei optimistiske krokusane! Dei strekk kronblada sine høgt til værs i Solbygda i desse dagar !
Laurdag 02 april slo til med deilig vårvær og årets høgaste temperaturar - 14 pluss...
...Me korrigerar: heile 18 pluss blei det målt på Jøsneset denne dagenKiss

FaceBook

Den kommunale vegen til Ingjesdal er under oppgradering, og ein må rekne med ca 1 mnd anleggsarbeid. Ingjesdalvegen går altså frå Paul Olav Skiftun utover langs sjøen til snuplassen ved Magne Langvik.

FaceBook

 

Mikal Laks AS feirar nå 10-års-jubileum på Jøsneset, og inviterte like godt heile bygda, Jøsenfjordbygda, hyttefolk og slekt/venner og på jubileumsfest. Regnet sila ned, men folk strøymde likevel til grillovnane i partyteltet.

FaceBook

 

Tirsdag 27 april hadde Jøsneset besøk av den prisbelønna, svenske journalisten Tom Juslin  med sitt viktige og aktuelle fotoforedrag "KLIMAREISEN". Juslin har reist Norge rundt på 60 ulike stader med dette foredraget, og kvelden på Jøsneset var ein av dei siste.

Kun 10 stk møtte opp her i bygda, men skulda for det låge frammøte må me nok gi det fine vårværet: april er ei travel tid på mange måtar !!  Men for all del: me slo frammøtet på Sand kvelden før !! Kjekkt at òg skuleelevar dykka opp.

For Juslin ga oss eit interessant og dagsaktuelt fotoforedrag. Han tok oss med på reisa innom alle dei nordiske land og viste korleis klimaendringane påverkar både landskap, vegetasjon, dyreliv og kvardagslivet for folk flest.

Juslin sitt hovudbudskap er at kvar enkelt av oss kan bidra med eit meir miljøvennleg levesett, og på den måten vere med å bremse dei menneskeskapte klimapåverknadane.

Arr: Folkeakademiet i Hjelmeland, i samarbeid med Kulturkontoret og Ungdomslaget.

 

 

FaceBook

  Arthur Westersjø slo på stortromma laurdag 24.04 og inviterte like godt HEILE BYGDA på 90-årsfest !!

FaceBook

Statens Vegvesen sender i desse dagar ut nye ferjeruter som skal gjelde frå 01.mai.
Rutene finn du HER.

I vinter var det eit relativt stort engasjement kring ferjerutene; og både kommunen og bygdaråd sendte uttale til forslaget. Ein av merknadane frå lokalmiljøet her inne var at det var alt for lang tid mellom avgangane midt på dagen, dvs  1 1/2 time mellom kvar avgang er for lenge på eit riksvegsamband.

I den nye ruta har Statens Vegvesen likevel gjort tvert om; og forlenga tida mellom avgangen midt på dagen; så nå vil altså stamvegen her vere stengt i 1 time og 45 min midt på dagen (dvs 12.30 frå Hjelmeland. Neste: 14.15) !

Statens Vegvesen skriv i sitt oversendingsbrev: "

I arbeidet med å godkjenne ein ny ruteplan for sambandet har Statens vegvesen prøvd å ta omsyn til innkomne merknader frå kommunane samt å tilpasse rutene noko betre til nye ruter i sambandet Stavanger – Tau frå 1. januar 2010. I dette arbeidet har det ikkje vore mogeleg å imøtekome alle ønskjer då dei til tider ikkje er praktisk mogeleg å gjennomføre,  eller kostnader med tiltak ligg utafor dei økonomiske rammer vi har til rådvelde.

Det er òg kutta ut ein avgang på kveldstid; 19.45 frå Hjelmeland; det betyr 1 time mellom avgangane midt i den travlnaste tida for fritidsaktivitetar for barn/ungeSurprised

Eit døme: har du eit barn som går på ein times trening eller musikkundervisning som startar 18.30 på Hjelmeland, så må du ta ferja 17.30 frå Nesvik for å rekke det (for 18-ferja går via Ombo, og då kjem du akkurat for seint). Etter at fritidsaktiveteten er slutt 19.30, så må du vente til 20.15 for å kome deg heim. Vips har du brukt: over 3 timar på ein liten fritidsaktivitet !!

Ein positiv ting er jo at siste avgang er blitt seinare: 00.30 frå Hjelmeland og 00:45 frå Nesvik; så nå kan me "rangla" om ikkje annaCool.

