1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Innsamlinga av 2017-turbøker går sin gang, og like sikkert alltid: Inge Torkel Skiftun var på Gunlanuten og bytta boka der - i år som så mange andre år! Takk til Inge som tok turen på bakglatte ski, tung laussnø og kaldt vintervær.  Gunlanuten er eit populært turmål, og Jøsnesets høgaste topp på 829 moh.  Og nå kjem spørsmålet: KOR MANGE SKREIV SEG INN I BOKA PÅ GUNLANUTEN I 2017? Den som har nærast svar og samtidig dukkar opp på Jøsneset Helselag sitt årsmøte - vinn ein liten vårblomst ;-) Kan det vere fleire eller færre enn i 2016, då det var 391 namn i boka??  Her må det tippast - så møt opp på årsmøtet, for då blir det òg trekning av ein vinnar frå alle bøkene !! Årsmøtedatoen blir kunngjort snart...

FaceBook
Facebook