1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Dokke huske kanskje artikkelen frå ryddekvelden - då blei dette området i skulehusbakken rydda for gamle, forvokste buskfuruer. I ettertid har Johan Hjorteland vore på staden med gravemaskin og rydda og planert, deretter har Unni i Bygdarådet sørga for å få duk på plass og Geir Natland har levert eit lass med stein. Alt hittil gratis på dugnad !!  Denne steinen skal nå fordelast ut i rabatten !! Det er det som er "stein-løye" :-) Iallefall kan du bli med på dette enkle arbeidet. Ta med bøtte og kanskje ei grafse, så er det bare å fordele steinen utover. I kveld mandag er det 2-3 stk på gang, så kom gjerne opp !  Ev spørsmål : kontakt Unni i Bygdarådet

Ellers melder Unni at materialene til fasadereperasjonen på gymbygget er mottatt - og ein er snart klar for dugnad der òg !

FaceBook
Facebook