1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Kulturkontoret si populære KODEJAKT er nå i gang, og nok ein gong er det farting rundt i heile kommunen på 11 ulike turmål for å finne kodar, og bli med i trekning på fine premiar. Jøsneset er representert i år òg, og denne gongen med ein av våre aller høgaste flottaste toppar : Røssenibben 718 moh - som byr på flotte utsiktar inn og ut vakre Jøsenfjorden !   Ruta finn du skildra i heftet KODEJAKTA 2020.    

Ruta som er skildra i heftet er frå Bastlid og opp. Det er ei finfin rute der ein får sjå Jøsenfjorden veldig godt !! Bratt og tung, men flott, og godt merka ! Ruta kan fint kombinerast med andre ruter på Jøsneset; td gå frå Foss via Giskelid og opp, eller opp via Fosstemmen, via Gunlabu på Gunlanutruta. Kjekt er det òg å gå ein rundtur; opp ein plass og ned ein annan plass.     Dei merka rutene på Jøsneset finn du på TURKART FOR JØSNESET .

 Det går òg an å gå opp frå Eiane, men der er det ikkje merka sti. Om du kunne tenkt deg å gå den ruta; altså Ytre Eiane - Røssenibben - Nesvik , ja, då kan du bli med Hjelmeland Turlag på fellesttur søndag 13.september 

 

 

Startpunkt i Bastlid. Turen opp er merka, og skilta, ca 4 km, 0-718 moh. 

 

FaceBook
Facebook