1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Herefjellet og Tausanibba 500 moh er jo alltid verdt eit besøk - kanskje spesielt i år sidan Tausanibba er Kodejaktpost.  Me har tidlegare publisert turskildring Åsland-Tausanibba.
Men stien er òg merka godt vidare som ein RUNDTUR : austover over snaue Herefjellet - ned via Hedlestøl, Lurhammar, Britadalen, Glosehim, Britatødne og ned via skogsveg til Åsland igjen.

LURHAMMAR er òg ein flott utsiktsplass på rundturen:

Lurhammar ligg ca 450 moh med flott vid utsikt ut over Foss og over mot Hjelmeland og Ombofjorden.

Her er kart over rundturen med start/mål Åsland. Det går òg an å gå opp rett frå Foss, men her er ikkje merka sti.


LURHAMMAR ligg ikkje direkte i rundløypa, men ein tar av frå den merka stien omtrent der skiltet Grasdalen står; like nedanfor Hedlestøl - og går ut på denne markante hammaren i landskapet. Faktisk er det ein ørliten "mini-Trollpikk" på Lurhammarwink....... Men kanskje det er nettopp denne formasjonen som har gitt Lurhammar namnet - at denne steinformasjonen ser ut som ein lur? Eller? Nokon som veit?


Tilbake på stien igjen, og me går vidare vestover frå Lurhammar - då passerer me snart BRITADALEN - her er frodig, lett og fin sti.


Stadnamnet GLOSEHIM finst òg her langs ruta på veg vestover. Me er litt usikre på eksakt plassering, men er festa på denne furua ved stien - ved ein markant knaus der det sannsynlegvis hadde vore utsikt ned til Åsland dersom skogen ikkje stod så høg og tett. Er det kanskje dette stadnamnet kjem av? Verbet å gløse = stire, speide? Gløs er i alle fall brukt ein del i stadnamn på gode utsiktsplasser (sikkert det same som Glos på Hjelmeland, som er ein svært markant knaus/topp) Så kanskje folket stod på Glosehim og speida him til Åsland?  Bare ein teori....


Stien går svært bratt ned via BRITATØDNE - som er eit bratt markant brot i terrenget. Eller på Åsland er dei enda meir presise i stadnamnlokaliseringa; Det er to tør:  søndra Britatonå og himra Britatonå. Ei to er ei smal fjellhylle i terrenget; og ja, det er det her ! Men altså skiltet står mellom dei to - og i fleirtal - Britatødne. 

Me lurer litt på kven denne Brita var? Nokon som veit ?  Er det same Brita som i Britafossen lengre nede i Bakkane nesten nede ved Foss?

Ellers: me håpar og trur at skilta er sett opp på rette stader, det er korrigert litt ift informasjon frå lokale, men kan enda var rom for enda meir lokal tolkning. Ta turen og sjå !!

Når ein går ned Britatødne går ein gjennom ei grind og over ei smal to; og deretter kjem ein inn på ein skogsveg som ein kan følgje heilt ned til gardane på Åsland.


Dette er ein rundtur som er vel verdt å ta. 

Stadnamnprosjektet går sin gang: skilta som blei produserte i vinter er òg i ferd med å kome ut i landskapet. Me tek gjerne imot presiseringar på skiltplasseringane om noko skulle vere feil, og elles jobbar Ingeborg og Svanhild litt sporadisk med kartet med alle namna på. Det går litt i rykk og napp- men det blir nok bra ein dag !!  Viktigaste er at me har samla inn namna og fått de digitalisert på kartet, og at ein god del skilt nå er ute i terrenget.

Foto: Svanhild Hjorteland Gbada.

FaceBook
Facebook