1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


Damekveldar her i bygda er kanskje ikkje som andre damekveldar - Her går spøt og skiltmaking om ein aen - Medan 2-3 stk fresa skilt i sløydsalen (med tilhøyrande bråk og fresestøv) , blei namna på skilta malte i Trivselstova - og då passa det godt å kombinere det med Helselaget sin damekveld ;-) litt sosialt og litt nyttig

FaceBook

Bygdarådet inviterer til ny skiltmakar-kveld - bli med å produser desse fine lokale stadnamnskilta.  SLØYDSALEN ONSDAG kl 19.30:

Sjå HER kor kjekt det var i fjor.

FaceBook

FaceBook

På Jøsneset er det allereie lange tradisjonar for å ha turpostar med bøker i som folk skriv namnet sitt i når de går på tur - Dette er eit opplegg som Jøsneset Helselag har drifta i mange år, og som er ein flott stimulans til å oppsøke turmål og halde seg i aktivitet. På årsmøtet blei det trekt ut vinnarar frå kvar av dei 9 turpostbøkene:

NB: VInnarar som enda ikkje har mottatt gåvekortet, får dette ved å ta kontakt med Berit S Hjorteland 950 50 427

FaceBook


Tysdag 7.mars hadde Jøsneset Helselag årsmøte i god tradisjonell stil: basar, trekning i turbøkene, helserelatert innlegg og vanlege årsmøtesaker. Ganske godt frammøte: 24 stk derav 1 mann (!) og 3 barn - så ja; Helselagsarbeid er framleis kvinnedominert !!  Cesilie Wåland held fram som leiar, og har nå med seg Anne Lise Rosså, Ellinor Mæland, Jarle Langvik og Eldbjørg Bjørnsen som faste styremedlemmer, medan Svanhild Hjorteland Gbada og Eli Fosstveit som aktive varamedlemmer.   Jarle  er såleis eit positiv innslag frå herresiden - er det eit teikn på at trenden vil snu?

FaceBook

Årsmelding 2015
for Jøsneset bedehus

 

 

Styret har hatt eitt styremøte.

Påskebasaren vart halden onsdag 1. april. Sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen skulle halda andakt, men måtte melda avbod i siste liten på grunn av sjukdom. Frammøtet var godt, og det økonomiske overskotet likeeins. Påskebasaren skaffar framleis mest inntekter til huset. I tillegg får vi ein del i leigeinntekter i form av utleige av salen til kyrkjeleg bruk ved gravferder og kjellaren til minnestund samt utleige av stolar og bord.

Det er dette året montert eit nytt utelys og kjøpt ny varmeomn til kjøkkenet.

Det har vore ei gravferd i huset dette året. Huset har vore brukt til basar og til fleire kristelege møte.

Reingjering av huset vert gjort på dugnad av folk i styret.

Styret har hatt denne samansetjinga:
Trygve Brandal (IM)  Leiar
Kornelius Nesvik (NMS)  Nestleiar
Richard Jensen (NMS)  Kasserar
Johanne Bog  (IM)  Sekretær
Gjerd Skiftun  (IM)
Tordis Nesvik  (NMS)

Birger Jørmeland, Hjelmeland er revisor.

 

 


25.1. 2016. 

Trygve Brandal
styreleiar

FaceBook

Full aktivitet i Kogekjellå òg denne laurdagen: 7 stk kasta seg uti ! Dette var 20.laurdag på rad ....så eit slags lite jubileum på sjølvaste kvinnedagenWink. Elva var stor og straumen strid etter dei store nedbørsmengdane og flaumen  dagen før; friskt og kjølig. Aktiviteten held fram; laurdagar kl 16.

FaceBook

Sist helg, lørdag 24.03.12, ble det prøvd å svi på Herefjellet. Men resultatet var ikkje heilt vellukka..

 

FaceBook

Siste damekvelden i vår var torsdag 29. mars. Det blei ein kreativ kveld med sju ivrige damer som laga påskepynt.

 

FaceBook

Tirsdag 27 mars var det innsamling til KIRKENS NØDHJELPs Fasteaksjon 2012. Helga Havnerås var med å samla inn og koordinerte arbeidet. Ho fortel at det kom inn heile 5 100,- frå runden rundt i bygda, noko som er 200 kr meir enn i fjor - og det til trass i det var mange de ikkje fant heime i år. Men ho fortel at dei de traff var blide og positive til innsamlinga, og ho takkar for alle bidrag. Ho fortel at pengane går til konkrete prosjekt, les meir om dette HER.
Dei som ikkje var heime fekk ein lapp på døra, og det er framleis sjanse til å gi; sjå HER.

FaceBook

Kommunestyret har møte onsdag 28.mars kl 17.00, der mellom anna skulestruktursaka blir behandla, samt nedlegging av Jøsenfjorden skule og samlokalisering med Jøsneset skule. Følg kommunestyret på nett, så får du med deg kva representantane seier i dei ulike sakene. Gå til kommunestyret HER.

