1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Takk alle saman for gode, rause pengegåver til TV-Aksjonen UNICEF . Kun via bøssene og vipps kom det inn 98 712 kr  - og av det kom over 17 000 frå Jøsneset. Ganske stort bidrag frå så lita bygd !! Så takk frå bøssebærarane frå Jøsneset Helselag, som meldte at det var ei glede å gå frå hus til hus denne vakre haustdagen. Cesilie i Helselaget gjekk rundt med bøssene òg i ferjekaien på Nesvik - medan Jøsneset Bygdaråd laga til eplekake-kafè i Trivselstova.  Over 30 stk var innom kafèn - der betalinga for kaker og kaffe var frivillig og gjekk RETT i Unicef-bøssa. Me tippar at kakestykkene låg høgt i pris denne dagen. Så takk til kafègjestene! Og ikkje minst - Takk til danseteamet Nila og Anbjørg - som heilt impulsivt og heilt på eigen hand ba om å få vise fram ein danseoppvisning for alle kafègjestene - Så ut i haustsola bar det - og jentene dansa til musikk frå bilstereoen - og viste fram kva dei har lært av festleg dans på kulturskulen. TAKK - gode jenter - for eit flott SMASHING flott bidrag på  Unicef-dagen ;-) . TOTALT kom det inn 134 712 i Hjelmeland kommune - Meir om innsamlinga i Hjelmeland.

FaceBook
Facebook