1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

FaceBook

BYGDAKVELD

LØRDAG 10. DESEMBER KL 1700 I GYMSALEN

- NÅ ER DET JUL IGJEN!

 

FaceBook

FaceBook

FaceBook

1. Søndag i advent, 30/11/14, inviterer Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag til felles adventsmarsj frå Åsland til Fosstemmen.

Turen startar frå Åsland kl 12:00 og me går saman til Fosstemmen der det vil vera graut, saft og kaffi til alle fram til kl: 15:00.

Ta med deg naboane og møt opp til ein flott start på adventstida.

 

FaceBook

Ferjekrasj og trafikk-krøll......"vær"-dagen må gå sin gang for det! Og då er det ein fordel med fleksible og praktiske retta skysskarar som Helgøyen og Co. Det fekk sauebøndene Ingeborg og Sven erfare: som hadde kjøpt to værar på Hjelmeland. I staden for å ta lastebilen med på ferja frå Nesvik til Tau, og deretter kjøre til Hjelmeland for å hente værane, for deretter å kjøre tilbake til Tau og ta ferja til Nesvik(nesten ei dagsreise), spurte Sven om værane fekk reise med hurtigbåten: Å ja !! Det var jo klart !! De går som barn; repliserte Helgøyen

FaceBook


Revygjengen har begynt å røra på seg igjen og her er det plass til fleire.
Har du lyst til å vera med? Me treng skodespelarar, manusforfattarar, tips og idear.
Er du interessert ta kontakt med

Lene Hjorteland, 97761730, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Lise Tjeltveit, 97531845, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Maria Brandal Vikene, 97755322, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

FaceBook


Ein kalender er ei super lita julegåve. Hjelmeland Turlag sel nå Strand Fotoklubb sin populære Ryfylkekalender. Dette er ein årskalender med kun flotte Ryfylkemotiv. Du finn fleire bilde frå Hjelmeland tatt av ivrige, lokale hobbyfotografar. Sjå bildene månad for månad på Strand Fotoklubb.  Kjøper du kalenderen via oss i Turlaget, får me ein liten provisjon av saletWink. Pris: kun kr 100,-  Bestilling: Svanhild H Gbada, Turlaget,  tlf 97 00 76 36 eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

FaceBook

Lørdag 24.11 kl 11.00 opnar julemessa i Spinneriet, Hjelmeland. Det blir ekte god julestemning, og sal av masse lokalproduserte julegåver: lappetepper, keramikk, barneklær, spekemat, knivar, aloe vera produkt og masse meir. Det blir òg sal av thaimat og kaffe, vafler og kaker. Pinnebrød i bålpanne og hestriding utenfor. Ansiktsmaling for barn. Overskot av alt sal går til Nkondo-foreningen, som jobbar med hjelpeprosjekt i Tanzania.


PS: Buhagen stiller.....stiller du?

FaceBook

Juletrefesten på skulena var i tidligare tider høgdepunktet i romjula.
Dei siste åra har dessverre oppslutninga vore synkande, og no
går det kanskje mot slutten for denne tradisjonen.

Les meir dersom du vil bidra til at festen kan leva vidare!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FaceBook




Folkedanslaget melder at den annonserte dansekvelden er desverre avlyst pga for liten påmelding.

FaceBook

Me har fått følgjande melding frå elevar ved Rygjabø vidaregåande skule på Finnøy:

Akvakulturklassen skal til Frankrike i mai og vi treng pengar til turen. Om DU vil støtte oss akvaelevar med dette, så kjøp deg ein god laks og kos degSmile  Kaldrøykt laks eller varmrøykt , ei stor side  kr 200,-  liten røykt laks kr 70,- . Bestilling i Hjelmeland: Sondre Fosså 980 74 470"

Me bøyer oss i støvet for kva skulebarna frå Jøsenfjorden og Jøsneset har fått til på ei kort temaveke på Jøsneset skule. Dei drog fulle hus i gymsalen onsdag kveld, og starta 60tals-showet med ein forrykande Jailhouse-rock....stemninga var satt og alt dreide seg om 60talet vidare utover kvelden. Fyldigare artikkel følgjer, så heng på her på nettsida folkens.....og følg med i Strandbuen fredagWink

FaceBook

Kanonbra frammøte på denne vekas volleyballtrening - meir enn fulle lag, alt frå 14-åringar til 60-åringar, kvinner og menn, jøsnesbuar, fjordabuar og "hi-siå-buar" - kjempebra! Og spanande speling blei det.

Dette lovar godt framover! og difor held me fram med volleyball-speling KVAR ONSDAG kl 20.00, gymsalen Jøsneset skule. Kom og bli med !

FaceBook


I serien "flotte hausthimlar" kan me jo føye til at torsdag 8 november bygde det seg opp ein flott skyhimmel over Randøy....innimellom gråværet blei det òg blå himmel, solgløtt, flott lys og låge, lubne skyer.......

