1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Denne vinteren har det vore usedvanleg mykje is i fjorden; og ein populær aktivitet for nokre veker sidan var å gå på skeiser frå Hauga til Førrebotn på den tjukke isen inn fjorden. Det er fleire tiår sidan det har vore mogleg. Men nå slepp isen....og det vårast. Slik såg det ut i Nesvik båthamn laurdag 09 mars.



Og her ser me isflaket frå Jøsenfjorden på veg ut Gardsundet. Det vart god austavind utover laurdagen, så isen fekk "fart på seg" og etterkvart stykka den seg meir og meir opp.  Elles ser me her den nye Bulyst-benken på Nesdalsfjellet! Ein vakker stad og ein god benk.....kanskje det blir "JA"-benken etterkvart Wink

Foto: Ellen Mari Fosså

FaceBook
Facebook