1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

Du har sikkert fått med deg at brunsneglane har hatt ein god vinter, og at det no er flust av dei i hagen, langs vegen og stort sett over alt. Me har i fleire år hatt ein felles aksjon med middelet Nemaslug, som har god effekt mot dei ubudne gjestene.

Hvis du vil delta - møt opp i dag (mandag 2. pinsedag) klokka 19 hos Silje Sværen (Skiftun 2). Du treng ikkje ha med deg "egne" snegler denne gongen, men ein isboks el.l. som du han ta med deg snegleåte i

Åtet er ein god "graut" av vørterøl, havregryn og Nemaslug. Dette snadderet legg du ut der sneglane held seg. Sneglane som et åtet blir smitta av parasitten i Nemaslug, og dei blir sjuke og døyr. Døde snegler blir etne av andre snegler, som blir sjuke, døyr - og smitter nye. Nemaslug er ufarleg for andre dyr og menneske.

Dersom du ikkje kan komma i dag, sparer me litt av "grauten" som du kan komma innom og få seinare.

Vel møtt!! 

FaceBook
Facebook