1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Foto: Øyvind Oaland

Med strålande sol og sommartemperatur blei det ein flott dag for dei over 80 personane som fekk med seg 17. maifeiringa i Solbygda

I år gjekk toget frå bedehuset til skulen, altså ikkje nokon langtur! Fjordhest og vogn leda an, og hadde i år med ein snodig passasjer. Han dukka opp som ei av oppgåvene i naturstien, og var så pass godt forkledd at berre to personar klarte å avsløra at det var Lars Bog som var den hemmelege haikaren.

Etter toget var framme song me nasjonalsongen, før forsamlinga tok plass i ein festpynta gymsal. 10. klassingane Aaron, Amber og Elise ønskte velkommen og leda programmet frå scenen. Det var som vanleg allsong, som vanleg med Elsa stødig ved pianoet. Så overtok Norunn pianoet og Elise spela fiolin, før ho og Amber tok mikrofonane for å halda tale for dagen. Dei haldt ein kort, god tale som var både morosam og alvorleg, og filosoferte over kva som var typisk norsk.

Etter talen var det sjølvsagt tid for mat, og tradisjonen tro var det lapskaus, pølser, is og kaker på menyen. Så starta leikane for dagen, og det gjekk slag i slag med natursti, spikring, quiz, luftgevær, pilkast, bowling og andre konkurransar.

Til slutt sto ein ny og særdeles populær post på programmet - svampekasting! Medlemer i komiteen - eller var det Donald Trump, Erna Solberg og ballongen hennar? - stilte seg lageleg til for å bli dynka med friskt, kaldt vatn. Både barn og vaksne pepra laus på dei forsvarslause skyteskivene med stor iver!

Så var det tid for premieutdeling, men først eit herlig dansenummer av Annbjørg og Nila, og Annbjørg spelte piano. Premiene var i år flotte blomar, i tillegg til ein nydesigna termokopp med "Jøsneset"-trykk. Jostein Hjorteland vann 16. mai-skytinga og fekk pokalen med seg heim.

Takk til alle som møtte fram og gjorde det til ein flott dag!

 

 

Foto: Øyvind Oaland

 

 

FaceBook
Facebook