1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Det må gjerast både dreneringsjobb og oppgradering av grunnmur/vegg på Jøsneset Bedehus. Som sikkert alle veit, så er Jøsneset Bedehus bygda sitt bygg.  Nå trengs det ekstra inntekt pga omfattande reperasjon.   Me håper folk har høve og lyst til å gje eit bidrag til dette arbeidet.  Pengar kan setjast inn på konto nr 3353.22.06621  . NB: det blir ekstraordinært årsmøte mandag 09.desember kl 18.30 - meir info følgjer !

Med helsing styret i Jøsneset Bedehus

Bakgrunn:  det har vore ein lekkasje i grunnmuren, og dette har ført til fuktskader i kjellaren på Bedehuset. Ein innervegg må rivast, og alt materiale må skiftast ut. Før ein kan setje opp ny vegg må det gjerast eit omfattande dreneringsarbeid rundt store delar av huset. Det må me leige folk og maskiner til, og det er i den samband me treng "friske midler". Arbeidet med innerveggen håper vi at vi kan ta på dugnad ein gong på ettervinteren/våren.
Hovudinntekta til Bedehuset er Påskebasaren. Nå treng me litt ekstra inntekter, og håpar folk har høve til å bidra.

FaceBook
Facebook