FaceBook

MIXn åpner ikkje før kl 14.00 på tirsdag 27.03.  pga straumstansen som er varsla på Skiftun frå 09.30 - 14.00. Åpningstider i Påsken blir frå 10.00 til 21.00 kvar dag.
MVH Cesilie

FaceBook


Her blir det mykje lått og løye, utlodning av fine gevinstar, dans og gourmetmat.
Les plakaten HER. Ungdomslaget ber frivillige melde seg for ein times "vakt" og "ryddehjelp"
Ta kontakt med Maria 977 55 322

FaceBook



På det store, årlege landbruksmøtet i kommunen er det to bønder frå Jøsneset som er utfordra til å fortelje om sine bruk:
Silje Sværen som i 2010 fekk landbrukets heiderspris i Rogaland: satsar økologisk på mjølk og villsau. Sven Gjil Westersjø som vil fortelje om si storsatsing på sau.
Hjelmeland Samfunnshus tysdag 27 mars 19.30. Møt opp !!
Både bønder og andre interersserte er velkomne, sjå plakaten HER.

FaceBook

Det skal arrangerast temamøte om demens på Årdal omsorgssenter den 19.04.12 kl. 18.30.

Sjå lappen her.

FaceBook

Det er rapportert om desse besøkstala i dag på turpostane på Jøsneshalvøya:

(Foto: Svanhild Hjorteland Gbada)

 

Tausanibben: 18

Norda Høgaste: 7

Gunlanuten: 5

Røssenibben: 2

Valafjell: 2

Fosstemmen: (huska ikkje)

Håvehammar: 179

Nesdalsfjell: 102

Brynå: 45

Hilsen ein som hadde full pott i dag (59 poeng) Smile

FaceBook


Jøsneset Helselag, Nasjonalforeningen for folkehelse, iviterte bygdefolket til jubileumsfeiring og årsmøte sist veke.  Det blei ordførarbesøk, fylkesleiarbesøk, nydeleg tapas, knakande gode fløtekaker, blomsterdryss og sjølvsagt "god,gammeldags" basar med god inntekt og spaning rundt gevinstutdelinga. Her er nokon  avtroppande, nokon gjenværande og nokon påtroppande styremedlemmer i det kvinnesterke helselaget. Ingeborg Westersjø gjekk av som leiar, og ga stafettpinnen vidare til Svanhild Hjorteland.

FaceBook



Depp ikkje lengre over at Sandvolleyen i Byn er historie. Skiftudal Open bestårWink
Les den ferskt ankomne pressemeldinga frå OJ Event i Copacabana HER

FaceBook

Denne vinteren har det vore mykje debatt om skulestukturen i kommunen. I neste møte i Oppvekstutvalet skal det tas stilling til to skulesaker som får betydning for Jøsneset. Det blir lagt opp til at Jøsenfjorden skule blir nedlagd, og at elevane i Jøsenfjorden skal flyttast over til Jøsneset skule. Les oppvekstsakene hos Hjelmeland kommune.

FaceBook

Årsmøtet til Nasjonalforeningen Jøsneset helselag tysdag 13. mars kl. 18.30 i gymsalen. Som de sikkert har sett, er hovudgevinsten på årets basar sponsa av Aksel Hansson, ein flott Aksel gyngestol.

No har vi også fått inn fleire premiar, bl.a vil det bli trekt to gåvekort frå SpaHotell Velvære på Hjelmeland. SmileSmile

Som de skjønar, er det berre å møte opp for å sikre seg lodd i år.

Sjå også artikkel lenger nede på framsida her "Trine kjem - kjem du?"

Innkallinga til årsmøtet finn du her.

FaceBook

Mandag 19. mars 19.30 Høiland Gard.
"Eg bur i Hjelmeland - naturlegvis!" er temaet, med undertema: kva som skal til for å skapa bu-lyst og bli-lyst?
Invitasjon til samling finn du her Smile

FaceBook

Det føreligg nå forslag til nye ferjeruter frå Statens Vegvesen.  Har du synspunkt?? Send din uttale via kommunen på epost til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller kontakt Bygdarådet.

Dagens ruter finn du HER.
Forslag til nye finn du HER.

Det er ein del endringar, så følg med. NB NB veldig kort frist: 12.mars !!

FaceBook
FaceBook

På Bygdarådet sitt årsmøte 28. februar stilte påtroppande banksjef i Hjelmeland sparebank, Susanna Poulsen, opp med ein sjekk på kr 20 000,- som skal brukast til ny oppvaskmaskin i Trivselsstova. Susanna fortalde at banken ,på grunn av gode resultat, no kunne legga 2 nye millionar i gåvefondet sitt. Tiltak som kjem barn og ungdom til gode er prioriterte når pengane skal delast ut, og den nye banksjefen har fått eit godt inntrykk av Jøsneset på dette området.

 

"Primus motor" for Jøsneset.no, Svanhild H. Gbada, blei hedra med ein blom for det flotte arbeidet ho gjer med å halda sida levande og oppdatert. Ho oppmoda samstundes folk om å tipsa om små og store hendingar som kan vera av interesse for Jøsnes-sida sine lesarar.

FaceBook

På skuddårsdagen 29 februar 2012 hang tåka tett over bygda og fjorden, også på Foss, noko som ga fine stemningar.

FaceBook

Anleggsarbeidet langsmed kommunal veg ned mot Skiftun kai er sett i gong igjen etter at frostperioden er over. Det vil bli gravd langs heile traseen mellom skulen/Skiftukrossen og ned til Skiftun kai. Vegen vil bli stengd i kortare periodar !!

Det er kommunalt vatn som skal førast fram + at det blir gravd ned straumkabel.  Samstundes vil det blir utført oppgradering av sjølve vegen, slik at telehiva/humpane blir utbetra.

