1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

 
Nyttårsbading er i ferd med å bli ein tradisjon - så òg i år står Skiftuvigå disponibel for friske dupp på årets siste dag wink  Då er det bare å rigge seg til med badeklær og håndkle og stille opp til fellesbad kl 13.00 med litt bålkos og knask attåt !  Frisk slutt på 2016 !!

Er du i tvil om vinterbading faktisk er sunt ?? Vel -  klikk berre på bildet under, så får du heilt sikkert lyst å bli med :-)

FaceBook

FaceBook


Få julebaksten unnagjort på 1-2-3:  Opplegget blir i år som i fjor - ta med din deig på din ønskja julekakesort - og kom heim med x antall sortar - alt etter kor mange som møter opp. Meld deg på til Svanhild 97 00 76 36 og gi beskjed om kva sort du tar med.
Etter baksten blir det sjølvsagt tid til felles smaking, oppskriftsutveksling,  kaffekos og prat !!

Velkommen til ein sosial og nyttig kveld !

FaceBook



I år som i fjor: NYTTÅRSBAD I SKIFTUSTRANDA KL 12. 00 (på dagtid altså)  I fjor var det 12 stk som boltra seg i fjorden.....kan me slå ny rekord??  Heilt sikkert er det iallefall: ME FORVENTAR AT FOSSÅFRUENE STILLER - med eller utan badekar (sjå artikkel under).   Treng du inspirasjon? ... Sjå kor gøy me hadde det i fjor HER

 

FaceBook

Elvekulpbadinga i Kogekjellå går sin gong, i år som i fjor. Det har vore bada kvar laurdag sidan midten av oktober. Og nå er det JULABADET som står for tur !  LØRDAG kl 16.00 Kogekjellå Foss. Det blir rykande varm gløgg/julete og julekakeknasking for å varme oss opp etter det friske badet. Velkommen !

PS: du kan sjå kor friskt julebad me hadde i fjor på NETTSIDA TIL LOKALAVISA STRANDBUEN
PPS: og det blir i år som i fjor NYTTÅRSBAD i SKIFTUSTRANDA, nyttårsaftå kl 12  - med champagnebrus og rakkettar.
PPS: og 13.januar feirar me ÅPNING AV FRILUFTSLIVETS ÅR 2015 - sjølvsagt med bad i Kogekjellå mm.

 

FaceBook

Silje på Bøen og Bygarådets bulystgruppe inviterte òg i år til felles julepåleggskveld. Silje hadde praktiske lokaler og flotte kjøtprodukt frå Fatland klar då den eine kvitkledde etter den andre entra skjærebretta....klar for rullings ! Tilsaman 10 personar rulla og sydde og rulla og sydde.......og vips så blei det både sylterull og lammerull.....og litt til....av julepålegg klart.

FaceBook

 

Med eit stemningsfullt bilde frå den nydelege vinteren 2011 på turstien til Håvehammar ønskjer me alle Jøsnesbuar og alle våre Jøsnesside-lesarar alt godt for det nye året. Etter alt pøsregnet me har hatt i desember, er det kanskje lov å ønske seg litt slik stemning denne vinteren ògWink

Me vil igjen oppmode våre lesarar om å sende oss tips om stoff til sida: send gjerne bilde, turtips, smånytt - kva som helst - det er lite som er for smått for www.josneset.no.

Send inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

FaceBook

2011 er snart historie, og nå blir snart "Årets Jøsnes-spåmann/kone" kåra. "Sekretariatet" har mesteparten av svara frå spåkonkurransen 2011 klare, men eit par av de må me inn i offentleg statistikk for å finne, så endeleg resulatat føreligg litt ut i 2012.

 

 

Det var nærare 20 stk som deltok i konkurransen, dvs leverte inn svar på dei 15 spørsmåla om ulike ting som ville skje på Jøsneset/i kommunen dette året.

