1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

BLI MED PÅ EI NYTTIG OG SOSIAL AKSJON – ME RYDDAR AVFALL LANGS STRENDENE VÅRE !!

Hjelmeland kommune har satt av pengar frå Havbruksfondet som skal gå til frivillige lag som bidrar med å rydde avfall langs kystsona vår. Jøsneset Bygdaråd har meldt inn ansvar for utvalde strandsonestrekningar på Jøsneset ,jf kart under. I tillegg til betaling pr registrert dugnadstime vil òg ein innlevert sekk avfall gi eitt lodd i KYSTLOTTERIET. Kystlotteriet er ein del av ein nasjonal aksjon Hold Norge Rent , og blir administrert i eit samarbeid mellom Naturvernforbundet og norske kommunar.  Jo fleire innsamla avfallsekkar, jo fleire vinnarsjansar !

Men det viktigaste av alt : du blir kjent i bygda di og gir eit godt bidrag til å halde desse nydelege strendene enda finare!

Me startar i nord – Ørevika nord for Øygarden i Knutsvik, og tar for oss opne strandstrekningar sørover. Første kveld : Mandag 2.september – oppmøte kl 17.00 v/Branngarasjen. Me organiserer kjøring derfra. Kan òg møte opp med båt i Ørevika ca 17.15.

Det vil nok bli behov for å gå fleire gonger. Nytt tidspunkt blir kunngjort på www.josneset.no og på Facebook-sida til Jøsneset.

Dersom du har lyst å rydde på eiga hand og/eller på andre eigne utvalde strekk, så er det supert - Dette kan du òg få lodd i lotteriet til og du kan få det registrert til Bydarådet si «dugnads-timeliste» - det gir pengar i kassen til Bygdarådet - så meld frå til Unni i Bygdarådet 403 94 743 viss du vil rydde på eiga hand.

Dei strekningane som Bygdarådet primært har vald ut er:

FaceBook
Facebook