FaceBook

Hjelmeland Turlag er klar med TURPROGRAMMET FOR 2012.

Hjelmeland Turlag er lokallag under Stavanger Turistforening, som i år har 125-årsjubileum.

FaceBook

Norled melder at MF Høgsfjord vil gå i sambandet Nesvik-Hjelmeland-Ombo i ca 14 dagar, dvs fram til ca 12 mars.
Passaserjar som vil kontakte ferja i den peridoen bes ringe 915 53 643

FaceBook

Jøsneset Ungdomslag hadde årsmøte laurdag 26.mars. Igjen var det desverre dårleg frammøte - kun 2 stk utanom styretUndecided.
Men årsmøtet blei avhalde, og det blir nå fleire "nye kostar" i styretLaughing.

Joar Rosså, Torstein Rødde, Sigbjørn Nesvik er den mannsterke gjengen som går inn som nye i styret, i tillegg til Sven Westersjø og Maria Brandal som fortset vidare. Ettersom ingen av dei nyvalde kandidatane var på årsmøtet, fann ein det vanskeleg å velje leiar. På årsmøtet blei det derimot vedtatt at styret vel leiar sjølv på første konstituerande styremøte. Dette blir kunngjort seinare.

Når det gjeld JUL sitt bidrag her på josneset.no, så melde Svanhild H Gbada seg frivillig til å fortesetje som JUL sin "nett-arbeidar". Dette blei vedtatt på årsmøtet.

Årsmøtereferatet kan du lese HER.

 

FaceBook

 


Etter månader med gufsent vintervær, slo det endeleg til med glitrande vårsol lørdag 26. mars. Mange ville nok difor heller tilbringe dagen ute då, for oppmøtet på fotokurset hadde nok vore adskillig betre om været hadde vore dårleg. Men Morten Hetland i Hetland Media møtte opp, og han tiltrakk seg (trass i godværet) ein liten "eksklusiv", fotointeressert DAME-gjengKiss

FaceBook

 

  Natt til 27.mars stiller me klokka ein time fram igjen - tjohoo - klar for sommartid og lange kveldarSmile. Har du samstundes lyst til å delta i den verdsomspennande klimakampanjen Earth Hour, så kan du enkelt gjere det ved å sløkkja alle lys i ein time frå 20.30 laurdag 26. mars.

FaceBook

Elevane på Jøsneset skule hadde ein travel dag i dag: dei skulle vere kokkar, vertar og underhalderar for Eldretreffen.  Dette er etterkvart blitt eit årvisst arrangement for skulen, og tru om ikkje dette er like populært både for dei eldre og dei yngre.

FaceBook

Med Bente Tednes Gjil!

Alle som vil være med å trimme er hjertelig velkommen te gymsalen på Jøsneset kl 20.00!

 

FaceBook

Jøsneset Bygdaråd har hatt årsmøte, og du kan no finna årsmøtereferat og info om dei nye medlemane her

FaceBook

  
I fjor var det vafler. Kva diske de opp med i år mon ??  Revygjengen....

...
FaceBook

 

Sist søndag inviterte Jøsneset Ungdomslag jøsnesbuane til curlingbanane i Sørmarka Areana. 12 stk fekk prøve seg på 2 banar i 2 timar - og dette ga meirsmak for dette var gøy !!!

FaceBook

FaceBook

FaceBook

Palma Ommundsen snakka på årsmøtet og ho sa mykje fornuftig og masse til ettertanke.

FaceBook

Det nærmar seg vår og meir trafikk, og Cesilie på Mixn sender følgjande melding:

Det blir lengre åpningstider på Mixn frå mand 07.03 :

åpent kvar dag frå kl 11 til kl 19.00.

Nå får òg folk kjøpt den populære Jøsenfjord Rutelag -t-skjorta hos meg kr 200 til støtte for prosjektet om å få den gamle fjordabåten heim

FaceBook

"Jøsenfjord Rutelag" t-skjorter er blitt Ryfylkes nye moteplagg Wink.  T-skjortene blir solgt til støtte for prosjektet som skal få den goe, gamle rutebåten "MS Jøsenfjorden" (1886) heim til Ryfylke etter mange år utenlands. T-skjortene får du kjøpt på Mixn på Nesvik !

FaceBook

Denne helga er det fastelaven, og skulen arrangerte tradisjonen tru sitt faste fastelavensris-treff for foreldre og besteforeldre. Og der serverte de sjølvsagt deilige boller med krem og syltetøy påKiss

 

 

 

FaceBook

Hjelmeland Hagelag valde torsdag denne veka å leggje Hagelagsmøtet sitt til Jøsneset, og det blei full klaff med 25 frammøtte både frå Jøsneset og andre bygdar.
  

Temaet var miljøvennleg/økologisk hagebruk, og Ingvald Erga frå Jæren hadde eit engasjert og godt innlegg.

FaceBook

Volleyballtreningane rullar og går jamt og trutt kvar onsdagskveld, og det er etterkvart ein fast gjeng på rundt 10-12 stk som møter opp jamnleg til aktiv og munter lagspel.

FaceBook

Heibergheiane er eit sentralt begrep i lokal fjellhistorie. Er du glad i den ville fjellheimen "aust i heiå", og interessert i reinsdyrjakt, så er nok dette kvelden for deg:
Spinneriet 23.mars kl 19.30. Les plakaten HER.

