1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


Denne gjengen var på flott merketur over Nesvikheia ein finfin kveld denne veka; turen gjekk frå Trodlaskar i nord til Øspelundalen i sør, og 9 lokale stadnamnskilt blei hengt opp, kratt blei rydda og vakre utsiktspunkt opna opp. Frå høgre: Marit, Berit, Rasin, Kåre, Svanhild og Kåre + Unni var med på turen.

Turen starta frå Foss, og me gjekk opp Krogabakkane og vidare opp forbi Storhoggtjødna. Her er det merka sti sørover på vestsida av Nesvikheia, ei nydeleg rute.  


Første stadnamn som blei hengt opp var Øygjadalen; det er den dalen du følgjer frå Storhoggtjødna og ned til Bastlid (gammel skuleveg). Men denne kvelden fulgte me ikkje den ruta, men svinga sørover mot Nesvikheia. Første skilt på den ruta var TRODLASKARET.  Trodlaskaret er eit markant skar som skjer seg ned i landskapet heilt ned til flatane på Foss. Her er brødrene Kåre og Rasin i sving med å få opp skiltet.

Neste skilt på ruta var Longemyr. Det er som namnet fortel; ei lang, stor myr, og her ser me berre litt av denne myra - i følge karane i turfølget er dette eit godt jaktterreng.



Terrenget utover Nesvikheia er småkupert, med berg og fin furuskog og litt myr og nokre kneiker. Variert og fin rute, godt merka, enkelte våte parti. 

 


Det viste seg at denne gjengen her var uhyrleg godt lokalkjent, for den eine historia etter den andre pipla opp undervegs på ruta. Visste dokke f.eks at denne ruta eigentleg er ein gammal driftaveg som både Nesvikgardane og Fossågardane brukte. De dreiv sauene frå innmarkbeita rundt tunet opp via denne ruta og innover til Jiskelidområdet.


Dette høgdedraget mellom Trodlaskar og Løgjehola heiter altså MUSKERÅSEN. Eit rart namn, som ingen i turfølgjet visste opphavet til. Nokon som veit ? Her er det lette fine berg å gå på.

Det blei ein god drøs og mykje lått og løye rundt kvar stadnamn.


Denne staden heiter LØGJEHOLA.  Det er eigentleg meir enn berre eit "hol", eller i alle fall eit ganske stort hol, for det strekkjer seg heilt ned til dalbotnen der garden Løgjene ligg. 

Sjølvsagt, etter å ha passert Løgjehola kjem ein til LØGJEHOLSHAUGEN. Igjen: her er det fine berg, fin furuskog, lettleg terreng med fine utsiktar vestover. 

Terrenget blir lettlegare og opnare jo lengre sørover ein kjem. Dette er ein markant plass på ruta, og her heiter det LÅVEN.  Dette er eit stort,flatt, ope berg, og karane kan fortelje at her blei det halde dans om kveldane før i gamle-gamle dagar. Ein orntleg Låvedans altsåsmile  Dei kunne òg fortelje at bruk hadde mose-rett her på Låven, altså rett til å ta ut mose frå dei store berga her. 

Nå går det ikkje i gløymeboka: nå kan alle som går forbi her sjå at denne staden heiter LÅVEN


Nå ber det meir nedover i terrenget. Fine berg og fine utsiktar vestover !


Den plassen det blei gjort mest innsats på var SJIDDKNATTEN.  Her var det nokså tilgrodd med busk og kratt og tretoppar, så det kunne vere lett å gå forbi denne fantastisk fine utsiktsplassen. Men følget stoppa opp og sagte og klipte og rydda i veg, og vips så opna det seg opp ei nydeleg utsikt. Grunneigar Kvame blei informert, og han syns ryddinga var positiv - så takk takk !!

.
Sjiddknatten - trass i sitt litt rare namn.....kan det bli finare ?

WOW ! Så flott ! Her er bragje og busk og kratt rydda, og sjå så flott det blei her på SJIDDKNATTEN. Desse tre karane gjorde ein kjempejobb - innimellom muntert prat og løgne historier frå terrenget rundt her.


Siste namneskilt på ruta vår var ØSPELUNDSDALEN. Som nanmet seier, så er dette ein liten dal og det renn ein liten bekk her - vått parti på stien.   Her blei det òg rydda kratt og tre, for å få fram namneskiltet.  Like sør for Øspelunddalen heiter det Smojet. Der er eit trangt smug mellom to berg. Der er det allereie satt opp skilt. Denne kvelden gjekk difor siste del av turen ut av merka ruta, og rett ned til Moldbakken, og vidare ned til garden til Rasin.

Etter å ha svinga ut frå merka rute, fekk me øye på denne gamle giganten. Dette er eit skikkeleg gammalt oretre, som har ein vid, hol og råten stamme, men som det likevel kjem nye greinskudd frå.  Karane her kunne fortelje at treet såg omtrent likt ut då dei var små., og det er jo leeeeeenge sidanwinkså treet må vere uuuurgammalt !!  Infiltra i ora vaks det òg rogn og bjørk, så dette var vel eit fint eksemplar av vellykka biologisk mangfald.

Takk for turen til heile gjengen denne fine, friske litt kalde vårkvelden - men kanskje aller mest takk til desse tre karane Kåre Nesvik, Kåre og Rasin Tjeltveit,  som gjorde mesteparten av jobben og som hadde dei alle beste historiene wink Takk òg til dei frivillige som har laga stadnamnskilta i sløydsalen utover vinteren  !   Elles takk til Roald Jensen som har "adoptert" denne ruta og som sørger for at den er merka og fin !

Arr: Jøsneset Helselag/Jøsneset Bygdaråd

 

 

 

FaceBook
Facebook