Det vanskelegaste spørsmålet var visst "kven held 17.mai-talen 2011?". Det var ingen som tippa rett på; at det var Arthur Westersjø.  Men mange gode forslag, som  kanskje skulle vore overlevert til årets 17-mai-komitè??

Og alle utanom ein hadde feil på tipping av ny ordførar; nesten alle trudde at Bjørn Laugaland ville fortsetje. Kun 1 tippa Trine DanielsenWink

Men veldig mange var optimistiske på turgåinga sine vegne for 2011. Eit av spørsmåla var nemleg kor mange som ville kome til å besøke Håvehammar ila 2011 (det var 948 i fjor). Mesteparten tippa over 1000, og det var rett!! Det blei godt over 1000, og det var jo supert!

Nesten alle var òg optimistar på Jøsnes-sida sine vegne, og tippa at besøkstalet på nettsida vår ville gå opp ila 2011. Dette er eit av dei spørsmåla me får vente litt med å konkludere på, men me håpar jo sjølvsagt dei hadde rettSmile

Men ALLE svara på kva som skjedde i 2011 vill de få samla når alt er klart.

Og sjølvsagt; det blir kåra ein vinnar, som skal bli premiert med eit ekta Jøsnesprodukt. Så følg med!!

FaceBook

På sjølvaste julemorgon fekk Svanhild og Jakob  (for det var berre dei som var oppeWink) i Skiftu ein majestetisk julegjest på besøk i hagen!!  Det starta med at ein stor flokk måkar "faug som galne" nede ved sjøen...hm...kva går av dei?? Like etterpå kom ei diger HAVØRN og satte seg i tretoppen kun 15 m frå stoveglaset. Ho var nok på jakt etter ein liten måkefrokust, me lykkast ikkje denne dagen. Så ho satte seg og kvilte utanfor glaset vårt så lenge at me fekk studert, tatt bilder og filma gjesten. Deretter spreidde ho sitt ca 1,5 m lange vingespenn og segla elegant vidare forbi Kjerhammar og bort mot Knutsvik. Flott syn !!

FaceBook

 Borna på Jøsneset skule har det travelt nå før jul:

FaceBook



Søndag 04 desember kl 19.00 inviterer Hjelmeland Folkedanslag til dansekveld i gymsalen på Jøsneset skule.

Det blir musikk ved JOHAN HIIM og innimellom dansinga blir også tid til kos og prat medan julegrauten blir servert. Arrangementet er opent for ALLE, og Folkedanslaget oppmodar alle danseglade til å ta på danseskoa og hive seg ut i dansen.

Arrengementet er tilpassa ferja frå Hjelmeland kl 18.30.

FaceBook

 

 Statistikken vår viser at josneset.no er stadig godt besøkt -  og meir enn i fjorKiss
Om besøkstalet ikkje plent går rett til himmels, så peikar iallefall pila vår oppover !!

FaceBook

På Juleafta var det Arthur Westersjø 90 år  frå Jøsneset  som stod i fokus i fleire media i fylket. Både Stavanger Aftenblad og Strandbuen hadde artiklar med den spreke 90-åringen, og radiointervju i NRK Lokalen var det òg Laughing 


FaceBook

Me har fått melding om at juletrefesten blir LAURDAG 8.JANUAR 2011, og at lappar er på veg ut i postkassane.

Meir info her følgjer når me har fått "lappen".

FaceBook

  

FaceBook

 


I år som i fjor kom julesnøen som bestilt !

Juleafta stod snøbygene tett og den fine snøen kledde bygda i sin finaste kvite julestas.

1. juledag opprant med strålande sol, speilblank Ombofjord og minus 10. Snøen hang på greiner og strå. Ei vakker julehelg !!

FaceBook

Hjortajakta blei avslutta 29.11 og det blei i følge fellingsrapporten skutt 43 hjortar på Jøsneset dette året.

