1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Foto: Norsk sau og geit

Hjelmeland Sau og Geit i samarbeid med Rogaland Gjeterhundlag inviterar til ope arrangement/familiedag på FOSS på Jøsneset laurdag 29. sept kl 10.00 - 16.00.  Det blir ein variert, spanande, sosial og lærerik dag med sau i fokus :

Værkåringsjå  - dette er ein tradisjonsrik konkurranse, og denne dagen blir det premiering av Hjelmelands flottaste værlam !
Gjetarhundprøve klasse 1 - kom å sjå dei flinke hundane når dei dirigerer saueflokken i rett retning - Klarer dei prøven mon?
Demonstrasjon av praktisk bruk av gjetarhund
Hestekøyring - både med vogn og vanleg riding, passer godt for dei minste.

Sal av lapskaus m/ salt lammekjøt + kaffe og brus

Tradisjonelt sett har slikt sauesjå vore høgdepunktet for alle sauebønder etter at sauene er samla ned frå heia om haustane.  Dei siste åra har dette vore litt spreidd utan fokus på sosial samling av andre enn sauebøndene sjølv.  I år vel Hjelmeland Sau og Geit å lage eit ope arrangement - så her kan både den garva sauebonden kome, men òg alle andre som bare har lyst å sjå, oppleve og lære litt om sauehald .

Sven Gjil Westersjø er for tida leiar i Hjelmeland Sau og Geit, inviterar alle til garden på FOSS denne dagen, både saueentusiastar, hundeinteresserte, hesteglade, bondevenner, deltakarar, publikum, store og små.

Les meir om arrangementet i onsdagsutgåva av Strandbuen.

Velkommen

Arr: Hjelmeland Sau og Geit i samarbeid med Rogaland Gjeterhundlag

 

FaceBook
Facebook