...
FaceBook

Foto: Kjell Helle Olsen
Jøsenfjorden Fritidsklubb, i samarbeid med Hjelmeland Turlag, inviterar til  BILDEKVELD MED KJELL HELLE OLSEN i Fjordahuset i Jøsenfjorden torsdag 15.november kl 19.30.  Kjell Helle Olsen var i mange år primus motor og leiar av Stavanger Turistforening, dermed òg ein ivrig heiavandrar  - og heldigvis òg ein like ivrig naturfotograf. Denne kvelden blir det nok masse flotte bilder frå lokale strøk, primært  Jøsenfjorden og heiastrøka innanfor.
Arrangøren lokkar òg med suppe og foccatiabrød - inngangsbilett kr 50,-

FaceBook


JØSNESET SKULE INVITERAR ALLE, BÅDE STORE OG SMÅ, UNGE OG GAMLE, I JØSENFJORDEN OG JØSNESET TIL BYGDAKVELD PÅ JØSNESET SKULE ONSDAG 14 NOVEMBER KL 18.00. TEMAET ER DEI GLADE 60-ÅRA !! GJENNOM SONG, DANS OG ROLLESPEL TAR ELEVANE OSS MED PÅ EI SPANANDE REISE TILBAKE TIL 1960-TALET.....så her blir det garantert masse mimring for alle foreldre, besteforeldre, onklar og tanter og alle andre vaksneWink.

MAT.   Bilettpris til den nette sum av kr 10,. for alle over 12 år !!

FaceBook


Onsdag 7 november var det fullstappa av utlendingar på Skiftun kai i november-gråværet. Eit stort europeiskTVselskap inntok Skiftun kai, og skapte fiskehus og kai om til dei flottaste TV-kulisser og chefs-kjøkkenlokaler. For teamet klargjorde arealet for matkonkurranse som blir filma torsdag 8 november. På torsdag strøymer det difor enda meir folk til kaien; då kjem alle konkurrentane som skal konkurrere mot kvarandre i dei deiligaste sjørettar av ekte norsk oppdrettfisk.  Me høyrer òg rykter om at andre TV-selskap, aviser...

...
FaceBook

Treng du fleire stikkord for årets event på Skiftukaien??

Kva med 5 trailerar, mykje utstyr, franske kokkar i kø, fransk TV-team, TV 2, konkurranse, mat med stor M, aviser ?.......vent å sjå !

FaceBook

Det ordnast, sopast og ryddast svært på Skiftun kai for tida......er det Kongen som kjem ?
Nei, ikkje ganske, men spanande ting skjer der onsdag 7. og torsdag 8 november.
Ser du ei kolonne med trailerar og masse folk som inntar bygda, så skal de nok dit.
Følg med !! Stikkord: TV, sjømat og fransk vriWink

FaceBook

Lokalrevyen på Hjelmeland går som "hakka møkk"....og pga at bilettane blei utsolgt tidleg på fredag formiddag, blir det nå sett opp....

EKSTRAFORESTILLING SØNDAG kl 19.00
Salg av bilettar i døra.

Sjå innslag på NRK-ROGALAND.

Revyen har fått veldig god omtaleKiss

FaceBook

Hjelmeland kommune melder om datatrøbbel etter helgas uvær.

Det er ein komponent i antennen på Nesvik som er skada av for mykje vatn, og det må bestillast ny del.
Kan ta nokre dagar før det er "oppe å går" igjen.
Her i bygda berører det m.a. Jøsneset skule og barnehage

Les meir på nettsida til Hjelmeland kommune

FaceBook

2. søndag i advent, 4. desember tenner me i år igjen juletreet ved brannstasjonen

FaceBook

For dei som har Anna Anka og resten av revygjengen frå Erfjord/Jøsenfjorden friskt i minne, kan de nå glede dykk til nok ein ny lokalrevy.
Denne gongen er det på "hi siå" av fjorden. Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag set opp lokalrevyen "Kjekt å ha"Wink
Dei lokkar med fleire nye debutantar på scenen, nye tekstforfattarar, nye låtar, artige lokal-parodiar mm.
Les meir om bilettbestilling, ulike forestillingar mm på nettsida til Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag.

FaceBook

Melding frå Cesilie på MIXn Nesvik:

Hei! November tilbud på julesnop og kalendere er komt på Mixen.
Alle pølser til kun kr25,- hele mnd. 
Minner òg om åpningstider som er 11-19 kvar dagSmile
Gaveide?? Utvalgte Disney DVD 1 for 89,-....2 for 149,-

meir info: www.mix.no

FaceBook

......nei, det er ikkje folketalet på Jøsneset som har nådd uante høgdar...Wink

Men derimot er det besøkstalet på turposten HÅVEHAMMAR : der er nå registrert over 1000 turbesøk i turbøkene der hittil i 2011...nærare bestemt 1003. Det betyr at fjorårets besøktal allereie er passert....då var det snautt 950. Håvehammar vil vel då igjen "gå av med seiren" som bygdas mest populære turpost sannsynlegvis?