FaceBook

 

Kl 00.38 natt til onsdag 22. desember - ca 15 timar etter fullmåne med total måneformørkelse - inntreffer vintersolverv.

Frå nå av vil det
langsomt gå mot lysare tiderSmile 

Men "snur" eigentleg sola?

 

 

 

 

 

 

 

FaceBook

Helselaget har også i år delt ut blomar til medlem over 80 år. I alt 10 blomar vart delt ut i år og dei kan glede seg over ei fin juleasalea.

Me ynskjer også alle andre ei god jul og eit godt nyttår!

FaceBook

Eli Fossmark og Inge Knutsvik har flytta til Knutsvik.

FaceBook

 


Dei trufaste ferjependlarane blei møtt av ein nypynta julesalong på mandagsmorgonLaughingJuletreglitter er sirleg hengt opp over vindauga i alle salongar på ferja - så her kan du hente tips til di eiga julepynting i heimenWink

FaceBook

  Værprognosane seier "kvit jul i Hjelmeland, men usikkert i Stavanger". Les her.

FaceBook

 

 "Godt ka så e gjort før jul", tenkte visst den travlne damegjengen i KorLøye, for nå er jula sungen inn.....fix ferdig med detKiss

FaceBook

Statens Vegvesen planlegg eit nytt stopp/utsiktspunkt v/ Bastbergneset mellom Nesvik og Vindsvik v/ RV13. Området skal opparbeidast med parkeringsplass, trapper ned mot sjøen og beplantning over den store steinfyllinga som i dag pregar området.

Planen er nå på høyring, sjå HER.

FaceBook

Statens Vegvesen melder at RV13 Hålandsosen-Kilane blir heilt stengt for trafikk i veke 49 frå måndag 06.des kl 9.00 til fredag 10.des kl 15.00

FaceBook

 Statens Vegvesen har sendt ut informasjon om korleis brøyting og strøing på fylkesvegar og riksveg vil bli utført i vinter.

FaceBook
images/ung/jul8s.jpg
Den "gyldne halvmeteren" med snø som kom rett før jul har skapt eventyrlege stemningar i julehelga.
FaceBook

3.juledag hadde ein ivrig gjeng møte i Trivselstova.....revymøte !! Og det er avgjort: det blir påskerevy 2010 - det er sikkert ! Idèane pible alt opp!

HAR DU LYST Å BLI MED Å LAGE TIL REVY ???
Det er mange ting som skal gjerast for å få til ein revy. Det er ikkje berre å stå på scenen. Nokon må òg kome med idèar, skrive tekstar, styre lyset og lyden og musikken, rigge og ordne,spele instrument, ordne  kostymer, ja, alt mulig !
Har du lyst å bli med så er det kjempekjekkt. Her trengs det folk til alle oppdrag.  Hittil er det mange unge damer og enda yngre karar som stiller opp.  Så her trengs det òg "modne menn og kvinner" frå bøgdå!! Men alle er velkomne. Kom an folkens !

Ta kontakt med Anne Hjorteland 41 63 10 14 eller Svanhild H Gbada 97 00 76 36 så får du meir info.

FaceBook
Gløym forslaget til nye ferjeruter for 2010 som var ute på høyring og som ein lokalt her i Hjelmeland hadde mange synspunkter til.

TIDE melder at ferjrutene IKKJE blir endra!!

Du kan altså fortsetje å reise etter 2009-ruta heilt fram til 31.04.2010.
FaceBook

images/ung/nisse.jpg
Jippi - nå blir det "god gammeldags" JULETREFEST !!

Fekk du ikkje med deg den flotte sceneopningsfesten me hadde på Jøsneset i september ?? Nå har du sjansen til å få med deg alle dei flotte innslaga som trilla fram på scenen den kvelden!!!

