1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

TAUSANIBBÅ - Turkasseboka blei bytta ut 2.jan i fullmåneskin. Litt snø på toppen, men ellers fint å gå.  I 2017 var det 413 personar som har skrive seg inn i boka.  Det var ein finfin auke frå 2016; då var det 158 stk.  Dette heng nok saman med at i 2017 var Tausanibbå ein av kodejaktpostane til Kulturkontoret; så i år var det fleire besøkande frå andre stader enn vanleg.

TAUSANIBBÅ er ein av dei finaste utsiktsplassene på Jøsneset, panoramavid, open utsikt utover store deler av Ryfylke.  Her finn du skildring av turen opp frå Åsland, og alternativ rundtur via Britatødne.   GOD TUR !!!

FaceBook
Facebook