Me tippar at ferjeruter blir eit gjentakande tema både for folk flest, for bygdaråda og for kommunen i åra framover ......med mindre me får oss Jøsenfast i ein fei !!

FaceBook

 

 


Vi inviterer alle fastbuande og ferierande på Jøsneset og i Jøsenfjorden til
10års jubileumsfest:  Fredag 30. april, Kl 17:00-20:00

FaceBook

 Jøsneset Ungdomslag vil med dette takke for pengegåver som me har mottatt  - sjølv nå eit år etter  "kronerullinga" for sceneutstyr, har me mottatt pengegåve. Dette syns me er imponerande !! Og det stimulerar til vidare frivillig arbeid for trivsel i bygda.

Me skal sørge for at det ikkje "gror spindelvev" på bidraga ; me syns det er kjekkt å skape noko, så me er innstilt på å bidra til fleire fellestiltak og arrangementer i framtida.


Takk òg til alle som stilde "mannsterkt" opp på påskefest/revy. Òg det ga eit fint overskot, som igjen vil kome bygda til gode ein dagKiss.

Elles mottok kr 5000 i kulturtilskot frå kommunen nå i mars - så takk òg der.

Totalt sett betyr dette at me "er på veg opp att" økonomisk, etter dei store utgiftene ila siste året.


....og ps:
me syns det er knallkjekkt viss du blir medlem: kun kr 100 pr år.
Kontonr  3353 22 24646, hugs å oppgi namnet ditt.

Styret i Ungdomslaget er nå som følgjer:

- Anne Hjorteland, leiar
- Ola Skiftun, nestleiar,
- Sven Westersjø, kasserar
- Svanhild H Gbada, sekretær
- Maria Brandal, styremedlem.

Ta gjerne kontakt på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. om du har tips/idèar til arrangmenter el.a.

 

FaceBook

josneset.no har fått melding om at den eine sinkbøtta som står i Kalvargarden ved Fosstemmen er forsvunne. Denne blei kjøpt inn først og fremst for å vere "brannpøs" (det står det òg på den) . Det blei leita rundt i terrenget for å finne den, uten hell. Har du sett den? eller kanskje lånt den?  så vennligst sett den tilbake i gapahukenWinkthanks.

FaceBook

Suldalsposten hadde fin omtale av "Så va det Hjort"-revyen. LES HER.
Det stod litt meir i papirutgåva, så den får du skaffe deg.

Strandbuen hadde òg rosande omtale av revyen, men kun i papirutgåva. Så då får du beint ut skaffe deg den òg Kiss

FaceBook

Folk har vore svært flittige til å bruke turpostane på Jøsneset i påsken. Kanskje folk var lei av snø, og heller valde å gå tur i terrenget som endeleg var blitt snøfrittSmile Helselaget har fått tips om at Håvehammar hadde 122 besøk frå palmelørdag til 2. påskedag!

Vidare har Brynå hatt 100 besøk i løpet av påsken! Dette er kjempebra, og vil seie at folk er flittige med turgåing med alle helsegevinstar det har!

Utsikt over Foss frå Gaukjen

Det er nok desse to postane som er mest besøkt i løpet av året også. Dersom du lurer på kvar postane er, kan du sjå kart og beskriving av turane under "Turstiar" til venstre i menyen.

Andre merka løyper med postkasse og turbok er: Fosstemmen, Nesdalsfjell, Tausanibbå, Gunlanuten, Valafjell og Røssenibben. (Norda Høgaste vil få postkasse og turbok ca i mai).

FaceBook

 

Gymsalen var fylt til randen av folk Påskeafta då Ungdomslaget og Revygjengen inviterte til REVY, FEST OG DANS. Det blei to forestillingar med tilsaman 250 besøkande; og me holdt det gåande i 9 timar til endes. Ikkje værst, folkens !!

FaceBook

Eg ser dokke trenge påskabilde, så då sende eg inn et av meg; ordføraren i HjelmelandTongue out. Ja, for det blei jo mykje Jøsneset på meg denne påsken......

...
FaceBook

 Eg, Unhild Udladal va òg på Jøsneset påskeaftå. Ja, eg treiv sykkelen å trødde udigjønå i håb om å få napp udøve kvellen, men trur du det bar te??

FaceBook

TUTTELITEIIII !!! - je ser dere etterlyser påskebilder her på denne deilige nettsiden. Her kommer jeg; EpleMaria fra Eeegenes som er på aftensshow der inne i den deilige solbygden.Kiss

FaceBook

Som før nemnd vil me sporadisk prøve å leggje ut litt stoff frå VONA - Ungdomslaget si "lagsavis" frå 1903-1957. I VONA finn me masse artig lokalstoff, ein god del fantasi og oppspinn, men òg sanne stubbar frå Jøsnes-kvardagen oppover åra. Ikkje minst finn me mange ulike skildringar av det å vere ungdom. Her kjem eit vart og rørande døme på det siste, altså frå 1950:

VARME ORD 

Nei, ho kunne ikkje gløyma han Bjødne ein kveld
Då han fylgte frå krossen og heim
Ho kjenner mest endå kor hjarta det slår
Som den kvelden ho kjende det slo
Helst når dei på låvebrui stod 

Ho Olida går rundt i svima og svive
Og hugsa dei deilige ord
Han tok henne fast om livet
Å så kom det fort
som det galt få det gjort
”Eg tenkjer berre på deg
Du er alt for meg på jord” 

Så tagde dei beggje ei heile stond
Ho kjende seg varme og løyen
Burte på Tuftene gjødde ein hund
Og månen kom opp der i sør
Og allting var som før 

Kvelden var varme og lune
Klokka var litt over ni
Så stod dei der ute på trappå
Ja stod der ei heile tid 

Opp med døra der låg der ei fjøl
På den stod dei å trakk og trødde
Han Bjødne plystra så smått for seg sjølv
Kvar tenkte på sitt
Og var glade 

Til slutt måtte han gje seg
Og koma på, att nå var det tida å gå
Så var det han sa det opp atte då
Det så Olida går å tenkje på
Dei herlege kittlande orda
”Eg tenkjer berre på deg
Du er alt for meg på jord” 

                                   Navnelaus, februar, 1950

 

 

Bjødne og Olida er oppdikta namn, men at personane og situasjonen har funne stad, er nokså truleg. Versa fortel ein heil del om at det ikkje alltid er mengda ord som er avgjerande, men å finne dei rette. An Bjødne traff spiker`n !

Og om det blei dei to?  Tja, det får me berre gå å undra oss på - nå 60 år etterWink.

 

FaceBook

Tradisjonen tru blir det "Jøsnesposten" i år òg - storskuleelevane er i full sving med skriving og intervjuer. images/JUL/postens.jpg
Dei vil lite røpe om kva stoff det blir å finne i år, dei er noko hemmelegheitsfulle enda. Men den populære smånytt-spalta mååå berre komme !  Det ryktes òg om kriminal-stoffSurprised- hm, blir vel skummelt ?? Og så tippar me det blir intervju av diverse Jøsnesbuar........og sikkert mykje anna aktuelt og spanande Jøsnes-stoff.

Me gledar oss !
Avisa plar vere i sal ca midten av mai -
då kjem skulebarna på huset -
så stå parat til å kjøpe !!
Meir info kjem!

FaceBook

Vi legger her ut invitasjon til hjertemøte som blir avholdt hvert år på universitetssjukehuset i Stavanger. Dette er møter som er blitt svært populære, og det er stadig fleire som finner vegen dit.

Helselaget

Det er ikkje dei heilt store endringane i forhold til dagens, så enda må ein rekne med "Omboturar" .
Men  "pendlaravgangen" frå Hjelmeland 15.45 er behalden; dvs innspela frå fleire av pendlarane er tekne til følgje.

Ferjrutene ser du HER og dei skal altså begynne å gjelde først frå 1.mai.

FaceBook

HJELMELAND TURLAG ARRANGERER FAMILIETUR TIL FOSS-STEMMEN og KALVAGAREN

SØNDAG 26 APRIL ca KL 10.30 FRÅ FOSS.
NATURSTI PÅ VEG OPP.
images/JUL/Bilder/gapa1s.jpg                      

TURLAGET SKRIV:

"Turen går fra Foss på Jøsneset og opp langs en traktorvei til Fosstemmen.
Her slår vi oss ned i Gapahuken. Ta gjerne med grillmat. Turansvarleg: Rune Spilde
(98029680). Frammøte: Foss på Jøsneset. Ferje fra Hjelmeland kl 9.45 via Ombo. Pris: Voksen 50/80, fam 100/150.  
Arr: Hjelmeland Turlag”