 

FaceBook

Suldalsposten ønskjer stoff òg frå Jøsneset.

Eg har blitt spurt om å vere "bygdemeldar" her, omtrent som Berit Søvik Østerhus er for Jøsenfjord-bygda. TIPS gjerne om små og store hendingar, arrangementer eller anna frå bygdelivet på Jøsneset, som det kan vere aktuelt å få fram i avisa.

Kontakt:
Svanhild Hjorteland Gbada, 97 00 76 36 eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 
eventuelt send direkte til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. om du heller vil det

FaceBook

Skjærtorsdag kl 20.00 :  volleyball i gymsalen.

FaceBook

Kanskje du såg desse to snåle tøttene så svinga seg rundt i bygda med nybakte vafler på søndag???

Dei var undervegs på "promotion-oppdrag" for "Sa va det Hjort" - revyen.

Kanske du såg ein "papparazi" òg - i baksetet på den svarte stasjonsvogna!!

Spørs om ikkje dette kan bli oppslag av !! Hm - møt opp på Påskeafta, så får du sjekka det ut.


Førebuingane til årets revy er i gong: her i form av kulissemaling

 

 

FaceBook



Send oss dine Jøsnes-påske-bilder;
anten det er frå hagen, turen, terassestolen, sofakroken.....eller kva som helst av påskeopplevingar frå Jøsneset. Adr: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

Me ønskjer alle fastbuande, hyttefolk og påskegjester ei GOD PÅSKE !!! NYT VÅREN !!

FaceBook

Ein gla'nyhet for alle som har engasjert seg i mysteriet den forsvunne Bobby Bøen.. Han er no funnen og kome attende til sin familie på BøenSmile 

Etter to månadar "på rømmen" der han sporadisk er observert av fleire på Fosså, Foss og Åsland, men aldri sett av eigarane.. klarte han ikkje tilhøva på rømmen meir, og overga seg i dag.

Han vart til slutt fanga på Åsland, og eigar Silje Sværen kunne komme og konstatere at det var rett katt. Tenkjer det vart glede i heimen, då dei to jentene på Bøen kunne ynskje Bobby velkommen heim att. Gleda var kanskje ikkje fullt så stor for Bobby, då han enda direkte under kniven. No er det slutt på dei dar.. Bobby - du har vår fulle sympati og forståelse der for at du rømte, du visste nok kva som komFrown 

Vel, trøysta er jo at kanskje eigarane no får sjå meir til Bobby, når han ikkje lenger kan ut og springja etter dameneLaughing

PS frå "nett-redaktøren" i Skiftudalen:
Moralen i historia er:
er du pusen til ein dyrlege, så unngå to månader på raggedeisen.......det kan koste deg dyrbart utstyrKiss

Og PPS: "medredaktøren" er tilfeldigvis NABO av dyrlegen og tilfeldigvis òg eigar av pusen Felix Ladberget, som ÒG har vore kraftig på raggedeisen denne vinteren.......straffa ventar deg òg pusemann!!

Men Bobby og Felix har sannsynlegvis alt rukke å sikra katta-veksten i bøgdå.....det var jo folkevekst me skulle ha,då men......noko for Bygdarådet denne ubalansen her.

Denne historia er vel òg bevis for at slagordet www.josneset.no - Nettsida der ingen sak er for liten" faktisk stemmer på ein prikkTongue out

Eit "PPPS" frå nettredaktøren på Åsland.. Dagen etter han vart funnen, var jammen an Bobby å sjå på rømmen på Åsland att.. ein slik velkomst sette han tydelegvis ikkje pris på..

FaceBook

 Etter ein lang, kald og snø/isrik vinter, kan me igjen sjå det irrgrøne kunstgraset i ballbingen.

FaceBook

Siste torsdag i mars, den 25.03.10 blir det som vanleg damekveld på trivselståvå kl. 20.00. Det blir kaffi og drøs, så dra med deg nabokånå og gjedna strikketøyet og.. elle kanskje det e påskepynten som står for tur akkurat nå??

Det blir servert kaffi og litt attåt.

Helselaget

 images/ung/paske.png    
    

FaceBook


Skuleelevane svinga opp med både middag og underhaldning for Eldretreffen på torsdag.
Ein svært hyggeleg tradisjon og eit vellykka arrangement.

FaceBook

Til saman 600 stk, på begge sider av den rasramma Tysdalstranda på RV13, aksjonerte i dag for sikrare riksveg.

"NY VEG NÅ"
"ME VIL HA TUNNEL"
var nokre av dei tydelege slagorda som var å sjå på plakatane.

Sjå meir her: NRK ROGALAND, STRANDBUEN, STAVANGER AFTENBLAD,

Klar tale te na Magnhild på Tinget dette !!

FaceBook

TIDE slit med å avvikle søndagstrafikken på ekstrarutene, sjå STAVANGER AFTENBLAD.

Det er ikkje berre søndagstrafikantane som blir råka av dette. Mange trafikantar har heile den siste veka fått ulemper og lang ventetid, nettopp pga manglande skilting dårleg informasjon på og ved ferjekaien.

FaceBook

Jøsneset helselag hadde årsmøtet sitt den 10.03.10 i gymsalen.

