1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Mange kalde og klissvåte deltakarar på Hardhausen 1.pinsedag 2019. Her er to av våre ivrigaste deltakarar: Sylvia Frafjord og Anbjørn Vaage frå Erfjord. Dei deltok i år for 10.gong, og mottok 10-års-krusa !

Fleire "veteranar" i arrangementet: Jostein Hjorteland deltok òg for 10.gong, og fekk 10-års-krus. Her saman med døtrene Anne (7.gong) og Lene (som har deltatt alle 11 gongene). Dei hadde med seg skilt til Norda Høgaste, så fekk gjort litt nytte for seg òg undervegs.

Her er eitt av skilta dei satte opp. Den spektakulære utsikten frå Norda Høgaste ned Halvarskarsjuvet og ned i Erfjord/Bogsund er særprega, men denne dagen var det INGEN som fekk sjå den !

Såg jo rett og slett litt stusslig og kaldt ut der oppe på toppen !

Også trufaste deltakarar; Jakob Hjorteland Gbada og Vebjørn Fosså har deltatt alle 11 gongene (og dei begynte når de var små) - her saman med kompis Casper R Larsen, som deltok for 2.gong (heldig med værettongue-out)

Denne gjengen såg lyst på livet etter å ha passert målstreken ved Fosstemmen ! Team Myklebust og Hovda gjekk saman heile turen + ein hund. Alle 5 var 2.gongsdeltakarar, og kvalifiserte ikkje til deltakarpremie denne gongen, men kaffe, kake og frukt var ALLE kvalifisert til å fåwink

Brahim og Sven fyrte opp bålpanna og sørga for varm kaffe heile dagen + popcorn frå bålgryta !  Tåka låg så tett at det var sjeldan det var sikt over til andre sida av vatnet. 


Stemningen var god inne i gapahuken ved Fosstemmen heile dagen. Her inne var det Røde Kors som gjekk av med uthaldenheits-prisen: Dei holdt vakt på basen heile dagen heilt til siste deltakar var vel i mål.  Vel done !! Takk !
Ellers er her ein god del deltakarar kome glade i mål - ute til høgre er Ronja Foss: årets yngste Hardhaus (4 nutar) 12 år, saman med far. Ho gjekk Hardhausen første gong som 7-åring. Odd Fosså ute til venstre er returnert ned frå Gunlabu, der han og EllenMari hadde nøtte-og jødekakestasjon !


Alle var våte som hundar denne dagen - til og med hundane ! Jackie er ein liten, men uhyrlig sprek tass, som sikkert har verdensrekord i Fosstem-turar, og muligens også den hunden som har deltatt flest gonger på Hardhausen (der fører me ikkje statistikk, men tipper ho scorer høgt der)

Ronja Foss fortjener heder og ære ! Ho var yngste Hardhaus i år, 12 år, og deltok for 5.gong !  Ho var klissande våt når ho hutrande dansa glad i mål på Fosstemmen - fekk 5-års-T-skjorte i premie.  Frå Fosstemmen er det snautt 3 km igjen å gå til Åsland, så Ronja gjekk nesten 2 mil denne dagen på 4 toppar mellom 699 og 829 moh. Flott !! Her saman med far Eilief.

Frå Gunlanuten er det jo panoramautsikt !! Men akk ! Det var dette som møtte deltakarane denne dagen !!

Me takkar alle deltakarar for feiande flott innsats - og for at de var så flinke å følge merka løyper. 

Deltakarselfiar følgjer i eigen artikkel !

 

 

 

FaceBook
Facebook