 ---------

GENERELL INFO OM KALVAGAREN:
Dette bygget er eit særprega og vakkert lite fellesbygg som ligg ved Fosstemmen. Bygd av frivillige dugnadshender - kun med formål å glede deg som turgåar !! Her kan du sitte både ute og inne, og brenne bål og fiske. Kok deg kaffe på kjelen, eller grill deg middag på bålpanna.  Nyt naturen , høyr fuglane, studèr maurens ferd over brua .....eller  kanskje ta deg eit bad i "dusjen" under  natursteinsdemningen ?


images/JUL/Bilder/gapa2s.jpg             images/JUL/Bilder/gapa3s.jpg

Nyt plassen  - og ver snill å rydd og ta med søppel etter deg - så held me plassen like fin for framtida !

PS: hugs grillkull.

GOD TUR !

Laurdag 18.04 var det hektisk dugnadjobbing i bygda........
images/JUL/Bilder/dugnad1s.jpg


......både høgt og lågt !

FaceBook
Bygdaposten melder at det store tyske entreprenør-selskapet Deutsche Asphalt er interessert i å undersøkje steinkvaliteten i området rundt Høgafjell og Morkjå. Deutsche Asphalt har engasjert Norges Geologiske Undersøkingar til å sjekke ut om steinen i området er av rett kvalitet for eit mogleg pukk-uttak. Dei tek sikte på grunnundersøking og prøvetaking alt nå i april! Les meir om saken i BYGDAPOSTEN.
FaceBook

I løpet av påskeveka var det over 100 besøkande på Håvehammar !! Cool
Så nå har det vore over 200 stk her totalt ila året.

Brynå hadde òg godt besøk i påsken, og ligg ca 20 stk framfor Håvehammar i totalt tal besøkande ....Brynå er altså den mest populære turposten hittil !!

Ved Kalvagaren og Foss-stemmmen har det òg vore folksomt i påsken - nærare 40 stk berre på Langfredag !

Gunlanuten blei òg "bestegen" - trass i raskt smeltande snø så var det nokre sjeler som sikk-sakka seg opp på ski.
Totalt har det vore snautt 30 der ila året.

Kanskje du har oversikt frå andre turpostar - send inn "rapport" !

FaceBook

Påskeafta blei det eit par koselege timar med Ungdomslags-mimring
images/JUL/Bilder/turs.jpg
Foto Jostein Westersjø

FaceBook

Vinnaren påskebilde-trekninga blei 
SIRI HJORTELAND frå Tasta !
images/JUL/Bilder/paske3s.jpg
Eit villsaulam er født -
hæh? med solbriller på ???

FaceBook

Lørdag 04.04 blei Herefjellet svidd av. 8-10 stk var med og sette fyr. Det var litt trekk frå sør-vest, så dei sette fyr frampå og det brant seg bakover. Alt var under kontroll heile tida og det tok ikkje av. Nokre stader var det litt vanskeleg å få det til å brenne. Sist gong kunne ein sjå flammane heil til Stavanger og det brant godt ut på kvelden. Slik var det ikkje denne gong, men det var nok fleire som såg røyken. Røyken for mot Erfjord, me får ikkje håpe dei fekk heile den fine dagen ødelagt med røykelukt. Det gjer godt å få svi av litt lyng og kratt av og til slik at det blir lettare å gå der oppe.

Herefjellet

FaceBook

Det blir nå "sommarferie" for volleyball-treninga.
Ein liten gjeng har trena relativt jamnt utover vinteren og våren, men nå er kveldane så lyse og fine at me avsluttar treninga for sesongen.

I april blei det avvikla ein veldig kjekk volleyballkveld saman med lag frå Ombo og Randøy. Jøsneset mot Ombo i volleyballturneringaSjølv om kampane var relativt jamne, så er det synd og seie at Jøsneset tapte dei fleste kampane. Tongue out Men sosialt og moro var det likevel.

Jøsneskalvane får bruke sommaren til å samle energi, og reknar med å starte opp att trimmen til hausten igjen.

Nå er det snart tid for årets ryddedag.

Møt opp på skuleplassen Tirsdag 6. mai klokka 17.30.

Der delar me oss i grupper og tar bygda for oss.

 

Etterpå blir det tid for pølser, brus og ein kopp kaffi.

Alle er velkomne!

