1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

.be" rel="alternate">

Ørjan Bakkedal er ein naturinterssert ung kar! For to år sidan, då han var 14 år, snekra han sjølv ein uglekasse.  Han hørte kattugla i nærmiljøet sitt rundt hytta på Jøsneset, og tenkte "mon eg kan få ugler i kassen?" og hengde kassen opp.  Og jammen sann: uglene kom!  Og ikkje nok med det: I vår stifta Mor "Hukatta" og far "MakkaPakka"  storfamilie i kassen: både 1 og 2 og 3 og 4 små fekk de  !!  Og tenk - Ørjan er òg naturfotograf, så han har filma progresjonen inne i kassen. Klikk på bildet og sjå filmsnutten til Ørjan.  Koselleg ikkje sant ? Film: Ørjan Bakkedal


Foto: Kjellaug Hagen Bakkedal

Ørjan er like interessert i dyre-og fuglelivet ennå, og er ute og observerer livet i kassen så ofte han kan. Han ser rett som det er både  ørn og rev i nærleiken av kassen. Så ugleungane lever farleg!  Difor er det viktig at ugleungane får god mat av Hukatta og MakkaPakka slik at dei blir  store og robuste til dei nå skal ut å fly på eigen hand! .....ja, og om det var nokon som lurte på kva som står på menyen til ugleungar? ... ja, det er altså mus !  4 ugler - 4 mus - det har Ørjan dokumentert i filmen wink

Mor til Ørjan, Kjellaug Hagen Bakkedal,  er òg interessert - og fortel at det er veldig kjekt å følgje livet til uglene så tett,  Ho fortel òg at kattuglene er stadbundne og etablerer seg i nærleiken av oppvekstområdet. Kattugler legg 2-4 egg i slutten av mars og ofte tidligare. Egga ruges i 28-30 døgn og forlater reiret etter 29-32 døgn. Uglesangen til hannen : hoooo-hohohohohoooo-hooooo. Hunnen sin sang er kort og skarp: ki-vitt.  Ho fotel vidare at ungane kun kan filmast i kassen når de er små; Nå når de blir store og flyveklare treng de ro - og foreldrene er aggresive og passar på ungane ! Og det gjer òg familien Bakkedal!  

Mange av oss som bur her inne på Jøsneset har nok hørt ugla om kveldane. Men det er nok få av oss som har kome så nær som Ørjan og familien gjer.   Men når me er ute på kveldstur langs bygdevegen til vinteren igjen, og høyrer kattugla ule, så kan me tenke at dette kanskje er ein av ungane til Ørjan ?...... For når ugleungane er blitt orntlig store forlater dei territoriet til foreldrene og finn sitt eige.

Bravo Ørjan !!

FaceBook
Facebook