Sondre Fosså sat nemlig i salen med videokameraet sitt, og ila av hausten har han og kompisen Thomas Tjeltveit drive å klipt og redigert på filmen. Og nå: akkurat i siste time for julehandelen, er filmen klar!!!  Dei har foreløpig produsert opp 20 eksemplarer, så LØP OG KJØP !!

Her får du sjå alt frå rørande barnehagebarn, til freske tenåringar og knall-løgne "bykviger" .......ja, me seier ikkje meirLaughing

Prisen er på kun kr 50,- 
I salg på Naustet på Nesvik eller via Thomas Tjeltveit 97 51 90 40
images/ung/opning9s.jpg 

FaceBook
Så kom julestemninga dalande frå oven: natt til sønd 20.12 lava snøen ned, og Jøsnesbuen vakna til julekortstemning søndag morgon. Ca 1/2 m snø !!
images/ung/bilde%20017.jpg
FaceBook
Jøsneset skule inviterte til bygdekveld med JUL som tema:
images/ung/jul2.jpg
FaceBook

Sparebanken 1 SR Bank sitt bankråd har i haust så raust bestemt at Jøsneset Ungdomslag får kr 10 000 i bankrådsmidlar til sceneutstyr Kiss Beskjeden kom frå banksjef i Årdal, Sigrid Riskedal, som rosar dei frivillige bidraga frå bygda for å få til denne scenen m/sceneutstyr.

Dette var ein av fleire søknader Ungdomslaget sendte til eksterne sponsorar. Me har fått fleire avslag, så dette var særs gledeleg og kjem godt med !!  Sceneprosjektet har gjort eit djupt innhogg i oppspart kapital, men allereie vel avvikla arrangementer på scenen vitnar om at dette var vel investerte pengar. Bygda har nå ei ortleg storstove !

Me takkar og bukkar og bøyer oss i støvet for den generøse gåva frå SR Banken. Me blei så hoppande glade, at me sporenstreks bestemte ny PÅSKEREVY ! Så då kan du få sjå kva pengane har gått til: lyd, lys og scenetepper :-)

Me vil samstundes nytte høvet til å takke og bukke vel så mykje for alle gåvene me har mottatt til prosjektet frå privatpersonar i bygda. Me utfordra til ei lita kronerulling, som jammen innbrakte tilsaman ca 12 000 !!  Mange flotte bidrag her som me takkar hjarteleg for !! 

Jøsneset Ungdomslag
v/ Svanhild H Gbada

 

FaceBook

Onsdag 15.12 behandla Formannskapet planprogrammet til  Areal-og transportplan for Ryfylke. I den samanheng meinte politikarane at det var viktig å signalisere at Hjelmeland kommune vil ha utgreidd eit fastlandssamband over fjorden her i den regionale planen.

Dermed blei det einstemmig vedtatt at formannskapet ønskjer at det såkalla Jøsenfast-prosjektet skal vurderast nærare i planen.
Jøsenfast er eit Finn-fast-liknande idè-utkast med undersjøisk tunnel frå Hjelmeland til Nesvik, med forgreining til Ombo.

Er dette første vesle skritt på vegen mot eit fastlandssamband for Jøsneset ?? Her må me tydlegevis følgje med på fylkeskommunen sitt vidare arbeid med areal-og transportplan for Ryfylke.

FaceBook


Akkurat nå når ferjekaien på Hjelmeland er ute av drift pga utvidingsarbeid, kjem Aftenbladet med ein artikkel om ferjefri kryssing over Jøsenfjorden:

dvs undersjøisk tunnell frå Hjelmeland til Nesvik.....det såkalla Jøsenfast.

Har du tru på det?? Det har ordføraren !!

Les meir i AFTENBLADET

Der kan du òg gå inn på debattforum om saken.

FaceBook

Statens Vegvesen melder at pga uforutsette hendingar og lang herdingstid på betongen, blir ferjkaien halden stengt fram til søndag 13. ca kl 13.00.