BLI MED OG GJER BYGDA VÅR FIN TIL 17.MAI!Cool 

 

Arr. Bygdarådet

 

Jøsnesbygda er nå påmeldt med eigen stand til
Frukt-og Laksefestival i Hjelmelandsvågen laurd 6 sept ??Lam og solsikke

Her kan me få marknadsført bygda på ein kjekk måte og lokale produsentar får seld sine produkt. Og det er allereie ein del som har vist si interesse - så dette kan bli bra !

Me kallar inn alle interesserte til FELLES MØTE 22. MAI, kl 19.30 i Trivselstova!

Har du ein idè, har du lyst å bli med og/eller har du eit produkt å selje?
Møt opp så får me diskutere organisering og opplegg. Laga i bygda er med å sponse stand-avgifta. Og Mikal Laks vil ha sin stand saman med Jøsnes-bygda.

Jøsneset Helselag/Jøsneset Bygdaråd/Jøsneset Ungdomslag.

FaceBook

"Eldretreffen" har hatt koselege samlingar med middag, kaffe og drøs i Trivselstova kvar 14 dag heile vinteren. Nå er det pause for sommaren, og dette markerer dei med ein felles tur i lag. Turen er organisert i privatbilar og går først til "Ryfylkebyen" Jørpeland. Her blir det sett av tid til handling, ein tur på kafè eller det folk måtte ønske.
Deretter går turen vidare til Lysefjordsenteret. Der er det bestilt middag, dessert og kaffe. Det blir god tid til å nyte både middagen og det flotte landskapet rundt senteret. 

Det er hyggeleg om enda fleire har lyst å bli med:

gi ev beskjed til Olga Hjorteland 51751947 el 47601962, så blir det sørga for mat til alle !

Me har fått etterspurnad etter fleire Jøsnes-t-skjorter (av same typen som blei delt ut/solgt på Påskefesten).

Difor har me nå fått inn eit parti til,  som er KLAR FOR SALG PÅ NAUSTE PÅ NESVIK !

Så hiv deg på ei Jøsnes-skjorta: eit sprekt og anvendeleg plagg som passar både til heiaturen, tur på Nesvik-stranda, Syden-turen eller til lange, fine sommarkveldar på fjorden ! Løp og kjøp - naboen blir garantert misunnlig Smile

Sjå bilde/skildring av t-skjorta her.

T-skjortene er i friske fargar, og har ei enkel, lita sol framme på eine sida.
På baksida står teksten:

"TA TUREN TIL SOLSIÅ...www.josneset.no "

etterfulgt av ein spretten og sprek liten Jøsnes-kalv.  Jøsnes-t-skjorta

Kjekkt jo fleire som vil sprade rundt med t-skjortene, for det blir fin reklame for nettsida vår !

Du får t-skjortene i følgjande fargar og storleikar:

Barn: kornblå m/oransje trykk, str 110/120 og 130/140 PRIS KR 90,-
Vaksne:
turkis m/oransje trykk, str small, medium, large, Xl, XXL, PRIS KR 120,-

Kan altså kjøpast på MIXn NAUSTE på Nesvik.
Åpningstider man-lør 10.00 - 19.30 og søn 10.00 - 20.00.

 

 

FaceBook

Onsdag 23 april var siste gongen med Barneklubb for denne sesongen.  Annakvar onsdag har Ungdomslaget i vinter hatt "Klubb" for alle barna i bygda. Her har me drive på med allslags frå bollebaking og toving, til fuglekassesnekring og filmframvisning.  Eigentleg skulle sesongen avlsuttast med å henge opp fuglekassane i skogen. Men ettersom alle fekk med seg kassane heim kvar til seg sist gong, så blei det grilling og kos i Skiftun-stranda i staden.  Og dette klaffa akkurat på ein av dei finaste aprildagane. 60 pølser glei ned i høgt tempo - og deretter var det full fart med flyndrejakt i bekken, leik i sanden og første forsmak på "badelivet" - brrrr !  Det blei ein del våte sokkar og bukser av det til slutt, ja !

Det blei ei koseleg ettermiddagsstund - og spørsmålet er om me kanskje burde flytte jonsok-feiringa til april i staden ? - då er det iallefall sjanse for SOL !Cool

 Me takkar alle barna for godt samarbeid gjennom alle vinterens klubb-kveldar, og håpar på nye samlingar til hausten !

Arr: Jøsneset Ungdomslag.

  Leik i sanden - april08   Grilling i Skiftu-stranda   Flyndrejakt i bekken

FaceBook

Nå er den store granskogen rundt Fosså-krossen i ferd med å forsvinne, og landskapet opnar seg opp.
 