Utsikt frå Håvehammar ein haustkveld i 2011.

FaceBook

Strandbuen hadde ein fin artikkel om Bygdekvelden i fredagsutgåva 18.nov, og der fronta dei ideen om å ta dei Munch-inspirerte kunstverka med ut på "vandreutstilling" til andre skular - samen med skodespelet.

Det var et flott skussmål å fåWink og så får me vente å sjå kva som skjerSmile

Til dei av våre nettlesarar som ikkje abbonerer på papirutgåva av Strandbuen, kan de få lese artikkelen HER.
(tips: legg hodet på skakke,,,,eller snu PCn "ein kvart omrdreining"Tongue out)

FaceBook



Me vågar påstanden om at framsyninga som skulebarna framførte på Jøsneset onsdag kveld var sjølvaste Edvard Munch verdig !!!  Han hadde nok smilt godt om han hadde visst korleis hans verk  inspirerar barn i vårt moderne 2011 - heile 67 år etter hans død.  Gymsalen på Jøsneset var fullstappa med publikum når temaveka om Munch blei presentert.

FaceBook

Nye turbøker for 2012 er kjøpt inn og laga klar for å leggast ut. Bøkene vil eg dele ut til dei som har adoptert turane. Dersom nokon andre veit at dei skal ta seg ein tur og gjerne vil ta med boka, så ta kontakt. Vi satsar på å bytte bøkene på toppane frå 01.12.11 (helst før snøen kjemWink ). Resten skal byttast rundt årsskifte.

Vær obs på at det blir poengberekning frå 2012. Poenga står i bøkene, men ligg også i nyhetssaka til høgre i menyen under "nytt frå styret i helselaget". Etterpå vil det bli lagt under lag/organisasjonar under helselaget.

Mvh Jorunn Foss

Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag

FaceBook

Revygjengen har begynt å røre på seg igjen, og har planar om påskerevy 2012 - til glede for oss alle her i bygda. Nå lyser dei ut namnekonkuranse: Finn på namn på påskerevyen 2012 - så kanskje du kan vinne gratisbiletter for to personar !!!

FaceBook

Det blir stor BYGDAKVELD på Jøsneset skule onsdag 16.november kl 18.00.

Det er fellesarrangement for Jøsneset og Jøsenfjorden skule og alle i begge bygdene er hjartelege velkomne.

Skulane har hatt felles temaveke om sjølvaste EDVARD MUNCH.

Det blir difor "kunstutstilling", rollespel og song + musikalske innslag frå elevar i Kulturskulen.

Opplegget passer for alle aldersgrupper og difor er små og store, unge og gamle velkomne.

MATSERVERING Smile Inngang kr 20 for alle over ungdomsskulealder.

Helsing elevar og lærarar !!!

FaceBook

Lørdag 3 og søndag 4 desember er det JULEMESSE PÅ SPINNERIET

Masse flott heimelaga brukskunst - få julestemning og finn julepresangar......det blir mat og overraskingar og så kjem sjølvsagt NISSEN

Les meir på HJELMELANDSNYTT.NO

FaceBook

Ein gla gjeng på Spa hotellet laurdag 29.10.11 på kick-off for bulyst-prosjektet "Hjelmeland 24-7" Jøsneset hadde tre stk med på kick-off.

 

FaceBook

Premiering av turstiar

Som vi tidlegare har informert om her på nettsida, samt i infoskriv som vart sendt rundt til innbyggarane på Jøsneset, så skulle ei sak på møte vere premiering på turstiane. Vi har fått nokre få innspel som vart tatt opp på styremøte, men vi hadde håpa på fleire innspel frå dei som nyttar turstiane. Styret hadde og fleire meiningar i saka, men vi kunne einast om følgande frå 01.01.12:

Det blir poengberekning der dei ulike turstiane tel slik:

  • Brynå, Nesdalsfjellet og Håvehammar 3 poeng
  • Fosstemmen og Tausanibbå 5 poeng
  • Gunlanuten, Valafjell, Røssenibben og Norda Høgaste 10 poeng

Barneboka på Håvehammar vil bestå, og der blir det framleis trekning i boka. For å vere med i trekning av premie på årsmøtet til helselaget, må det ein viss poengsum til. Vi kjem tilbake til det nærare årsskifte.

