1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


På grunn av corona blei påskebasaren på bedehuset dette året avlyst. Som kjent for dei fleste, er dette hovudinntekta vår, og inntekta går til drift av huset som bygda eig. 
Vi prøver no ein ny vri, og vil ha sommarbasar med coronavri.  No kan du bli den heldige vinnar av bl.a.ein sykkel, billettar til sightseeing på Jøsenfjorden med Helgøy Skyssbåt, sommarblomar, elektrisk steikjepanne, sekkar, ein kartong med 20x1/2l eplemost, vaffeljern, krokket m.m..  Ønskjer du å kjøpe lodd kan det gjerast på fleire måtar:

1. Vi kjem til å køyre rundt til den enkelte husstand på Jøsneset med basarbøker i starten av neste veke.
2. Du kan kjøpe lodd med vipps. Du sender ein SMS med antal nummer til mob.nr: 950 50 427 eller 924 63 675 og betalar på vipps nr 612108.
3. Du kan møte opp på bedehuset torsdag 2.juli mellom klokka 18.00 og 19.00

Lodda kostar 10 kr.

Det blir trekning torsdag kveld 2.juli! Trekningslista blir offentleggjort på Jøsneset si heimesida www.josneset.no, etter trekning.

Vi har ein del gevinster, men vi treng fleire. Vi håpar mange vil ha ein gevinst til basaren også i år. Gevinstar kan leverast til ein i styret.

For Jøsneset Bedehus:
Trygve Brandal
Anne Tjeltveit
Helga Havnerås
Ellen Mari Fosså
Berit S. Hjorteland

 

FaceBook
Facebook