1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Søndag 18. oktober er det igjen tid for den tradisjonsrike TV-aksjonen på NRK, og kalla verdas største dugnad. I år går pengane til aksjonen "Eit hav av moglegheiter" i regi av WWF, Verdas naturfond. På Jøsneset vil me markera dagen med bokstaveleg talt å hoppa i havet!

Det blir "Beach-party" på Skiftunstranda klokka 15 til ca 17, med bål, sal av kaffi og kaker - og sjølvsagt BADING!

Du kan støtta aksjonen ved å legga pengar på Jøsneset Bygdaråd si digitale bøsse som du finn her

. Pengane frå årets aksjon skal gå til å hindra 7000 tonn plast frå å havna i havet årleg, ved å gje menneske i Indonesia, Thailand, Vietnam og Filippinenene tilgang på renovasjonstenester. Innsamling og resirkulering av søppel, redusert bruk av eingongsplast og globalt arbeid for å nå målet om null plastutslepp i 2030 er òg del av prosjektet. Du kan lesa meir om årets aksjon her

Velkommen til stranda!

FaceBook
Facebook