 

Toppturkonkurranse

Styret har tidlegare bestemt at oppslutningen om toppturkonkurransen vi har hatt er for liten. Hensikten med toppturkonkurransen har nok og blitt nådd med arrangementet 1.pinsedag Hardhausen/3-nutstur, nemleg at dei flotte toppane våre blir meir brukt. Styret i Helselaget har og diskutert å redusere på antal turbøker. I det høve er det aktuelt å ta vekk dei som blir minst brukt, og det er toppane og Tausanibbå. Gunlanuten vil uansett ha bok. Vi valde å avvente korleis poengberekninga slår ut først, men frå 2013 kan det bli aktuelt å fjerne bøkene som ikkje blir brukt noko særleg.

 

Hjertestartar

Vi har diskutert i styre om me bør prøve igjen å skaffe hjertestartar til bygda. Norsk Luftambulanse rådar oss som bur så usentralt til å ha hjertestartar, og dei seier at ein ikkje kan få liv i nokon utan hjertestartar. Dersom luftambulansen skulle vere opptatt ein annan stad, vil ein hjertestartar kunne redde liv. Nødnummeret 113 har oversikt over hjertestartarar og kontaktpersonar for desse. Det forutset nok at ein del personar er villige til å få opplæring og halde seg oppdatert på å bruke denne. Styret vil sjekke ut pris og deretter ta dette opp att på neste styremøte. Vi ynskjer oss innspel i saka på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller til Ingeborg Westersjø tlf 92850297.

 

Eldretreffet

skal på juleavslutning på Spa hotellet siste gong før jul, 8.desember.

FaceBook

GJIL AKTIVITETSSENTER melder at Anna Anka Winker klar for julabordet, så nå får alle karar stasa seg opp og forberede den kulturelle begivenhetTongue out.

Dei melder òg at det blir ein kanon revy! - god mat - kjekk quiz - kjekke folk - god drikke - og mykje meir!
Og : bussen kjører kl 01.35 til Nesvik (for dei som skal ta båten). Etterpå tar den turen rundt på Jøsneset.


Her finn du meir info og HEILE PLAKATEN.

Arrangør GJIL AKTIVITETSSENTER. Bindande påmelding Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.  eller  93460957

FaceBook

Då sentrale personar i det høgtideleg seriøse koret KorLøye har andre påtrengjande gjeremål mandag 29 november, blir korøvinga utsett ei veke, altså til mandag 6.desember. Då blir det øving på Jøsneset, 19.30.

FaceBook

 


Siste del av november har vore prega av kaldt, stilt og stabilt barfrostvær.
Fint inne ved peisen......men magisk ute i naturen òg

FaceBook

    Me treng tips og idèar til nettsida.

Veit du om eit arrangment, eller små eller store ting som skjer på Jøsneset - SÅ TIPS OSS !
Det er enkelt: klikk "kontakt oss" oppe på sida - så vips har du epostadressene våre.

 

FaceBook

Husk Volleyball-trening torsdagar kl 20.00 i gymsalen.

Volleyball er ein sosial og kjekk sport som passer for alle, så ta med deg naboen og komSmile

Arr: Jøsneset Ungdomslag

FaceBook

Torsdag 11 november inviterte Jøsneset og Jøsenfjorden skule til Bygdakveld på Jøsneset. Elevane tok ein fullstappa sal med gjennom eit over 1-times variert program. Og salen lot seg begeistre: på dei to små skulane gror talenta !!

FaceBook
FaceBook

 Hjelmeland sitt fotball-lag G15, der heile 5 Jøsnesgutar var med, har nå spela sin siste kamp etter nesten 10 år i lag.

FaceBook

 Jøsnesguten Jone Hjorteland (15) er klar for Rogaland krets sitt fotball-lag.

FaceBook

HJELMELANDSNYTT finn du ein arrangementkalender for Hjelmeland.

Arrangementkalenderen er sortert bygdevis og etter dato, så det er veldig enkelt å finne oversikt over kva som skjer i ditt nærmiljø.

Det er Hetland Media v/ Morten Hetland som driftar sida.

For at HJELMELANDSNYTT skal vere mest mulig komplett og oppdatert er det viktig at du, viss du har eit arrangement på gang, melder frå til Hetland Media på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller kontakt Morten på tlf  45 43 69 05

FaceBook

Torsdag 11 november innbyr skulen til BYGDAKVELD på Jøsneset Skule kl 18.30
Tema er "Barnelitteratur og forteljingar i ulik form"
Om me kjem til å sjå slike makalause triks som denne godjenta utfører, er vel heller usikkertKiss.
Men skulebarna kjem garantert til å gi oss god underhaldning !!!

FaceBook

 

Aktivitetsdag for ungdom i Jøsenfjorden laurdag 6 november. Les meir HER

Jøsneset Ungdomslag er medarrangør......i dette tilfellet inneber det bilskyss inn el ut til fjorden om nokon treng det.
Elles er det Gjil Aktivitetssenter som står for opplegget og maten Kiss

FaceBook

.....ja, iallefall om me skal tru resultata frå Nasjonale Prøvar.