Ferja vil difor halde fram med å gå med ca 3 timars intervallar Nesvik-Ombo- TAU !
Hurtigbåten held fram å gå i same rutene som ferja vanlegvis går.

Rutetider: sjå artikkelen 02.12 Stengt ferjekai i høgremenyen.

"Bilparken" på Nesvik-kaien gir nå eit godt bilete av kor mykje pendling det er over fjorden. Kaien er nå overfylt av parkerte bilar. Så ver ute i god til avgangane i tillfelle det er vanskar med å finne ledig plass.

FaceBook

 
           Søndag 6. desember trassa store og små Jøsnesbuar stormen for å tenna julegrana ved brannstasjonen.
 
FaceBook

Onsdag 16.des inviterer Jøsneset skule til stor bygdekveld.
 
                              images/ung/jul1.jpg
Tema  JUL og JULETRADISJONAR
Song, dans, rollespel.

Les meir her.

Hjelmeland ferjekai skal byggast om og utvidast. Difor blir ferjekaien der stengt f.o.m mandag kveld 07.12 fram til fredag 11.12. Sjå melding frå Vegvesenet HER.

Det blir sett opp hurtigbåt etter den ordinære ferjeruta.
Skal du ha med bil over, må du ta ferje til Tau!
Det vil gå ferje i sambandet Nesvik -Ombo-Tau i 3.timars-intervallar; sjå midlertidig ferjerute HER.

FaceBook

Husk at du ikkje alltid treng å gå over bekken etter vatn:

Du finn gode julemat-produkt hima i bygda:

Pinnekjøt? Fenalår? Mør kalvesteik? Med ei frisk eplesaft attåt? Sjekk BUHAGEN.

Deilig røykelaks? Eller kanskje ein cocnacmarinert variant? Sjekk MIKALS LAKS.

Andre som har noko spennande til salgs? Meld inn !

FaceBook

images/ung/husm.jpg

 

FaceBook
images/JUL/Bilder/sno1.jpg
FaceBook

Den årlege juletrefesten i bygda plar vanlegvis finne stad ein kveld i romjula......
Men i år har me ingenting hørt og ingenting sett!Surprised

Det ryktes at festen er avlyst...??....eller kanskje utsett til over nyttår...??

Eller er nissane slitne etter førjuls-stria? Eller kanskje sjuke?? (som så mange andre)...Embarassed

Om du har oppklart "mysteriet", så ta kontakt Wink

FaceBook

Etterkvart som bøkene på turpostane blir skifta ut, vil me her leggja ut kor mange det har vore på dei ulike postane. Sjå under "turstiar" til venstre i menyen for meir informasjon om turpostane våre, her finn du og turkartet.

Turpost

  • Røssenibbå er skifta for ei stund sidan, og der var det 37 besøk i år, mot 13 i fjor.
  • Boka på Tausanibbå på Herefjellet vart henta ned 27.12.08 og der var det 90 besøk i år, mot 69 i fjor. Også ei auke her altså. For dei som ikkje har vore der enda, kan eg opplysa om at det tek ca 1/2 time å gå opp dit frå Åsland, og då er du på "høgfjedlet" altså, men det er jo bratt opp. Deretter er det ein fin rundtur om du vil gå ned att på "Liå" te Torkel, eller du kan gå den merka løypa ned att same veg. Her blir det forresten bestilt inn ny postkasse, for den er blitt ødelagt i blesten der oppe.

fin utsikt fra Herefjellet

  • Nesdalsfjellet 473 besøk mot 581 i fjor, altså ein nedgang her.
  • Brynå 822 besøk mot 528 i fjor- ei GEDIGEN auke på Brynå i år! Bra!
  • Fosstemmen 410 besøk mot 420 i fjor. Her er jo Gapahuken som er ein koseleg plass å ta ein rast. Kanskje det blir sikker is her oppe snart?
  • Håvehammar bok for vaksne: 579 besøk, barnebok: 179 besøk (kom til nr 188, men det var 9 tomme nr)
  • Gunlanuten har hatt 144 besøk i år mot 112 i fjor.
  • Høgafjell 190 besøk i år mot 167 i fjor.

