1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Hanne Tjeltveit sendte inn bidrag til Hjelmeland Turlag sin Facebook-konkurranse "Små turperler i Hjelmeland" - og jammen blei ho trekt ut som vinnar av kr 10 000 til sitt lokale bygdelag: Jøsneset Bygdaråd.

Her er Hanne sitt turtips: Sjiddknatten på Nesvikheia. Denne flotte utsiktsplassen ligg like ovanfor hennar bustad, på merka ruta over Nesvikheia.  Hjelmeland Turlag sin Facebook-konkurranse har pågått sidan midten av mars. Då "koronaen tok Norge" blei det stort fokus på våre lokalmiljø. Det var årsaken til at Turlaget ønskja å stimulere til småturar i nærmiljøet, og meir tilrettelegging for allmenta: 

Hjelmeland Turlag skriv på si FB-side: 

"Gratulerar til Jøsneset Bygdaråd - vinnar av gåvekort på kr 10 000,- i vår FB-konkurranse "Små turperler i Hjelmeland " 

Takk til alle som har sendt inn bidrag til små turperler i nærmiljøa våre; me har fått forslag frå nesten alle bygder i kommunen. Hanne Tjeltveit sendte inn tips om ein liten tur til Sjiddknatten på Nesvikheia, Jøsneset. Og ho nominerte Jøsneset Bygdaråd som mottakar for ein eventuelt gåvekort. På Sankefestivalen 8.august fann trekninga stad. Det blei trekt lodd blandt alle innkomne forslag; og Hanne vant gåvekortet til Jøsneset Bygdaråd. Me i Turlaget har sett som kriterie at gåva skal brukast til tur-og friluftsrelatert tiltak i den bygda som vant; til glede for allmenta. Me gratulerar Jøsneset Bygdarådet med vinnarlykka denne gongen !!"

FaceBook
Facebook