1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Alle hadde gløymd tåka frå i fjor. Denne dagen 20.mai 2018  skein sola om kapp med nesten 200 deltakarar tilsaman.   Desse 5 er dei einaste som har deltatt på arrangentet alle 10 gongene !! Frå venstre Vebjørn Fosså, Roald Jensen, Rick Andre Opedal, Lene Hjorteland og Jakob Hjorteland Gbada !! Bravo - 

Ein fantastisk dag frå morgon til kveld !! Historisk: aldri har såå mange blide menneske vandra frå topp til topp på Jøsneset på ein og same dag. Og Jøsnesheia og Ryfylke viste seg frå si aller beste side denne dagen !!


Godt lag på Røssenibben - Foto Arnt Ove Skogly som driv bloggen TURANBEFALINGER  - takk for hjelp til blesting av arrangementet !  Les meir om Hardhausen på TURANBEFALINGER

Årets Hardhaus 2018 blei Sylvia Frafjord -
Årets 3-nut-vinnar. Andor Tennøy !

95 stk blei i år Hardhausar, dvs 95 stk gjekk alle 4 nutane.  75 stk gjekk 3-nuts tur  /eller i alle fall ein nut

Mange tok turen kun opp til Fosstemmen - der kakeselskapet var.

Nesten 100 av dei som deltok i år, gjorde det for aller første gong ! Då gjekk det unna på 1-års-krusa !!

Takk til Ellen Mari og Odd Fosså som hadde nøttestasjon på Gunlabu, med Ellen Maris 80 himabakte jødekaker som "fekk bein å gå på"
Takk til alle 5 kakebakerane:  kakene fekk òg så mange "bein å gå på" at det var ikkje noko igjen når dei aller aller siste deltakarane gjekk i mål. Men så var det òg dobbelt så mange deltakarar som tidlegare.
Takk til Sven Westersjø som var med å frakta opp/ned utstyr. Takk til frivillig kaffekokar, servitør og bålbrennar Brahim Gbada.

Ikkje minst: TAKK til alle dokke fantastiske deltakarar  - det var dokke som skapte dagen med sååå mange smilande, blide fjes !!


Arrangør: Jøsneset Helselag/Nasjonalforeningen for folkehelsen v/ Cesilie, Jarle og Svanhild.



Her finn du FLEIRE FOTO FRÅ ARRANGEMENTET

Fleire foto og info blir lagt ut etterkvart - .......når arrangøren er kome til hektene igjen :-D :-D

Well done alle sprekingar - me er mektig imponert !!

FaceBook
Facebook