Takk for innsatsen alle saman!

Jøsneset helselag, ved Jorunn Foss mobil: 99638803

FaceBook

Helselaget deler som vanleg ut blomar som ei julehelsing til medlemmer som er over 80 år. I år vart det 11 blomar. Desse delast ut i løpet av helga før jul i år.

 

kvit juleglede til de over 80

 

HELSELAGET NYTTAR OG HØVET TIL Å YNSKJE ALLE EI GOD JUL OG ET GODT NYTTÅR!

FaceBook

Jøsneset si nettside www.josneset.no er nå 1-årsjubilant ! images/bilder/sun.jpg

I mellomtida har sida fått ein god del brukarar. Me kan registrere tal treff pr artikkel; og det er mange artiklar som har både 5-6-7 og 800 treff !! Og det er me svært nøgde med; sett i forhold til at Jøsnesbygda kun har ca 170 fastbuande. Me ser òg at det er mange treff kort tid etter at artiklane blir lagt ut: dette tyder på at det er ein del faste brukarar av sida. Dette set me veldig stor pris på !!

Me håpar at sida er til nytte og glede både for fastbuande, hyttefolk, ungdommar og "utvandra" Jøsnesbuar med røtene sine her.....og kanskje ein og annan sporadisk "forbi-streifar"Smile.

NB: sida blir drifta på HEILT frivilleg basis, og difor vil oppdatering av sida skje sporadisk,  når "redaktørane" har tid til overs i ein elles travel kvardag.  Ein kan difor ikkje sjå på sida som ei "dagsavis", men me prøver å snappe opp småting som skjer i kvardagen i bygda. Og ikkje minst: sida fungerer veldig bra som ei OPPSLAGSTAVLE.

Me oppmodar alle som har noko dei ønskjer å formidle til folk: ta kontakt med oss; så legg me det ut ! Skal du opp med ein plakat om noko; så få plakaten opp her òg !

For å kunne utvikle sida vidare inn i framtida, er me òg avhengine av tips, innspel, ris og ros - så nøl ikkje med å ta kontakt!

Nytt i redaksjonsnemdna:
Silje Sværen har overtatt som "redaktør" på vegne av Bygdarådet. Ho er sekretær i Bygdarådet; og vil leggje ut møtereferater, uttalar, info m.m for Bygdarådet.

Me ønskjer alle brukarar av nettstaden ei RIKTIG GOD JUL ! images/bilder/bells.jpg

FaceBook

Fredag 12.12 var det fullmånekveld - ein feiande flott fullmånekveld til og med !
images/JUL/Bilder/nisse1.jpg
Og "Nissane frå Gunlanuten" hadde meldt sin ankomst fleire dagar på førehand. Barnflokken på Jøsneset stilte opp; og ferda gjekk oppetter ein månelys bygdeveg; på leit etter ein bålplass der Nissane skulle dukke opp.

FaceBook

HAU, HAU !!... alle snille Jøsnes-barn !!!

Me nissar har det ganske travelt nå før jul; og jobbar og står på for å bli ferdige te jul. Men:  når det er FULLMÅNEKVELD; då tar me ofte turen ned frå Gunlanuten Nisseland for å sjå koss dokke har det nere i Jøsnes-bøgdå.  Og nå på fredag den 12. i 12. , då er det faktisk FULLMÅNEKVELD.

Ska me treffast då ??

Alle barn: kom te Skiftun-krossen  fred 12.12. klåkkå 18.00, så kan dokke jo sjå om dokke finne oss nissane !!

Me e jo litt sjenerte, så me våga kje komma heilt ned i lyset. Men viss dokke leite litt, så finne dokke oss nok oppi liå ein plass.

Me drive å bake nå, på nissebakeriet ; så det kan jo henda me får med oss någe ny-bakst så dokke kan få smaka på.  Og så liga me kjempegodt gløgg, så me håbe me får smaga det av dokke !

Me nissar syns det er kjempefint å vara ude når det er fullmåne i desember!! Tenk den flotte stjernehimmelen!  Men det kan òg vera kaldt; så ta på dokke gode, varme klær. Og så lige jo me nissane godt når dokke òg har på dokke nisseluer......då blir me jo nesten som ein stor, orntlig nisse-familie!

Du kan godt ta med lykt -  og gjerne mor/far eller ei aen god vaksen-hand å halde i.

Et tips for å finna oss: eit bål !!  Men kor er det ???

Helsing to Nisse-gubbar frå Gunlanuten !!

Endeleg ! Nå er det klart for scene-bygging på gymsalen på Jøsneset skule!!

FaceBook
...
FaceBook

Lefsebaksten i Trivselstova med Marta og Olga er unnagjort ! Det blei ein koseleg og nyttig kveld med denne tradisjonelle bakekunsten. Damegjengen jobba på i ett, og resultatet blei masse lekre smakebitar, og gode, mjuke lefser er nå spredt rundt i diverse heimar i bygda. Kunne du tenke deg oppskriftene? Send ein e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..



Skulebarna har òg jobba ivrig - på juleverkstaden på skulen. Mange hemmelige, sjøllaga småting er på veg inn i fint gåvepapir – og ligg snart under trea til mor og far, tanter og onklar. Les meir om barna sine juleførebuingar på Jøsneset skule si eiga heimeside.
----
Og ikkje minst - Barnehagen sitt koselege, tradisjonelle julebord er òg unnagjort - med flott pinnekjøtt, karamellpudding og gele på menyen. Underhaldinga var det sjølvsagt dei små som stod for; eit fint opptrinn med "På låven sitter nissen". Og til slutt svinga store og små seg i glad julesang rundt det flott pynta juletreet .

Og då kan julefreden snart senke seg over Jøsnesbygda.

Me ønskjer alle ei god jul – og alt godt for det nye 2008 !

FaceBook

For første gong har bygda Jøsneset fått sin eigen nettstad. Gratulerar! Sida er eit samarbeidsprosjekt mellom frivillige lag i bygda. Sida er blitt bygd opp med hjelp av Norsk Plan, www.norsk-plan.no – eit lite konsulentfirma som held til på Ropeidhalvøya. Men sida skal driftas av oss lokalt.

Av praktiske årsaker blir ikkje nettsida oppdatert før ca midten av januar !

Deretter vil me prøve å halde sida relativt oppdatert – litt avhengig av kor mykje stoff og tips me får inn frå folk.

For at det skal bli ei levande, aktiv og interessant side, så er me heilt avhengige av tips, idear, ris og ros. Dette tek me imot allereie nå. Og me vil svært gjerne ha informasjon om lokale arrangement til kalenderen vår m.m. Og på denne sida er nesten ingen nyhende for liten – så lenge den er av interesse/relevans for Jøsnesbygda. Sjå Kontakt oss.

 Bruk sida - spre linken - gi oss tips !!

FaceBook

Under budsjettbehandlinga 12.12.07, sa kommunestyret JA til scene i gymsalen på Jøsneset ! Dermed har fleirtalet av politikarane halde det dei lovte på valkamp-møtet i september.

Som kjent har Ungdomslaget garantert for inntil 1/3 av kostnadene, avgrensa oppad til 250 000,- dersom kommunen òg bidreg med 1/3. Dette gjekk altså inn i kommunebudsjettet.

Eit av fleire vilkår knytt til garantien frå Ungdomslaget er at bygget skal frå grendehus-status, i tillegg til det primære som er gymsal/skule.