Arthur WestersjøSpreke Arthur Westersjø holdt et innlegg der han mimra litt om gamle dagar, trekte historia rundt helselaget fram, og utviklinga som har vore, bl.a. med kva hjelp det var når penicillinen kom, og bekjemping av tuberkulose. Han fortalte korleis livet på ein gard kunne utarte seg før i tida, kor spreke dei måtte vere då det var fysisk krevjande arbeid. Han konkluderte med at det var viktig å balansera inntak og uttak av kaloriar!

Den årlege basaren og trekning i turbøkene var og "happening" denne kvelden. Det var 20 vaksne og 4 unger tilstades på årsmøtet. Ekstra stas var det at helselaget i år hadde fått ei flott gåve av Aksel Hansson til basaren: ein flott gyngestol. Den gjekk til slutt avgårde til Åsland, Torkel vant den, sjølv om det var mange om beinet på den.. Elles var det og mange flotte gåver.

Medlemmer på årsmøte

Det vart diskusjon rundt saka som styret fremma for årsmøte: nemleg organiseringa til eldretreffen. Mange innspel kom i saka og tilslutt eit ekstra forslag som vi måtte stemme over til slutt. Det vart klart fleirtall for styret sitt forslag og dette vart vedtatt:

Sak     : Forenkle forholdet mellom Jøsneset helselaget og Jøsneset eldretreffet

 

Jøsneset eldretreff fortsetter sin virksomhet, men skal organisatorisk og økonomisk være en del av Jøsneset helselag.  Eldretreffet inngår som en del av helselagets oppgaver og aktivetene vil fremgå av helselagets årsmelding og regnskap.  Brukerne av eldretreffet velger en representant som skal være kontaktperson for helselgatets styre i saker som vedrører eldretreffet.

Vedtekter av 31.desember 2003 opphører med dette.”

Trekning i barneboka, gavekort på Enkel på kr 100,-:

- Johan Fossaa - 36 gonger i barneboka på Håvehammar (totalt 143 besøk i år)

 

Dei som vann gavekort på Enkel på kr 200,- i turbøkene i låglandet var:

- Svanhild H. Gbada 128 gonger på Håvehammar (totalt 722 i år)

- Ulrik Eie - 6 gonger på Høgafjell, same som John Voster - loddtrekning. Totalt 192 besøk.

- Ellinor Mæland - 77 gonger på Nesdalsfjell (totalt 523 besøk)

- Berit Hjorteland - 63 gonger på Brynå (totalt 619 besøk)

- Svanhild H. Gbada - 14 gonger på Fosstemmen (totalt 333 besøk)

Turpostane våre har totalt med toppane, hatt 2763 besøk. Dette er med på å gjere befolkninga på Jøsneset ganske så spreke vil me tru! Flott, stå på i år også, nye bøker er lagt ut. Tausanibbå er det foreløpig ikkje bok eller postkasse på, den har blåst vekk. Den på Høgafjell har vi ikkje lagt bok på i år, då vi må redusere noe på antal bøker sidan vi har auka på toppane.

Toppturkonkurransen, ein vann gavekort på Enkel på kr 500,-:

7 bøker var levert inn til å vere med på konkurransen. Jonas Gbada vann i den trekninga.  

Takk til alle som deltok på årsmøtet, og for alle bidrag til basaren!

Helsing styret.  

FaceBook

Den tragiske rasulykka på Tysdalsstranda tirsdag denne veka har medført auka fokus på ein rassikker veg.

Facebook-gruppa "Få tryggere veg langs Tysdalsstranda i Ryfylke" hadde 400 medlemmer for ei veke sidan - nå har den nesten 4500 medlemmer !!

Folk mobiliserer nå for ein sikrare veg, og søndag blir det arrangert aksjon:
- TYSDAL CAMPING søndag 14.mars kl 15.00 for folk frå nordsida av Tysdalsstranda
- WATHNE CAMPING søndag 14. mars kl 15.00 for folk frå sørsida av Tysdalsstranda.

Det er berre å møte opp om du vil markere ditt syn på RV13-strekket.

VG er tipsa, NRK-Rogaland er tipsa, Aftenbladet er tipsa, Strandbuen er tipsa........

...
FaceBook



Etter 86 døgn med samanhengande snø og ein uvanleg kald vinter, er det små underverk som nå tyt opp or den våte, kalde jorda: Klosterklokkene strekker seg optimistisk mot sola !!

FaceBook

Tirsdag 23. mars kl. 19.30 blir det årsmøte i Jøsneset Bygdaråd. Ordførar Bjørn Laugaland kjem og snakkar om planane for Jøsenfast.

Du kan lesa heile innkallinga her

FaceBook

Pga snøskred ved Tysdalsvatnet er RV13 stengt f.o.m 09.03 t.o.m torsdag foreløpig.

Det er sett opp ferjer mellom Tau-Hjelmeland-Nesvik-Ombo.

Ei av ferjene som går til Tau er "vår" MF Hjelmeland. Den er altså då tatt ut av ordinær drift, noko som betyr at vårt ferjesamband Nesvik-Hjelmeland-Ombo er svært redusert m.o.t. avgangar.

Det er sett opp hurtigbåt for passasjerar i Hjelmeland-Nesvik-Ombo sambandet i ordinære ruter.

Oppdaterte trafikkmeldingar får du på VEGVESENET SIN TRAFIKKINFORMASJON

Ekstraturene finn du på infosida til TIDE

Stavanger Aftenblad og NRK Rogaland har òg lagt ut info om situasjonen.