Sjekk artikkelen på NRK ROGALAND, der det viser seg at Hjelmelandsskulane kom dårlegast ut på leseferdigheiter for 5.klassingar.

Vindafjord kom nest dårlegast ut, men det ser ut som dei alt har sett i gong tiltak......les meir om nytt leseopplegg på Imsland skule HER.

FaceBook

Statens Vegvesen har sendt ut forslag til nye ferjeruter for 2010 til høyring.

Kommunen fekk ei knapp vekes frist, så viss du vil meine noko om rutene, så må du meine det fort !!  Kommunen har vidaresendt forslaget til Bygdarådet, så eventuell merknad kan sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.  innan tirsdag kveld 01.12. (Kommunen sin frist er onsdag, så her må det skje fort).

Ruteforslaget ser du HER.

FaceBook

Frå nyttår får me ny lokalavis !! 

Strandbuen og Bygdaposten slår seg då saman og blir då ei felles avis for kommunane Hjelmeland, Strand og Forsand.  Namnet på den nye avisa er STRANDBUEN !! Sjå her.

På nettstaden ryfylke.no  uttaler rådmannen i Hjelmeland at han ikkje tykkjer noko om det "nye" namnet.  Ifl han er namnet i strid med kommunestyrevedtaket då kommunen selde sine aksjar; Hjelmeland kravde då at avisa skulle ha eit anna namn enn Strandbuen. Så kanskje dette blir kjelde til debatt ?

I følge redaktørane er namnet det som gjekk seirande ut av namnekonkurranse blant avisene sine lesarar.

FaceBook

Det varsla monsterregnet "gjekk av i ligaste lajet" her i bygda,,,,iallefall hittil.  Det blei ikkje så mykje som varsla for torsd/fred. Meldingane gjekk ut på 5-10 årsflaum, men ifølge målestasjonen vindkast.no utanfor Fosså er det kome "kun" 56 mm det siste døgnet. Sør-Fylket derimot har fått sin dose, og det er flaum i Egersund, sjå her.

 MEN værvarslinga melder ny nedbørsmengd på søndag, så me må kanskje framleis vere obs. NVE held deg oppdatert.

FaceBook
11.november blei det årlege Bygderådsmøtet avhalde i Kommunestyresalen på Hjelmeland. Her blir altså alle Bygderåda i alle grender invitert til eit felles møte med kommuneleiinga. Formålet er gjensidig informasjon: Kommunen fortel litt om aktuelle saker, medan dei enkelte bygdaråda får informere om sine aktivitetar gjennom året samt ta opp saker dei meiner er viktige for sine grender. HER er notat frå møtet.
FaceBook
NVE har sendt ut flaumvarsel frå og med torsdag 19 nov !!

Og Ryfylke får visstnok sin del av dosen; kanskje opp mot 200 mm frå torsdag til fredag kveld !!  Med sommarflaumen friskt i minne: sjekk takrenner, stikkrenner og grøfter og hald avløpsveier opne for å unngå skader.

Les meir om dette hjå NVEStrandbuen og NRK Rogaland.
FaceBook

Adressering på Jøsneset

Jøsneset bygdaråd har det siste året, i samarbeid med Eldfinn Austigard, arbeidd ein del med adressering på Jøsneset.

FaceBook

images/ung/grasrot1.jpg

Eit flott julegåvetips som du kan gi til dine frivillige lag:
5 % av alt du har tippa for i 2009 kan på ein rask/enkel måte gå til Ungdomslaget eller Helselaget - utan at det kostar deg noko !!

FaceBook

images/baron.jpg
Møt Baron Lasaron i artig førestilling av Skromlehjulet Figurteater.....
men først blir det kafè

 

Igjen blir det ombygging i ferjesambandet. Nå er det ferjelemmen på Hjelmeland som skal utvidast.
 
Dette får ulemper for deg som reisande i nokre dagar :

Anleggsarbeidet vil etter planen skje i veke 50 (7-11 des). Dette kan bli endra - vil i såfall bli annonsert 3 veker før.
Stengningsperioden er planlagd å vare i 3 dagar og 4 netter: frå mandag 7.12 kl 18.00 til fredag morgon 11.12. kl 06.00. Det vil sannsynlegvis bli anleggsarbeid døgnet rundt i denne perioden, og arbeidet vil medføre ein del støy.

Det vil bli sett opp hurtigbåt Nesvik-Hjelmeland-Ombo etter dagens ferjeruter.
Ferja vil gå i sambandet Nesvik - Ombo - Tau (!) i ca 3 timars intervaller.

Ev endringar av dette vil bli annonsert i lokalavisene, og det blir sett opp oppslag på tavlene på knutepunkt i Ryfylke, Lauvik og Fiskepiren.

