1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Delar av gamlestien mellom Foss og Gunlanuten er merka på nytt med nye røde merker og nokre nye skilt. Nærare bestemt på strekninga mellom Orva og Skiftustølen - sjå kartutsnitt under.

Denne ruta er eit fint alternativ til skogsvegen når du skal til og frå Gunlanuten f.eks - eller fin som ei eiga rundttur i kombinasjon med skogsvegen. Fint utstiktsmål kan vere Fjelldalsnibbå - men det tar me når skoddå lettar !


Kanskje denne bakken har navnet sitt fordi den er så bratt og tung at ein kan komme på gråten av mindre ??

Kan det virkeleg ha budd folk under denne hidleren?  - vel, kanskje berre ei segn....eneklte meiner namnet kjem av å bu - buande. Ein gong var det sikkert fjord-utsikt herfra, men nå står skogen tett. Du må gå 2-300 m avstikkar ned frå stien for å finne hidleren, følg bekken nedover.


Området innover Fossmarka er hjorta-land - her kan ein ofte møte både ein og to og fleire hjortar! Og det er rikt fugleliv - det kvitra og kurra godt i skogen og innover myrane denne tåkefulle vårdagen.

Dette gir håp for mange fleire fine storfuglar i Fossmarka i framtida !



Takk til frivillig bakkemannskap Irene frå Jøsenfjorden som var med på merketuren : som bar skilit, som "drillierte"og skrudde opp,  og som klipte vekk braka-buskar i løypå - og ikkje minst: som beæra kvart stadnamn med eit eige sjølvkomponert lokalt stev.......ja, det må me kanskje òg vente med å publisere til tåka lettar wink

 

FaceBook
Facebook