FaceBook

Tar du turen til Håvehammar i desse dagar, så blir du helst velkommen av desse to gubbane:

FaceBook

Kirsten Inga Kamrud i Norges Bygdekvinnelag la spørsmålet "Kva er det som er så bra med bygda?" ut på Facebook, og ho fekk mange svar, som ho samanfatta til 12 gode punkt om bygda.

Her er litt å tenke på!  Kanskje nokon på Jøsneset som òg kjenner seg igjen. Les dei 12 punkta HER.

Og kanskje me kan ta hennar oppfordring:
"Set fokus på bygdegledene! Prat om dei, skriv om dei, ta bilde av dei, nyt dei!"

Send oss gjerne bilder og ord om ei bygdeglede: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.


Forresten er det mange gode kommentarer om bygda på Facebookgruppa "Du vet du bor på bygda når....." - ei gruppe med rundt 18 000 medlemmer.

Som f.eks:

Du vet du bor på bygda når.......

......du og kona har samma frisyre.
......det er mørkt ute, så er det HELT MØRKT!
......når du går til nabon'n for å høre hvordan du har det!!:)
......du kommer inn i en butikk og de har alt mulig, og da mener jeg ALT MULIG, bortsett fra akkurat de ingrediensene du trenger til den planlagte middagen, fordi det var noe så eksotisk som avocado!

 

FaceBook

 

                     
Vanlegvis er våren i full anmarsj 3.mars på desse kanter. Men ikkje i år! I dag blei bygda igjen "inntatt av en himmelsk hær" og farga kvit og mjuk av flott nysnø. Kva passar betre på ein dag som denne enn Anne Grethes Preus hyllest til snøen:

 

 

FaceBook

Det ny-oppstarta Jøsenfjord- og Jøsneskoret har i kveld hatt si tredje øving. Songen ljoma så taket nesten letta.

Men kva skal "barnet" heite?
Etter lange høyringsrundar, mange namneforslag og grundige drøftingar, falt endeleg den store avgjerda i kveld:

 "KOR-LØYE".

I namnet finn ein sjølve grunnpilaren, ideologien og filosofienWink (he he) bak prosjeket:
nemlig: å ha det løye!!

Synge i kor = ha det løye!!

........kanskje du høyrer oss snart!! 
Sjå opp for trallande budeier inni fjorden, eller lokkande seterjenter utpå neset!!   Ja, for foreløpig er det kun damer som har møtt opp.

Men her er plass for fleire: insbesonders männer !!Cool

Neste øving er tirsdag 16.mars kl 20.oo Jøsenfjorden skule

(øvingane er annakvar tirsdag, annakvar gong Jøsneset - Jøsenfjorden).

FaceBook

I kjølvatnet av den nedlagde Bygdaposten såg ei ny nettside dagens lys på Hjelmeland: www.hjelmelandsnytt.no.

Tanken var eigentleg å leggje ut lokalt smånytt og aktualitetar frå Hjelmelandssamfunnet. Nå førebels fungerar sida som ein aktivitetskalender : her finn du ein temmeleg god oversikt over arrangementer og "happenings" i Hjelmeland i den næraste framtid. Og det kan du sortere bygdevis. Det er Hetland Media v/ Morten Hetland som driftar sida på frivillig basis.

For at denne kalenderen skal bli god, må folk melde frå om store og små arrangement - òg frå småbygdene.  Så husk det folkens: veit du om noko som skjer så sender du ein epost til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. og sjølvsagt òg til oss i www.josneset.no td v/ Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

www.hjelmelandsnytt.no kan frivillige lag òg få gratis annonseplass.

Me ønskjer lykke til med www.hjelmelandsnytt.no

FaceBook

Me har fått ny kalenderfunksjon på høgremenyen på sida vår.

Nå ser kalenderen faktisk ut som ein kalenderKiss, og er meir oversiktleg og enklare å bruke.
Før peikaren over datoane, så vil tittel på arrangement kome fram; klikk på datoen og du får meir informasjon. Det er òg lagt inn ein ny fane øverst "Kva skjer": klikk på den så får du opp ei oversiktleg liste over arrangementer.

 
Hittil er innhaldet i kalenderen temmeleg "tynt" - det tar tid å fylle opp, men meir kjem etterkvart framover.

Det er viktig at alle arrangement, møter, basarar, turar, festar, treningar osv osv  av almenn interesse blir meldt inn til oss, slik at me kan legge det inn i kalenderen. Me vil sporadisk òg legge inn ting som skjer på Hjelmeland og andre stader - men òg her er me avhengige av TIPS FRÅ DYKK !!

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

FaceBook

images/JUL/Bilder/mimre.jpg
Velkommen til MIMRE-KAFÈ i Trivselstova,
Påskeafta kl 15.30 !!

Mand 30 mars blei ei gammal løe brent kontrollert ned images/JUL/Bilder/brann1.jpg

FaceBook

Laurdag 28.03 starta ballbinge-arbeidet ved skulen.

Full rulle: Leif i gravemaskinen og 5 karar i i skytteltrafikk med traktor.  Bingegropa blei gravd ut, og massen kjørt vekk.
Dette var reint dugnadsarbeid,  og dei 6 karane heldt på frå kl 8 om morgonen til 7 om kvelden, så det var ei rimeleg god øktTongue out og eit godt stykke arbeid som blei utført.

FaceBook

"Sløkk lyset ein time frå kl. 20.30  laurdag 28.03".

