1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

Juni er ei god tid for dei ivrige makrellfiskarane på Jøsneset - og karane frå Jøsneset gjer dette på tradisjonelt lokalt vis - med sitjenot!  Rasin Tjeltveit fortel at det som er spesielt med sitjenøter/giljer, er at det antakeleg ikkje er fleire i drift i Norge enn dei som er i Hjelmeland. Her er det derimot 5 stk i sjøen, og Rasin, Oddvar Skiftun og Joachim Langvik har 3 av dei 5. Normalt er det berre registrerte fiskarar som har lov til å fiske med not, men Rasin og Oddvar har spesialløyve frå Fiskeridepartementet til å drive dette fisket pga gamle tradisjonar, og for å halde dette fisket i hevd. Bli med ein tur inn i dei tolmodige sitjenotfiskerane si altoppslukande verd:

  

Ei sitjenot er altså ei open fiskenot som blir vakta på frå land - frå denne pussige konstruksjonen. Her oppe sit fiskerane i time etter time - dag etter dag - og vaktar på sjøen nedanfor for å følgje med når makrellstimen kjem. Og når stimen kjem blir det aktivitet!

Rasin Tjeltveit, tidlegare rektor på Jøsneset skule, er ivrig og brukar mykje tid i sitjenota - gjerne òg  saman med broren Kåre.

Rasin fortel:

"Nøtene ser ut som ein stor U. Vi sit oppe i gilja og speidar etter makrellstimar som av og til kjem langs land. For å sjå betre ned i sjøen, brukar vi briller med polaroidglas. Det kan i periodevis bli lenge mellom kvar stim. Nokre gonger kan det gå fleire dagar mellom kvar gong det kjem noko. Desse dagane kan bli ganske lange og kjedelige, men før eller seinare veit vi at det kjem ein stor stim. Når den så plutseleg dukkar opp, er all ventinga glømt, og spenninga er på topp att. Når ein stim er kommen inn i nota, stengjer vi att åpningen ved å dra opp botnen av nota der slik at stimen blir innestengt. Dette må skje så fort som mulig slik at stimen ikkje får snu og komme seg ut att. Stimane kan variere mellon 2-3 hundre kilo og fleire tonn.

Rasin har filma når stimen kjem inn i nota:

.be" rel="alternate">

Rasin fortel vidare:

"Etter at stimen er innestengt, "tørkar" vi nota. Det vil sei at vi haler oss frå åpningen av nota og bakover slik at makrellen blir pressa mot den bakre delen. Der har vi plassert ein mer. Meren heng fast i nota. Når vi så heng på tunge lodd der, blir nota søkt ned noko. Dermed klarer vi å presse makrellen til å symje over i meren. Etter dette er vi klare for ny fangst. Dette arbeidet varer i ca ein halv time viss vi er åleine. Når vi har greidd å samle opp fleire tonn med makrell, melder vi frå til Sildelaget i Bergen om kor mykje vi har, og fisken blir sett ut på auksjon. Når ein kjøpar, vanlegvis Fonn Egersund, har kjøpt  fangsten, leigar vi ein stor båt til å frakte den til Skiftun fiskemottak der den blir pakka og nedisa i isoporkassar og sendt til Italia. Nokre gonger går det kort tid før vi får levert, medan vi andre gonger må vente fleire veker. Å ha mykje fisk ståande lenge før levering, kan vere ganske nervepirrande. Merane kan bli utsette for både vind og sterk straum, og vi har vel alle vore utsette for å miste ein del fisk slik. Ut frå dette har vi eit uttrykk som seier at "det er ingen netto før fisken er or sjøen".


Her er Rasin sit paradis inne på Hagalidstranda !


Her er det Joachim Langvik som håvar inn fangsten - som deretter blir frakta til fiskemottaket på Skiftun. Joachim har òg ofte hjelp av broren Nicolai, for dei to brødrene deler ofte døgnvakta i sitjenota

 


Tommel opp for tradisjonelt makrellfiske frå sitjenot - heia Joachim, Oddvar, Rasin - med broderleg hjelp frå Nicolai og Kåre !! ....og heia Skiftun Fiskemottak !

Film og alle foto: Rasin Tjeltveit 

UTKLIPP FRÅ STRANDBUEN - FREDAG 9.juni17

 

 

FaceBook
Facebook