Då er me kome eit gledeleg skritt vidare mot realisering. Neste skritt i finansieringsplanen er 1/3 tippemidler. Søknadsprosessen er allereie i full sving, og søknad blir sendt til Fylkeskommunen i starten på januar 08.

FaceBook

Det er Helselaget som er tillagt ansvaret for vedlikehald av turstiane i bygda. Styret kan ikkje gå opp desse turane jamleg sjølv, så difor har me ”adoptert” bort stiane.

Dersom flittige turgjengarar har lyst til å "adoptere" ein tursti er det kjempeflott ! Ta då kontakt med leiar for Helselaget tlf 996 38 803. Dette er for å sikre at nokon kjenner litt ekstra ansvar for ein sti, slik at ev manglar ved denne kan rettast opp.

FaceBook

Eit verkstadopphald som skulle vare 14 dagar, har nå tatt over dobbel så lang tid som berekna. Ferjemannskapet opplyser at det nye bildekket på ”Hjelmeland” er på plass, og at ferja vår er ventande tilbake i rutetrafikk ila denne veka. Etter fleire veker med både ”Utstein” og ”Frafjord” – med diverse forsinkingar, dårleg komfort og fulle ferjer, ser passasjerane nå fram til å få på plass den rette ferja. Bygdaposten opplyser at med det nye bildekket på plass, har ferja plass til heile 9 personbilar fleire !

FaceBook

Jøsneset Ungdomslag sitt tilbod om 250 000,- til kommunen for å få realisert scene til gymsalen, blir kanskje helst velkommen i kommunen likevel. På Bygdaposten si nettside kan me lese at ordføraren uttalar at Senterpartiet går inn for scenebygget:

" Ordførar Bjørn Laugaland vil ikkje seia så mykje om Sp sitt budsjettframlegg, men seier at han reknar med at det vert lagt fram eit forslag om innføring av eigedomsskatt i 2008.

-Ei anna endring me kjem til å leggja inn i vårt forslag, er grønt lys til planane om scenetilbygg på Jøsneset skule, seier Laugaland. "


Dette lovar godt, men det er framleis ikkje avgjort og det er framleis knytt spaning til kva dei andre partia i formannskapet og kommunestyret går inn for. Formannskapet utsette budsjettsaka i sist veke, og vil nå bli behandla tirsdag 27 nov. Følg med !

FaceBook

Og for ei feiande flott "reise" det blei på bygdekvelden som skulen skipa til den 14.11 ! "Reiseleiaren", som var den svært så geografi-kyndige Trond Brandal, geleida oss trygt med på ei spanande "reise" gjennom 12 land i alle verdsdelar. På ein artig og variert måte gav elevflokken oss eit lite innblikk i dei ulike landa sine kulturelle og geografiske særpreg. Virkemidla var masse song, musikk, rollespel, og ikkje minst knallartige power-point-presentasjonar.

På den opplevingsrike "reisa" møtte me skotsk folkedans, engelsk fotballsong, argentinsk te-sermoni og litauisk eventyr. Det var stort spenn i dei mange innslaga; frå svingande mexicansk dans med fullt trøkk, innom humørfylte sketsjar - og til vakker, stemningsfull kinesisk musikk og dans (imponerande framført av 1 og 2 klassingane!).

Elevane gav uttrykk for at dei likte seg på "reisa", og deira engasjement og smil smitta over på dei mange frammøtte i salen. Her er det mange ulike talent som spirer.
Den dyktige lærarstaben skal òg ha ros for å klare å skape ein artig og svært innhaldsrik regi på det heile.

Elevane ønskte velkommen på mange ulike språk. Så då får me som var i salen avslutte med:
Takk. 谢 谢 Thank you. Merci. Danke. شُكْ. Grazias.

Og det same kan seiast til alle foreldra, som saman klarte å skape eit variert og spanande matbord med både norske og internasjonale rettar !

FaceBook
Facebook