Det er 11 år gamle Gaute Widerøe Hennig ved Hjelmeland skule som kjem med denne oppmodinga.
 
Han har sendt brev til alle skulane , til kommuneleiinga og Bygdaposten , og oppmodar alle til å bli me på denne verdensomspennande klimakampanjen som kallast EARTH HOUR.

Dette er først og fremst ei symbolsk handling for å fokusere på energisparing - men tenk: då 2,2 mill menneske og 2100 bedrifter i Sydney slo av lyset i 1 time, så sparte ein energi tilsvarande 48.000 bilar på norske vegar eit heilt år !

Slike perspekiver skaper me ikkje på vesle Jøsneset Kiss,
men mange bekker små gir ei stor å Smile.

Me kan viss me vil , og kanskje får me oss ei lita, annaleis kosestund ?

OG EIN TING TIL:

NÅ GÅR DET MOT SOMMARTID: STILL KLOKKA !!
FRAM ELLER TILBAKE? HUGS: ALLTID MOT SOMMAREN, så nå er det ein time fram !



 

FaceBook

Bravo Thomas - gratla med premieren !!images/JUL/Bilder/thomas.jpg

 

FaceBook

I ein stolen bil frå Suldal tok ein kar seg sørover mot Jøsneset tidleg søndag morgon, men bilen stansa rett før han kom til bygda.

I Nesvik stal han seg då ein ny bil  - på lyse morgonen Yell.
Men trur du han tok ryming? Nei, i den stolne bilen kjørte han vidare til Åsland !! Surprised.
Der gjekk han inn i eit hus og stal to lommebøkerYell.
tok han til paling, og kjørte nordover igjen - til Sand. Men særleg smart var han ikkje - for han prøvde å krysse fjorden med Sandsferja - og der blei han heldigvis fakka !Tongue out
 
Fredelege Jøsneset ??
- slikt skjedde faktisk på ei lita søndagsmorgon-stund i mars !!!  Tru det eller ei !

Les meir i BYGDAPOSTEN

 

FaceBook

KALVAGAREN ligg nå helst i fred og ro i det snødekte landskapet oppe ved Foss-stemmen nå på denne årstida.  Berre hjortane så kosar seg rundt nåvene der nå. 

Men likevel......akkurat nå er KALVAGAREN kome i fokus. Iallfall på Ryfylkesidene www.ryfylke.no. Ta ein tur til sidene å sjå vel !
Der får du kortvarianten av historia om koss KALVAGAREN kom til.

Norges vakraste ? Spenstig påstand ?
Makalaust unik er den iallefall ......og me lar påstanden henge i lufta til det motsette eventuelt er bevist Smile.

images/JUL/gapa.jpg  images/JUL/tak.jpg

FaceBook

FOLKEVEKST PÅ JØSNESET

Fossdalen er vel den grenda på Jøsneset som har opplevd aller størst prosentvis folkevekst dei siste fem åra. Og statistikken peikar stadig meir oppover :
Ingeborg og Sven fekk jente nr 3 i går !!Smile 

images/JUL/Bilder/foss.jpg

Me gratulerar familien og gledar oss stort over folkeveksten i bygda !!
Den stolte far sender stafett-pinnen vidare...............nokon som tar utfordringa?

FaceBook

Jøsneset helselag har registrert seg i frivillighetsregisteret, og kan dermed motta grasrotmidler frå Norsk Tipping. Dersom du skal tippe og vil at lokalmiljøet skal få din andel tilbake, bør du nytte deg av høvet til dette.

Vi håpar mange vel Jøsneset helselag som mottakar av desse, då det er med på å støtte det viktige frivillige arbeidet laget gjer på Jøsneset.

FaceBook

På årsmøte i Jøsneset helselag den 02.03.09 vart vinnaren på toppturkonkurransen trekt. Det var 22 deltakarar i trekninga som alle hadde gått til alle 8 turpostane i løpet av 2008. Premien var ein flott Hadeland krystallvase med logoen til Nasjonalforeningen for folkehelse på, og i tillegg var det gravert inn "Vinnaren av toppturkonkurransen 2008. Jøsneset helselag" og eit hjertelodd.

Vinnaren var Sondre Fosså - Gratulerer!Smile 

Elles vart det trekt 3 ekstra vinnarar som fekk eit magebelte med drikkeflaske og eit hjertelodd kvar: Vinnarane her var på Brynå; Marie Hauge, På Gunlanuten; Annette Foss og på Håvehammar; Anne Hjorteland.

På barneboka på Håvehammar var det eit gavekort på kr 150,- på Enkel, ei drikkeflaske og eit hjertelodd i premie. Denne vant Eirik Fossaa.  

Elles vart årsmøte for helselaget halde, det er ingen endringar i styret der i år. Klara F. Hagen er vald inn som ny i valgnemnda, då Unni T. Fossaa gjekk ut.  

