1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Då er det klart for nytt turår på Jøsneset. Turbøkene på dei 4 turpostane i låglandet er nå bytta ut med nye uskrevne bøker, og resten av bøkene i høgare strok blir bytta ut etterkvart

BRYNÅ er ein koseleg turpost i låglandet; stien går opp anten frå Austad, frå Asheim eller frå hyttefeltet i Knutsvik. Turposten ligg ca 200 moh og her er flott utsikt utover Knutsvik og Nedstrandsfjorden. Ein flott solnedgangstur. 402 stk hadde skrive seg i boka i 2017,derav 39 barn.

 

Ganske vått i terrenget denne første dag i 2018, men turbøkene ligg godt og trygt i gode turpostkassar.

HÅVEHAMMAR ca 280 moh, er Jøsneset sin mest populære turpost; både fordi det her er flott utsikt over heile Ombofjorden, men nok også fordi turposten ligg nokså midt i bygda og "alle vegar fører til Håvehammar" - Hit kan du kome på merka sti både frå Åsland, frå vedopplagsplassen Asheim, frå Tonå via "Knudastien" og aller raskast frå Foss.  I 2017 hadde 1134 stk skrive seg inn i bøkene, derav 106 barn. Det er nokså nøyaktig 100 færre beøkande enn i fjor, men det skuldar me på det sure sommarværet 2017 ;-)

Fin utsikt ned til Fossdalen frå Håvehammar. Denne første dag i 2018 var det grønt og snøfritt i Fossdalen; men ikkje mange dagar sidan snøen låg her. Det ausregna nyttårsafta, så då drog snøen sin veg.

FOSSTEMMEN er òg ein populær turpost på Jøsneset; dels fordi det er god skogsveg opp hit, og/eller ein kan gå på sti dit frå Åsland/Håvehammar, og turposen ligg midt i løypenettet for turar vidare innover heia. Mange passerar difor her på veg til andre turmål, eller på veg til den fine gapahuken som ligg ved Fosstemmen.  I 2017 har 870 stk skrive seg inn i boka her, mot 802 i 2016.  For eit par dagar sidan låg det stemningsfull kvitt snøteppe her. Regnskyllen nyttårshelga sørga for at det blei nokså vått og stusslig her 1. nyttårsdag, og temmeleg vått og glatt i terrenget

Fosstemmen 1.nyttårsdag: det fine snølaget er regna bort og isen på vatnet er det ikkje mykje att av. Det er glatt og vått i terrenget, og forholda ikkje gode for turar høgare opp i terrenget. Ein ventar med å bytte turbøkene på Gunlanuten, Røssenibben, Valafjellet, Norda Høgaste og Tausanibba til forholda er blitt betre.  Dersom nokon tar turen oppover med det første, og har lyst å ta med ny bok: ta kontakt med Svanhild på 97007636

NESDALSFJELLET - ein flott utsiktsplass like ovanfor Nesvik, med flott utsikt ut heile Ombofjorden. Men akk: ikkje denne 1.nyttårsdag 2018: då var det gråvær, høljeregn og skodd. Men boka er bytta. Her hadde 786 stk skrive seg inn i 2017, derv 122 barn

 

Alle turbøkene skal bli bytta ut så snart forholda er greie i høgheia.  Inntil vidare er det heilt supert å gå på tur i låglandet. Me er heldige som har så mange fine turpostar og fine merka turløyper. Ta turen - det er òg fint i gråvær!
GODT TURÅR 2018

PST: alle som har skrive seg inn i turbøkene er med i trekninga av gåvekort på JØSNESET HELSELAG sitt årsmøte, som plar vere ca februar.

 

 

 

 

FaceBook
Facebook