1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

I dei heftigaste regnbygene lo folk litt - og kalla det SPLASHING Jøsneset laughing....for joda, det blei nokre regnbyger - men pysjdå: trur det det la nokon dempar på feststemninga?  Å, neida ! Festdeltakarane er blitt hardhausar etter denne sommaren, for regnet la ingen dempar på stemninga - Og HILDE SELVIKVÅG !! og GOGGEN !! Dei leverte prima vare !! Og PUBLIKUM: wow - ingen over ingen ved siden av kiss

Hadde været vore snillare, hadde nok muligens frammøtet vore bedre - Men tenk - over 160 stk trassa YR og dårlig melding - og møtte opp til Smashing Jøsneset 2017.  Sjølv om det var nokre heftige byger, var det likevel mildt og stilt vær, og det var masse telt, så folk sat tørt under tak. Alt blei avvikla etter planen og arrangøren er nøgd med stemninga, maten, artistane og aller mest med den feststemte positive forsamlingen som gjorde kvelden til A SMASHING GOOD PARTY !!

Klikk på bildet under for ein liten smakebit til av HILDE SELVIKVÅG - damå frå Bryne med goe røstå:

.be" rel="alternate">

 

 Så kom regnet igjen - Men så kom GOGGEN - og så blei det fest. Denne mannen er jo kjent for sin nærkontakt med publikum, er ein show-and-party-maker - og ja; det funker også i regn ! Goggen lot scene vere scene - og holdt seg nede i telta samen med festdeltakararane - og så blei det dans og moro til midt utpå sommarnattå:

Klikk på bildet for ein smakebit av GOGGEN:

 

Og om det er nokon som trur me tulle når me seie det var god stemning fordi om det regna, så ta ein kikk her. Dette var før festen begynte for orntlig - ingen som sprang him fordi om me ikkje hørte musikken i starten  :

Som de ser over, så var arrangørapparatet parat og på plass. Primus motor for arrangementet er ein komitè beståande av 3 stk + Jøsneset Bygdaråd - men i dagane før/under arrangamentet er mange av bygdefolket på Jøsneset involvert i frivillig innsats - Stort løft for lita bygd !!  Men med så gode tilbakemeldingar frå artistar, teknikarar og festdeltakarar - så er det nok ikkje siste gong du får oppleve SMASHING JØSNESET.

GOGGEN fant seg orkesterplass under HILDE SELVIKVÅG-konserten wink

HILDE SELVIKVÅG spelte i neesten ein time !

GOGGEN veit å skape feststemning

 

 

Love is in the rainy air wink

 

I "restaurant-teltet" var det òg god stemning - Godt apparat i serveringa og god grillmat blei servert: laksetallerkar, kvitvinsmarinert lam og hamburgere.

Utpå nattå blei det lodda ut ca 20 kjempeflotte sommarblomster - hengeampler og andre store, flotte blomster - alle levert av ein av Smashing Jøsneset sine gode sponsorar ÅDLAND GARTNERI på Eidssund/Ombo.

Smashing Jøsneset vil takke alle gode sponsorar til arrangementet !!

-----

 

 

Alle foto/video : Svanhild Hjorteland Gbada

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook