1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Bygdarådet har planar om å lage til eit «bibliotek» i det midterste klasserommet på skulen. Det er tenkt å vere ein møtestad for born og vaksne som liker å lesa og som har lyst til å spele spel saman. Tanken er å ha.......

...opent ein gong i månaden nokre timar om ettermiddag/kveld. Det vert ikkje eit bibliotek der ein må ha lånekort. Meininga er at du skal kunne finne ei bok, lese ho der eller ta ho med deg heim. Viss du vil, leverer du ho tilbake ein annan gong. Me håper å komme i gang på nyåret.

I samband med dette er det ønske om å få tak i ei brukt sofagruppe (helst i skinn pga reinhald). Me er også på jakt etter bøker du ikkje lenger vil ha heime. I utgangspunktet er det snakk om all slags litteratur: Skjønnlitteratur, fagbøker og teikneseriar for born, ungdom og vaksne.

Viss du har møbler eller bøker kan du ta kontakt med bygdarådet v/Marit T. S. Wyller på telefon 905 37 548 eller på e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.. Du kan også ta med poser/kasser med bøker til skulen viss du skal dit for å stemme måndag 11.september. Det er mogleg å setje det frå seg der.

JØSNESET BYGDARÅD

FaceBook
Facebook