1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

De huske kanskje historia frå i fjor?... om Ørjan sin uglekasse i Knutsvik - og om ugleparet Makkapakka og Hukatta som då fekk familieauke i uglekassen. Ugleparet held seg framleis i området, og òg i år har dei klekka ut egg og fått 3 flotte uglebarn !!  Og naturfotografen Ørjan følgjer med og dokumenterer det heile

 

 

Det heila starta med eitt egg (som det ofte gjer wink) - Dette blei lagt 31 mars - i påsken altså. Spennande ! For uglene legg berre eitt egg om gongen, dvs ett egg ca ein gong pr dag.  Vanlegvis legg dei mellom 2- 5 egg. Spennande : kor mange blir det i år?

Dagen etter på - 1.april - ingen aprilsnarr - nå var det kome 2 egg !

 

Og til slutt blei det 3 egg i kassen !   Ville dei få vere i fred og bli klekt ut i år mon?

 Livet for små ugler er ganske farlig. Farane lurer over alt - her sit spurvehauken på lur berre ein meter over kassen ?

.be">

.be">
.be

Men far Makkapakka og mor Hupkakka passar på - og det gjer Ørjan og hans familie òg - Hytta deira ligg nær uglekassen - og her er dei ofte og passar på og observerer livet til uglefamilien.

Ørjan har kamera både utanfor og inni kassen. Og han kan òg fotografere om natta.  Også om natta passer ugleforeldrene på ! Kan dette vere far Makkapakka som har fått nattevakt utanfor kassen?

 

https://youtu.be/hniLx1zQq1w

Vekene har gått og familieauken er eit faktum ! 3 nyklekte uglebarn, nesten uten fjær.  Og dei blir tydelegvis godt fora av foreldrene. Her med 5 daude mus i kassen smile

Dette er nå nokre veker sidan, og uglebarna er nå blitt store !   Ugleforeldrene passar på, og det gjer òg familien til Ørjan. Mor Kjellaug fortel at det er veldig spennande å følgje livet til uglefamilien. Det er ofte slik at dei er stadfaste, at dei held seg i same området. Det kan sjå ut som dei likar seg i Ørjan sin kasse.  I fjor fekk Makkapakka og Hukatta 4 uglebarn - og dei fulgte dei ut i skogen, og familien hørte uglelyder utover sommaren - nok familien som kommuniserte og jakta på mus, ormar, padder osv.... Uti juli var nok uglebarna blitt sjølvstendige, for då trakk ugleparet tilbake til området ved kassen.  Om det same skjer i år; ja, det gjenstår å sjå. Uglene er heldige som har så gode naboar, som passar på og er interesserte i deira ve og vel.  

Alle bildene/filmane er tatt av Ørjan Hagen Bakkedal !

 

 

 

 

FaceBook
Facebook