1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Fredag 12 april tromma foreldregruppa på Jøsneset skule og barnehage inn til skikkeleg KAKEFEST !! Det måtte feirast at dei nye leikeapparata blei ferdigmontert denne dagen ! Alle barna, besteforeldre og bygdefolk var invitert på kakefest, saman med gjengen frå Teknisk seksjon som avslutta monteringsarbeidet denne dagen. Det blei orntlig åpning med snorklipping av elevrådsrepresentantane Tania og Jakob og talar og gåveoverrekking frå rektor.

 


Det var kort varsel på invitasjonen (fordi plutselig ga Teknisk beskjed om at monteringsarbeidet skulle ferdigstillast)  Men flotte kaker kom på plass, og saft og kaffe likeså, og ein del av bygdafolket møtte opp saman med barnehage og skulen - og arbeidsgjengen frå Teknisk seksjon



Rasin takka i handa til arbeidsformann Hans Dalaker på Teknisk for vel utført leikeapparatmontering, og konfekt fekk arbeidsgjengen på deling. 

Jøsneset skule/barnehage har i mange år vore nokså "nedsleppte" i forhold til leikeapparat. Foreldregruppa, samarbeidsutvalet og rektor har jobba for ei betring av dette i mange år: det har ikkje vore priortert, og dei apparata som var  her, blei meir og meir sletne og tilfredsstilla ikkje dagens krav! Men endeleg blei det bevilga pengar; og i fjor blei nye, skikkelege apparat bestilte.  Nokre av apparata blei montert før jul, men den strenge vinteren sette stoppar for ferdigstillinga heilt fram til nå. Men NÅ passa det godt å få fullført jobben, og nå passar det òg godt med leik og moro for barn ute i den friske vårlufta !!!


Etter kake-etinga blei det fotballkamp i bingen: skuleelevane mot "dei vaksne". Ser ut som dei er like ivrige alle i hop; både rektor, arbeidarane frå Teknisk, bestefar og smågutane.... Men seieren gjekk til skuleelevane !! Det vart ein målrik kamp, der skulebarna vant 5-4 !! Bravo!  Det var dei stolte av, for spesielt karane for teknisk spelte kjempebra.



Wow ! Nå ser endeleg skulegarden ut som ein skulegard ! Med stødige, skikkelege og kjekke leikeapparat.


Me unnar virkeleg barna på skulen og barnehagen å ha kjekke leikeapparat !! Me høyrer rykter om at enkelte apparat (trur kanskje det er denne fuglerede-huska) er så populær, at det er laga "kø-liste" på den Wink.

Og det som er ekstra kjekt, er at leikeplassen her er heile bygda sin "nærleikeplass" og det kjem folk frå bygda, frå hyttefelt både her og frå Ombo for å spele fotball i bingen og leike om kveldane og i feriane... Så bravo: Nå blir det ENDA kjekkare å møtast i bingen !!!

Me oppmodar unge og eldre til å ta turen oppom og prøve å svinge seg litt i huska .......viss den er ledig då !?

Alle foto: Ingeborg Westersjø

FaceBook
Facebook