Kjelde: Statens Vegvesen

FaceBook

Er du ein av dei mange som er interessert i været;
både om korleis det blir og korleis det har vore.

Husk at du kan følgje med på alle detaljar om Jøsnes-været på den web-baserte værstasjonen som står utplassert på oppdrettsanlegget utanfor Fosså. Værstasjonen har fått namnet Jøsneset og ligg på www.vindkast.no.
Linken til sida ligg fast på vår side: sjå lenkjer nederst i venstremenyen.

Nytt på vindkast.no, er at du nå òg kan hente ut vær-statistikk både for enkeltdagar og periodar. Flott, ikkje sant !

Visste du t.d at det kom meir regn døgnet 27-28 juli =94,3 mm enn det gjorde for heile oktober månad til saman = 88,1 mm.
Ikkje rart at vegen i Nesvik blei skyld på sjøen:
images/ung/flaum.jpg
Værforskerar seier at me må førebu oss på meir slike sterke regnkyll i framtida.

Akkurat nå (søn 01.11) melde vindkast.no om.....ja, nettopp vindkast: eller rettare sagt liten storm !! Så hald fast på hatten!

FaceBook

Boka på Røssenibbå er henta ned i dag. Det er lagt ut ny bok, viss det er noen som er så spreke at de vil opp i vinter. For å sjå på turkartet som viser kor Røssenibbå er, så klikk på "Turstiar" til venstre i menyen.

Det hadde vore 37 stk på Røssenibbå i år, mot 13 i fjor. Altså ei durabeleg auke. Det ser ut til å vere trenden på adle turstiane våre i år. Det lovar godt for at det blir konkurranse også neste år.

 

Utsikt frå Røssenibbå

 

 

  

FaceBook
Det ligg no føre forslag til nye ferjeruter. Dette kan folk meina noko om.Vegvesenet har sendt forslaget til kommunen for uttale. Bygdarådet har planar om å senda ein uttale. Viss nokon har synspunkt til forslaget kan de ta kontakt med Oddbjørn. Ruteforslaget kan du sjå her.
FaceBook

Du hadde vel kje gløymt "dei glade amatørar" ? Nå har du sjansen til å sjå dei på DVD.

Påskerevyen "KALVADANSEN" er nå klar for salg på DVD.  I år er det langt betre kvalitet på DVD-ane enn sist !  Nesten profft :-)
Og ka syns du om skuespillertalentene ?? Og det djupe, kulturelle innhaldet ?? Jo, det finn du ut ved å sjå det omatt og omatt.....så løp og kjøp!

Passer fint i gåvepakning under alle jøsneske juletre !! 

Kan kjøpast på MIXn Nauste på Nesvik for kr 130,-

images/bilder/revy3s.jpgimages/bilder/revy6s.jpgimages/bilder/revy1s.jpg

 

FaceBook

Mand 17 nov hadde me ein kjekk og sosial bakekveld i Trivselstova med tradisjonsbakst på menyen.

images/JUL/Bilder/bak3s.jpg

FaceBook
...

Nei, det er ikkje aprilsnarr !!! Og heller ikkje ei grov jaktskrøne !! Det er faktisk tilfellet:
6 hjortar blei felt på eit kvarters tid i heia på Jøsneset i dag.
images/JUL/Bilder/hjorts.jpg

FaceBook

I staden for damekveld torsdag 27.11.08, vert det tur med helselaget til nord Hidle for å lage adventspynt fredag den 28.11.08, oppmøte på Nesvik kl. 17.00

Pakken vi har fått til kostar kr. 400,- pr person. Mat og retur på kvelden med Helgøyen er då inkludert i prisen. Vi reiser  med hurtigbåten frå Nesvik. Vi tek båten til Judaberg og bytter båt der. Vi reiser vidare til nord Hidle derifrå. Båten betaler kvar enkelt sjølv. Vel framme får vi servert heimalaga suppe og kaffi og dessert. Dersom du vil ha anna drikke til maten betaler du det sjølv. Vi får plukke og lage det vi ynskjer av julepynt/adventspynt og betaler for det vi bruker. Vi blir som sagt henta ca 22.30 av Helgøy som bringar oss til Nesvik att.

Helselaget har tidlegare prøvd å få til ein tur i november, det vart ikkje til julebyen i Eigersund som de sikkert såg. Derimot har vi fått til noko som kan være vel så kjekt! Nemleg ein tur til nord-Hidle på Juleverkstad i Eldhuset. Sjå på nettsida deira www.nordahidle.no  Denne turen vert då i staden for damekvelden som var planlagt den 27.11.08. 