Kommunefysioterapeut Johs Van Langen haldt eit inspirerande føredrag om trening og dens effekt på helsa. Han fortalte bl.a. om livstilsendring på kort tid sett i menneskenes perspektiv, der ikkje utviklinga av kroppen vår har hengt med. Den er framleis laga for å vere svært aktiv. Dersom ein frisk person blir sengeliggande i 3 veker, har kroppen tapt seg så mykje på den tida, at det tilsvarer ein 30 år eldre kropp. Vektberande trening (dvs gå, springe og andre aktiviteter der vi ber vekta på føtene) er det kroppen er laga til, og altså mest effektiv trening. Knebøy er ein svært god øvelse og bør gjerast med gradvis meir vekt på skuldrane. Den trenar heile kroppen. Johs fortalte og at forskning viser at intervalltrening er mest effektiv, den trenar hjarta og aukar oksygenopptaket svært bra. 4 minutters intensiv økt med 85 % av max-puls og deretter 3 minutt rolegare gange. Gjenta dette 4 gonger. Johs sa også at trening er ferskvare, så vi må stadig ha påfyll av dette. Det held ikkje at vi var aktive i yngre dagar, det har ingen effekt no. Bortsett frå på barn, som legg eit svært viktig grunnlag til dei blir vaksne, dersom dei er fysisk aktive i barndommen.

Så no er alle som var på årsmøte ute og spring intervallar i bakkane, unge som eldre Wink 

FaceBook
...
FaceBook
...
FaceBook
...
FaceBook

Helselaget fekk den 23.03.08 melding om hærverk på turstien til Brynå. Det har sannsynlegvis skjedd laurdag den 22.03.2008. Skilt er revet ned og skrevet på med kulepenn, postkassen og boka er vekke. Dette er svært synd! Det er frivillig arbeid som ligg bak alle turstiane våre, og hærverk betyr at folk må stilla opp gratis igjen for å ordne opp i dette, i tillegg blir det ekstra, unødvendige utgifter til ny postkasse og bok. Særleg uheldig er det no når me har konkurranse på gong, for det vil no seie at det blir ein periode på Brynå der det ikkje er bok. Vi må nemleg bestille ny postkasse. 

Dersom nokon har opplysningar om dette, angrar seg og vil ordne opp att, eller finn postkassa/boka, så set vi pris på at de tek kontakt med Jorunn Foss tlf 99638803 om dette.

FaceBook

Møt Ingvald alias Jarle TednesRevyen opna med Kvigesongen

Påskeafta var gymsalen på Jøsneset stappa til randen av folk - store og små, ungdom og eldre, bygdefolk og byfolk ! Og det braka i veg - for 2. gong i historia -med revy på Jøsneset. Så nå er tradisjonen skapt !! Fram på scenen trilla de, den eine etter den andre: dei glade amatørars boltreplass ! Aldri før har du vel sett Jøsneskarane slå seg laus i berre bleier? Og ante du at me hadde slike boblande talenter her i bygda?  Her var lite hemningar, men mykje sjølironi, humør og glød.

FaceBook

 Jøsneset skule

Formannskapet behandla skulestruktur-saka i møte den 11 mars. Dei vedtok førebels ingen endring i skulestrukturen, verken på Jøsneset eller Jøsenfjorden. Høgre argumenterte for å samle skulane på nordsida av fjorden i ein skule; og då på Jøsneset. Men dei fremja likevel ikkje forslag om dette i møtet nå. Saka skal nå ut på høyring fram til 17 april. Deretter blir det ny behandling i formannskapet og deretter til kommunstyret for endeleg vedtak.  Så følg med ! Alle som vil kan sende uttale i saka.

FaceBook

Helselaget har endra litt på premieringa i turbøkene for 2008. No vert det ein fin premie som vert trekt blant dei som har vore på alle tre toppane våre: Gunlanuten, Røssenibbå og Herefjellet (Tausanibbå).

I tillegg vert det trekt ein vinnar av dei som har vore og sett navnet sitt i alle dei 8 turbøkene våre. Barneboka på Håvehammar har og eigen premie.

For å vere med i trekninga må du kjøpe ei turdagbok med laminert kart av helselaget for kr 50,- Beløpet dekker kart, turdagbok og deler av premien. Den er til sals på Naustet, eller ved å ta kontakt med Jorunn Foss på tlf 99638803. Turdagboka må du så levere inn til neste årsmøte i helselaget (ca i februar -09), dette er for at vi skal sleppe å leite gjennom alle turbøkene for å registrere alt dette. Husk å merke av dei turane som er med i konkurransen. Du skriv deg framleis i turbøkene og.

Så set i gong å gå! Du har eit heilt år på deg, kanskje du vinn?!?

postkasse med turbok

FaceBook

Tur til HerefjelletDå Jøsneset helselag hadde årsmøte 06.03.08 vart det trekt ein vinnar frå kvar av dei 8 turbøkene. Desse vann ein flott skrittellar! Vinnarane er: Håvehammar - Børge Bergesen, Nesdalsfjellet - Sissel Vigesdal, Fosstemmen - Kenneth Hjorteland, Brynå - Berit Hjorteland, Høgafjell - Marit Lima Søyland, Røssenibbå - Paula Johannesen, Gunlanuten - Ingrid Eskeland Kruke, Tausanibbå (Herefjellet) - Eilef Foss

 

FaceBook

Er du spendt på korleis det går med Jøsneset skule si framtid ?
Innstillinga frå rådmannen er at Jøsneset og Jøsenfjorden skule skal drivast vidare slik som i dag.  Saka er nå klargjort til formannskapsmøtet som er den 11.mars 08.
Les formannskapssak nr 42/08 her.

Etter formannskapsbehandling skal saka deretter på høyring. Uttalefrist er sett til 17.april 08. Følg med.

 

FaceBook
Facebook