1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Denne flinke gjengen tok gullmedalje i stirydding i dag !! Den gamle stien frå Bastlid til Nesvik er nå rydda, merka og skilta - takka vere flott innsats 7 stk i det flotte vårværet. Gamle bragabuskar og busk/kratt er rydda, flotte utsiktsplasser er opna opp, stien er merka med røde merker i stein og merkepinner i trær og skilta er på plass.   Takk til Ellen Mari, Ingeborg, Inge Torkel, Rasin, Roald og Jan Erik og Svanhild.  Takk òg til Unni og Elsa som har vore å rydda tidlegare.  Og takk til Sven Egil som på heilt eige initiativ har laga merkepinnane som nå heng i trærne langs ruta. Nå har me fått ei kjempeflott turrute langs fjorden, folkens !! Sjå berre på bilda:


Her ryddar Roald og Jan Erik eit flott utsiktspunkt slik at ein ser rett ned til husa i Bastlid. Like ved dette utsiktspunktet ligg det to store markante steinar. Jan Erik kan fortelje at dei heiter Gjertrudsteinane, og at Arthur O Nesvik hadde ei historie til desse steinane med dette namnet. Dette namnet hadde me ikkje på kartet i frå før, så det var kjekt med NOK eit nytt, lokalt stadnamn !

Inge Torkel, Rasin og Roald stilde med motordrivne sager - Og her gjekk det unna !  Dei gjekk i front å rydda vegetasjon,  medan dei 4 andre hadde full hyre med å rydde bort greiner og merke stien !


Ryddegjengen har opna opp eit nytt fint utsiktspunkt - dette er er heller ikkje så langt frå Bastlid. Kva det heiter her veit me ikkje.......har du eit forslag ?


Her er det vel verdt for alle å ta ein kafferast !!   Fantastisk utsikt innover fjorden - over fjorden - og utover fjorden.  Ta turen så får du sjå sjølv ! Send ei takk til dei flinke rydderane, og til grunneigarane som gir oss lov å rydde denne gamle fine stien


Ingeborg går bakerst og merker og har "full sjau" med å halde følgje med sagekarane og ryddegjengen foran !  Det er tydeleg at her har gått ein gammal sti før, for stitråkket er enda relativt tydeleg. Men nå er det enda lettare å finne fram !!


Enkelte våte parti - Her i Apaldal !


Temmeleg varmt i vårsola i dag - 6.april !!


Tempo igjen !! Gamle seige bragabuskar er ute av vegen nå !



Nytt utsiktspunkt !! Er det ikkje flott !!! Dette er like ovanfor Uværsteinen og Legdene, men lite uvær i sikte denne dagen !!

 

Utsikt utover òg !


Siste del utover mot Nesvik er fin oppmurt sti - i stadnamnprosjektet har me fått opplyst at det heiter Svenskeveien her. Kanskje det var svenske rallarar som har murt opp innover her. Ryddegjengen meiner å ha høyrt at de gjekk med hest innover her på skoging før i gamle dagar, og ved sidan av Uværsteinen er det ei drikkekjelde, som nokon meiner hestane fekk pause og drikke frå. Det er nok mange historier knytt til dei ulike stadnamna innover her........anyone?


Siste del av ruta er på ein fin skogsveg, som går over i ein hytteveg, som går over i ein grusveg til bustadane her i Nesvik.  Frå grusvegen går det an å ta runden om Nesdalsfjellet. Ruta opp til Nesdalsfjellet herfra er ikkje merka; men går først på veg opp til kommunal pumpestasjon, deretter på relativt tydeleg sti vidare.

Og i Nesvik blomstra kvitveisen for fullt denne vakre aprildagen !!  Ei nydeleg avslutning på ein nydeleg tur !




Takk til alle frivillige flinke folk som har friska opp denne gamle ruta til glede for oss i framtida !

PS: me mangla ei skilt ved veis ende.....det betyr at det skal kome opp eit skilt der stien startar frå Nesvik. Men inntil då: turen startar opp grusvegen/Nesvikvegen.

Stien som er rydda er markert rosa i kartet, går frå Nesvik til Bastlid, ca 2 km

 

FaceBook
Facebook