Pakken vi har fått til kostar kr. 400,- pr person. Mat og retur på kvelden med Helgøyen er då inkludert i prisen. Vi reiser fredag 28.11.08 med hurtigbåten frå Nesvik, oppmøte kl. 17.00 på Nesvik. Vi tek båten til Judaberg og bytter båt der. Vi reiser vidare til nord Hidle derifrå. Båten betaler kvar enkelt sjølv. Vel framme får vi servert heimalaga suppe og kaffi og dessert. Dersom du vil ha anna drikke til maten betaler du det sjølv. Vi får plukke og lage det vi ynskjer av julepynt/adventspynt og betaler for det vi bruker. Vi blir som sagt henta ca 22.30 av Helgøy som bringar oss til Nesvik att.

Det er berre plass til maks 13 stk på denne turen og difor er det førstemann til mølla som får vere med! Påmeldingsfrist er 21.11.08. Påmelding til Jorunn på tlf 99638803 eller på mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 

 

FaceBook

Som vanleg var det damekveld siste torsdag denne månaden, den 30.10.08. Det uvanlege denne gong var at vi fekk komme til Mikal's laks og Astrid Viga gav oss ei omvisning i fabrikken. Kikker på laksen

Vi måtte jo kle oss etter forskriftene før vi skulle inn i fabrikklokalene, vi syns vi såg rett og slett lekre ut Wink

Dette var svært populært og heile 16 jøsnesdamer og 2 jøsenfjorddamer mobiliserte! Det var så vidt Astrid hadde nok stolar til oss! Men smaksprøvar hadde ho nok av. Vi fekk smake lefse med laks og honning og ei lefse med cognacmarinert laks og sennepssaus. I tillegg hadde ho varmrøykt laks med eple og lime. Svært gode saker! Og vi fekk gode tips til julegåver som vi skal innom for å kjøpe nærare jul, dei hadde fine gåvepakningar med laks og diverse sausar oppi.

Astrid Viga

Mikal's laks starta opp på Skiftun i 2001 og det har sakte men sikkert gått seg til. No har dei ei omsetnad på 9 millionar. Det er ei lita familiebedrift, med to tilsette utanom dei sjølv. I sesongen før jul tek dei inn fleire folk i produksjonen. Dei lagar det kundane bestiller stort sett, men elles er det 4 produkt dei har satsa på: kaldrøykt laks, varmrøykt laks, gravlaks og cognacmarinert laks. Dei kan også levere kveite.

Det er svært nøye med reinhald når det er matproduksjon og Astrid fortalte oss at dei skummar ned og spyler heile maskinane, golv og vegger kvar dag, så tek dei prøvar sjølv og dyrkar i ovn for å sjå om det er blitt reint nok. Dei har jamnleg besøk av mattilsynet , også uanmeldte, og sender inn prøvar også. Dei har nokre store kundar lokalt, som leverer til butikkar i området. Elles er det ein del som vert sendt til utlandet. Interessa for lokalprodusert mat av høg kvalitet har berre auka med åra.

Internettsida til Mikal's laks kan du sjå her. Elles lurte me på når det går an å kjøpe laks i butikken nå, tidlegare var det fredagar, men nå informerte Astrid oss om at butikken er open kvar dag 8-16.00.   

svanhild       påkledd for omvisning

FaceBook

Foto - og teiknekonkurranse med tema  "Min Jøsnes-sommar 2007".

Ungdomslaget arrangerte foto-og teiknekonkurranse i år, og fekk inn mange fine bidrag. Me hadde ein liten utstilling i gymsalen siste helga i oktober. Spesielt kjekt var det å sjå at barna er ivrige, både med teikning/maling og framfor/bak fotoapparatet.

Kåringa av beste foto og beste teikning skjedde ved poengavstemming. 

Vinnar av beste foto var Jone Hjorteland, som sveva ut i sommarhimmelen frå Skiftun-kaien !
Fotoet er tatt av storesøstera Lene Hjorteland.  Dette var eit orntlig sommarbilde, syns me. Trass i mange regndagar denne sommaren, så hadde dei her klart å knipsa sommarglimtet !!
Som premie får dei ei gratis forstørring av bildet/ bildet på t-skjorte.

Vinnar av beste teikning var Andrea Loktu Vasseng. Ho var saman med dei andre skulebarna på båttur med "Brødrene av Sand", og det er denne flotte, gamle segleskuta Andrea her har teikna.
Som premie fekk ho eit fint malarskrin og ei teikneblokk, og me håpar ho held fram å produsere masse flotte bilder.

Thomas Tjeltveit, kom som nummer to i begge klassane, og gjorde det samanlagt altså svært godt.
Han hadde tatt bilde av kattane sine: eit roleg og stemningsfullt bilde som på ein fin måte viser at ein treng ikkje gå lengre enn ut på kjøkkentrappa for å knipse det gode motiv.
Thomas hadde òg teikna "Gutta på tur - til "Kalvagarden" (som er ein flott "gapahuk" som er bygd ved Foss-stemmen). Her var ein liten gutegjeng på overnattingstur heilt aleine i sommar, og Thomas klarte å formidle den  glade guttegjengen på ein fin måte, syns me.
---

Dei fem beste kandidatane i kvar klasse fekk kvar sitt Canon eingonskamera, og alle barna som deltok fekk ein liten premie.