Det var den store stormen i januar som førte til at store delar av granskogen her blei øydelagd, og store tre låg hulter til bulter som eit "pinnaspel". Men nå er oppryddingsjobben i full sving. Store skogsmaskinar frå skogsentreprenørane Hovda får jobben unna i høgt tempo, og dermed endrar landskapet seg fort - og tømmerhaugane veks for kvar dag. 

På venste side av vegen ned mot Fosså låg det som mange av barna kalla "Eventyrskogen"; eit lite felt med store, mørke grantre og mjuk skogsbotn. No er "Eventyrskogen" borte, men til gjengjeld opnar daldraget seg opp - med fin utsikt nedover mot Fosså og mot fjorden.  Skogarbeidet pågår like ved Fylkesvegen, så det er lett å legge merke til. Men ta det varsamt - det er store maskinar i arbeid.

Landskapet nedover mot Fosså opnar seg opp.  Store maskinar og tømmerhaugar ved Fossåkrossen  Utsikft frå Fossvegen, ned mot Fosså

FaceBook

Songteksten "Det e kje greitt å vera foggel i dag", blir i desse dagar gjort til skamme på Jøsneset. For nå skal det bli riktig så greitt å vere fugl i tida framover!Ein god gjeng bygg-mestrar!

Onsdag i denne veka var det nemlig hektisk byggeaktivitet blandt barna i bygda -  for det var fuglekassebygging som stod på Ungdomslaget sitt barneklubb-program denne kvelden.

I løpet av eit par korte timar blei det snekra og banka relativt intenst ute på skuleplassen. Litt innvikla for dei minste å få bitane til å passe på rett plass, og spikrane til å treffe rett inn i treverket. Men alle jobba bra, og resultatet til slutt blei heile 21 kassar - til ære for både stær og meis !Hektisk byggeaktivitet

Ei varm takk går til ENKEL Bygg og Butikk, som utan meirkostnader både kappa opp alle bitane og leverte de på ferjekaien! Som ei takk for god service blei òg den 22. fuglekassen bygd - og den skal ENKEL få  til sine fuglar !

Alle dei 21 byggmestrane i alderen 4 -13 år fekk med seg sine byggverk heim - og me håpar at kassane er hengt opp, for fuglane er i full aktivitet.

 

Litt samarbeid må til for å få det til å klaffe!    Her gjeld det om å treffe spikeren og ikkje fingeren.  Enkelte snekrar hadde ikkje tid til å sjå opp ein gong

FaceBook

Onsdag 09.04 hadde elevane på Jøsneset skule ein både travel, interessant og variert skuledag.Steinalderliv


Først på dagen fekk dei besøk av to flinke fagfolk innan arkeologi og geologi: i dag skulle elevane lære om korleis menneska hadde det i steinalderen. Det heile gjekk føre seg ute i skogen bak skulen. Her fekk elevane ein kjekk dag med masse steinalder-aktivitetar i praksis: dei lærte korleis dei laga pengepungar, korleis dei fyrte opp bål, om ulike samarbeidsteknikkar for jakt og masse anna. Elevane fekk òg prøve seg med pil-og bueskyting - noko som var svært populært. Les meir om denne kjekke aktivitetsdagen i regi av Den Kulturelle Skulesekken på Jøsneset skule si eiga heimeside her.

Seinare på dagen fekk elevane på skulen besøk av sjølvaste ordførar Bjørn Laugaland. Barna hadde førebudd seg på spørsmål om både det eine og det andre; og var mellom anna opptekne av datasystemet på skulen, om fritidsaktivitetar og om Jøsneset skule si framtid. Ordføraren tok seg god tid, og svarte barna skikkeleg på det de lurte på. Barna syns det var ein kjekkt møte, og det håpar me ordføraren òg tykte.

steinalderliv    Steinalderliv   Her syr de pengepung av skinn

Steinalderliv    Her prøver de å få fyr på bål    Sjå dei fine pengepungane me har laga !

FaceBook

Dei to siste tirsdags-treningane for vaksne (15.04 og 29.04) går ut.

MEN:

I stadan for blir det trening kvar onsdag kl 20.00 framover våren.  Stad: Gymsalen. Det blir nok mest volleyballspeling. Dette er ein sosial sport som alle kan bli med på. Det trengs eigentleg 6 på kvart lag, og ofte er me for få. Så det er kjempekjekkt om fleire møter opp !!

Facebook