Dei fleste bidraga blir presentert her på nettsida. 


FOTOKONKURRANSEN

”MIN JØSNES - SOMMAR 2007”

 

PLASS

POENG

NAMN

MOTIV

Foto nr

1

36

Jone Hjorteland

Jone hoppar på sjøen1

8

2

32

Thomas Tjeltveit

Kattar og korger

13

3

22

Svanhild H Gbada

Regnbue

10

4

17

Jone Hjorteland (Lene)

Jone hoppar på sjøen2

6

5

14

Jonas H Gbada

Guttar på badeflåte

7

6

13

Thomas Tjeltveit

Thomas på bryggekanten

14

7

12

Solveig Bog Bouzane

Andreas på bryggekanten

22

7

12

Ellen Mari Fosså

Moden molta

12

8

10

Sondre Fosså

”Kalvagarden”

17

9

9

Svanhild H Gbada

Regnbad1

1

10

7

Anne Auglend

Gummibåt-tur

16

10

7

Svanhild H Gbada

Regnbad2

3

11

6

Solveig Bog Bouzane

Guttar og sjøstjerne

21

12

5

Solveig Bog Bouzane

Bading i Nesvikstranda

20

12

5

Solveig Bog Bouzane

Gutt i vasken

23

12

5

Solveig Bog Bouzane

Gutt i stampen

18

13

4

Solveig Bog Bouzane

Gutt i sanden

19

14

3

Solveig Bog Bouzane

Jøsneset i sol

24

15

1

Johan Fosså

Johan på tur

11

16

0

R Bergesen

Jenter og sauer

4

16

0

R Bergesen

Hege på trampolina

9

16

0

R Bergesen

Arild på trampolina

5

16

0

Cesilie Wåland

Madelen og Joachim

15

16

0

Svanhild H Gbada

Barn på badeflåte

2

         
  1. Premie: gratis forstørring av vinnarbildet eller bildet på t-skjorte

2-5 premie: eingongskamera, Canon



TEIKNE/MALE KONKURRANSE

”MIN JØSNES - SOMMAR 2007”

PLASS

POENG

NAMN

MOTIV

NR

1

45

Andrea Loktu Vasseng

Båttur med ”Anna av Sand”

7

2

44

Thomas Tjeltveit

Guttetur til ”Kalvagarden”

3

3

17

Tania og Aaron Auglend

Badeliv

17

4

13

Stine T Henriksen

Fisk

5

5

12

Malvin Johnsen

Maleri frå Porsberg

16

6

11

Jakob H Gbada

Telting i hagen

4

7

6

Maren Grødem Larsen

På Leide

10

7

6

Maren Grødem Larsen

Badedame i Nesvik

15

8

5

Jasin H Gbada

Telting i hagen

2

8

5

Jakob H Gbada

Tur til ”Kalvagarden”

14

8

5

Stine S. Henriksen

På Leide

6

9

4

Anette S. Henriksen

Fisk

1

10

3

Nikolai Lanvik

Telting i hagen

12

11

1

Espen Grødem Larsen

Fuglar og dyr

11

11

1

Morten Henriksen

Porsmyra

9

12

0

Madelen Langvik

Telting i hagen

8

12

0

Jasin H Gbada

Sauer på beite

13

1. premie: Malarskring og teikneblokk

2-5 premie: eingongskamera, Canon

Alle dei andre barna som deltok med teikningar fekk kvar si drikkeflaske.

I år skal det stramast kraftig inn, og dette viser igjen i rådmannen sitt forslag til kommunebudsjett. Jøsneset Ungdomslag sitt tilbod om medfinansiering på kr 230 000 til scene på Jøsneset Skule, er ikkje lagt inn i budsjettforslaget. Innstraminga får òg konsekvenser for mange av dei kommunale tenestane. Følg med under politisk behandling: Formannskapet 20 november og Kommunestyret 12 desember.
Les meir på kommunen si heimeside

FaceBook

Jøsneset Skule har hatt temaundervisning dei siste vekene, og innbyr heile bygda til stor bygdekveld onsd 14 nov kl 18.

Tema for kvelden er ”Ei reise ut i verda”. Gjennom song, musikk og dramatisering vil elevane ta oss med til 12 ulike land som dei har lært om – og som ein del av elevane har tilknytning til.

Det blir servert kaffe, te, saft og mat – kanskje med eit internasjonalt preg denne gongen.

FaceBook
Facebook